Sa ja til nytt forum for hyttekommuner

Ja til nytt forum: Både Lars Kvissel (t.v.), Haldor Ødegård og Eivind Brenna tala varmt for at Vestre Slidre blir med i det nye Forum for fritidsboligkommuner. Foto: Tor Harald Skogheim

Vestre Slidre kommune vil bruke 12.000 kroner i året på medlemskap i det nystarta nettverket «Forum for fritidsboligkommuner».

Av Tor Harald Skogheim

 

Vestre Slidre: Saka om eventuelt medlemskap var oppe på sist møte i formannskapet. Det vart eit samrøystes ja til å bruke 12.000 kroner i året (pluss moms) til dette, med ei evaluering etter to år.

– Klart behov

Ordførar Eivind Brenna orienterte frå fyrste samlinga i forumet, som var i Flå i Hallingdal i slutten av oktober.

– Det er viktig å få tydeleggjort kva for utfordringar vi kommuner har. Konklusjonen var i alle fall at det er behov for eit slikt forum. Dette er i støypeskeia, og vi bør vera med, sa Brenna, som la til at ingen andre valdreskommunar førebels er medlemmer.

Felles utfordringar

Varaordførar Haldor Ødegård meinte dette var viktig å vera med på, og at det var fornuftig med ei evaluering etter to år.

Lars Kvissel, som også var på samlinga i Flå, var samd.

– Det kom tydeleg fram at det er mange utfordingar som er felles, og eg trur vi har mykje å lære av kvarandre, sa Kvissel.

Resten av formannskapet slutta seg til framlegget til vedtak om å bli medlem av forumet.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


one + twenty =