Lærer folk å unngå snøskred

Snøguide: Jamie Simpson i Valdres fjellguider har losne ei blokk i snløen, og konstarert at skredfaren er låg.

Det er inga skam å lære seg noko nytt. Sjølv for erfarne fjellfolk, meiner Jamie Simpson i Valdres fjellguider.


Tekst / Foto: Marianne Granheim Trøyflat


– Nitti prosent av dei som blir tekne av skred, har løyst det ut sjølv. Det er ikkje noko som kjem uforvarande og tek deg, seier Jamie Simpson.

Simpson, som opphavleg er frå England, er svært oppteken av turar og tryggleik i fjellet. Dette har resultert i bedrifta Valdres fjellguider. Her skal han mellom anna lære folk korleis dei kan unngå å skape dei livsfarlege rørslene i snøen til fjells.

Den eventyrlege snøen
Simpson har invitert til demonstrasjon ein tysdags føremiddag i området rundt Krististølen ved Vaset. Han kan knapt slutte å snakke om kor spennande det er med snø.

– Folk ser berre kvitt i kvitt. Men om ein byrjar å grave i snøen kan ein finne mykje historie. Snøen fortel mykje om korleis vêret har vore, påpeikar Simpson.

Himmelretning, vær og vind
Simpson teiknar ei pil i snøen. Den peikar mot nord. Han markere eit område rundt pila og seier at i den retninga er det mest skredfare i dag. Ikkje lett å forstå for uerfarne fjellfolk, men fjellguiden held fram med å forklare.

– Det handlar om at vind transporterer snø. Skredfaren blir vurdert i trekanten mellom vær, snø og terreng, fortel han.

Lag på lag med fare
Simpson legg til at det finst ein app ein kan laste ned, som heiter Varsom. Denne fortel om skredfaren i det området du har tenkt deg ut i. Det skal altså ikkje vera naudsynt å gjera ei meteorologisk analyse på eiga hand. Men litt kan det jo vera greitt å kunne likevel.

Kva har til dømes skjedd med snøen når han blir utrygg? Simpon byrjar møysameleg å grave ei grop i snøen, medan han forklarer.

Kombinasjonen av harde lag med svake lag imellom, er ikkje bra.

– Fleire lag enn tre tyder på fare, fortel Simpson.

Og så er det nokre skumle krystallar. Fjellguiden grev seg heilt ned til bakken for å vise dei fram. Harde krystallar som formar seg sjølv lengst nede under snøen. Dermed kan all snø som har liggje ei stund, i prinsippet bli skredfarleg.

Panorama: Jamie Simpson undersøker snøen, for å avdekke skredfare i området. Han har med seg utstyret som trengst om eit skred faktisk skulle oppstå: Spade, søkestong og skredsøker.

Etablert på småbruk i Valdres
Snøentusiasten kjem frå området Lake district i England. Han er utdanna geolog, har jobba med skredvarsling i Skottland, og kom etter kvart til Noreg.

Ei stund jobba han for oljeindustrien i Bergen, men kom på andre tankar.

– Det var ein god jobb, men eg vart lei av å sitja på kontoret, fortel han.

I dag er han og sambuaren Siri etablert på eit småbruk i Vestre Slidre, og bedrifta Valdres fjellguider er eit faktum.

Simpson har hatt fleire skredkurs i vinter, og reknar med å halde fram denne verksemda i Valdres.

– Eg likar å treffe folk og gå på tur, forklarar han.

Ei prøve for dei øvde
Skredkursa som Simpson held, er ikkje i farlege område. Som oftast er det under tretti grader helling, som er den magiske grensa. Når det blir brattare enn dette, kan både den eine og den andre få seg ei overrasking.

– Folk i Noreg er ofte spreke, har bra utstyr og god teknikk mellom tjue og teretti grader. Men frå tretti grader og oppover, må du ha svært god teknikk, understrekar Simpson.

Han har kurs både for nybyrjarar og øvde fjellfolk. Derfor kan han også variere kva terreng han tek folk ut i.

Opptur og nedtur
Det menneskelege aspektet, og gruppedynamikken blant dei som deltek på kurs, har etter kvart vorte svært interessant for grunnleggjaren av Valdres fjellguider.

– Oppover er folk spreke. Nedover kan det bli annleis, da byrjar dei å sjå på kvarandre, konstaterer Simpson.

For i fjellet skal ein ha sjølvtillit, men ikkje hovmot. Ein skal kjenne seg sjølv, og vera snill mot andre. Men også gje dei ein ekstra puff, om ein ser at motet skortar i siste sekund.

God motivasjon for ei fjelloppleving er viktigare enn å vera førstemann fram, meiner Simpson.

Når snøskredet kjem
Men så, om ein trur har gjort alt rett, og det verste likevel skulle skje, eit skred kjem rett imot, kva i all verda skal ein da gjera?

– Du må prøve å halde deg på toppen, seier Simpson og gjer symjerørsler med armane.

Snøen kan fort overmanne. Simp­son viser også korleis ein skal halde hendene framfor andletet, slik at ein får luft til å puste mellom snømassane.

Simpson viser fram både ei søkestong, ein skredsøkar og ein spade som er gode reiskapar å ha om ulukka først er ute. Men han åtvarar mot å tru at det åleine gjev tryggleik.

– Den som ligg under snøen kan kvelast, så ein må ikkje brke for lang tid på å setja i stand utstyret. Dei femten første minutta er avgjerande. Og er nokon gravlagt lengre ned enn to meter, er sjansen for å overleve lik null, åtvarar ein erfaren fjellførar.

Farleg vakkert: Desse overflatrime-krystallane, som blir til om natta når det ikkje er skyer eller vind, er dei aller farlegaste, forklarar Jamie Simpson. Dei formar eit svakt lag som fort kan utløyse skred. FOTO: Privat.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


1 + sixteen =