
Arbeidsamt, men ikkje kjedeleg, seier dei som nyleg har teke over stølsysteri utan innlagt straum.
Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat
Breiset: – Anny, ser det bra ut no? Anna Karoline Ness står over ystekjelen der hundre og åtti liter spenevarm mjølk sakte, men sikkert, skiftar konsistens. Mjølk, løype og syrekultur går i løpet av få skilsetjande morgontimar, over til å bli ostestoff og myse. Ingen e-stoff er tilsett, ingen pasteurisering har kome på tale.
Avhengig av svigermor
Anny Fodnes kjem springande til. Prosessen har gått litt saktare i dag enn han brukar å gjera. Eit dieselaggregat durar i bakgrunnen. Anna Karoline har rørt med ei harpe og hatt temperaturen der han skal vera. Men sikker er ho likevel ikkje. Derfor er det greitt å ha nokon med røynsle i bakgrunnen.
– Eg er heilt avhengig av svigermor, henne kan ein spørja om alt. Vi samarbeider veldig godt, fortel Anna Karoline.
Anny er glad for å hjelpe til, men seier ho ikkje har problem med å sjå at andre tek over styring.
– Det er kjempebra at dei vil halde fram, konkluderer ho, og seier ho og mannen, Geir Harald Fodnes, har kjøpt seg nytt bruk. Der er dei i ferd med å byggje opp eigen drift med bringebærproduksjon og sau. Så da er det kanskje greitt å la yngre krefter ta over stølsysteriet.
Mange jern i elden
Erik Fodnes var odelsguten på Strandmo på Leira, og for to år sidan tok han over gard, grunn og støl saman med kona Anna Karoline. Anna Karoline kjem opphavleg frå gard i Trøgstad i Østfold, og hadde mellom anna røynsle med grisar. Så da starta dei like gjerne opp med det også.
Til vinteren ventar ein produksjon med tjueto mjølkekyr, der planen er at noko av mjølka skal gå til levering hjå Tine, og noko skal gå til ysting heime på garden.
I tillegg er vedproduksjon, bygdeservice og vaktmeistertenester i Oslo med og utgjer næringsgrunnlaget. Nokon vil kanskje synast dette høyrest travelt ut.
– Det er arbeidsamt, men ikkje kjedeleg, seier Erik og presiserer at han har god hjelp av både foreldre og tilsette på garden.
Ser lyst på framtida
Erik fryktar ikkje nedgangstidene i landbruket. Han har lyst til å satse, og trur det er ei føremon at ein spreier kreftene på ulike prosjekt.
– Eg ser veldig lyst på framtida. Inntil vidare. Når ein kan stå på fleire bein, blir ein mindre sårbar. Men eg har også tru på å levere til Tine. Det er ikkje alle som kan eller vil foredle sjølv, seier han, og meiner især stølsmjølka, med det unike beitet er mykje verdt.
– Det er stor skilnad på stølsmjølk og anna mjølk, meiner han.
Lærer litt om senn
I ystekjelen er den rette konsistensen i ferd med å ta form.
– Med ein gong eg sluttar å røre, blir det gulgrøn væske der. Da søkk ostemassen til botns, forklarar Anna Karoline.
Ho har lært det meste av svigermor, og har teke ystekurs i tillegg.
– Eg er under opplæring. Noko gjer eg fordi Anny gjer det. Andre ting fordi eg kan noko om det, seier Anna Karoline og smiler.

Eksklusive stølsprodukt
Anny tvilar ikkje på kunnskapane hjå dei som er yngre, men presiserer at det trengst folk på stølen sommarstid.
– Dei kan alle prosessar, men det er behov for fleire hender, fortel ho.
Utanom alt det praktiske med ystinga, kjem pakking og lagring, kundekontakt og ikkje minst fjøsstell. Det er dessutan ikkje berre ost det går i, men også brim, pultost, rømme og smør.
– Smør og rømme er kjempepopulært. Eg vil seia det er eksklusive produkt. Det blir heilt spesielt når ein får nytta mjølka i fjellet slik, meiner Anny.
Brimkoking med sirup og fløyte
Ostemassen blir samla opp av kjelen, og mysa, væska som er att etter osten, blir brukt til å koke brim.
Brimkokinga føregår i eit anna hus, og Anna Karoline fyrer opp brimkjelen med ved. Ein fyrar ikkje med straum på dette stølslaget.
I brimen skal også fløyte, mjølk, sukker og sirup. Ikkje noko lettvint produkt, det heller.
Til skilnad frå kvitosten, som skal lagrast eit års tid, kan ein gå laus på brimen etter få dagar.
– Vi har problem med å lage nok brim, seier Anna Karoline, som fortel at alt dei produserer går unna.
Populært reisemål
Breiset er ikkje er det mest strategisk plasserte stølslaget i Valdres. Det går ein veg opp, og same vegen må ein ta ned att. Vegen går opp frå Heggelund på vestsida på Leira.
Men kundane tek altså turen likevel.
– Nokre kjem fordi dei har støla her, nokre er turistar og nokre kjem fordi er opptekne av å vite om kvar maten kjem ifrå. Det er mange som handlar hjå oss, og det har auka dei siste åra, fortel Anna Karoline.
Alt tyder på at dette er ei bedrift i framgang. Anna Karoline og Erik har iallfall pågangsmot og motivasjon, og det er ikkje noko einsamt liv dei har valt.
– Vi er glad i å jobbe, begge to. Vi trivst med dyr og med folk, og det er moro å kunne skape sitt eige. Det er mange som kjem for å hjelpe, og det er alltid nokon her til lunsj. Vi er sjeldan åleine, seier budeia.
Skriv en respons