Bjørn Mathisen som ny vaktbikkje

Hytte i Valdres: Det har vore årsmøte i Valdres Hytteforum, fellessamanslutninga av hytteforeiningar i dalføret. Prioriterte arbeidsområde

Det har vore leiarskifte i Valdres Hytteforum, paraplyorganisasjonen for fem hytteforeiningar i Valdres.

Av Tor Harald Skogheim

Knut Nes gjev seg etter vel fem år som leiar, og overlet klubba til Bjørn Mathiesen frå Oslo, som sidan 2014 har vore leiar for Vestre Slidre hytteeierforening.

Samarbeidets mann

Mathiesen fortener eigentleg ikkje stempelet vaktbikkje, for sjølv om han skal passe på og fronte hytteeigarane sine interesser overfor kommunane, er han ein stillfaren samarbeidets mann. Dette har han vist tydeleg i Vestre Slidre, både i prosessen med å få til ein felles samarbeidsavtale med kommunen for velforeiningane i fleire ulike hyttefelt, og vidareføring av dette.

Ny leiar: Bjørn Mathiesen vart valt til ny leiar i Valdres Hytteforum etter Knut Nes. Foto: Torbjørn Moen

Markagrense i fjellet

Mathiesen håpar å kunne dra med flere i samarbeidet mellom hytteforeiningane i Valdres, sidan det er mykje av dei same utfordringane og problemstillingane som dukkar opp i alle kommunar.

Kort forklart samla årsmøtet i Valdres Hytteforum seg om desse innsatsområda:

Markagrense i fjellet, helse på hytta, samferdsel og infrastruktur, løyper og stiar samt kravet om at delar av eigedomsskatten skal settast av til hytterelaterte føremål.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


17 + 8 =