– Gjerder er følsomt tema

Får ros: Vestre Slidre kommune har vedteke ei noko meir imøtekomande tolking av reglane om inngjerding av hytter.

Leiar Bjørn Matiesen i Vestre Slidre hytteeierforening ser vedtaket i saka om hyttegjerde som eit positivt steg.


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


Vestre Slidre: Kjernen i kommunestyresaka sist veke var kor mange kvadratmeter rundt hytta det er lov til å gjerde inn.

Opnare tolking
Ulik ordlyd i mange planar har gjort reglane utfordrande å tolke. Etter ei synfaring nyleg gjekk formannskapet inn for ei tolking som tillet å gjerde inn 500 kvadratmeter i tillegg til bebygd areal på tomta. Dette slutta kommunestyret seg til sist veke. Eit viktig argument var å redusere eit muleg konfliktnivå, utan at det går for mykje ut over beiteretten.

– Sprikande syn
Mathiesen seier at gjerdespørsmålet er eit tema med mange meiningar og sterke kjensler, og at han er glad for at kommunen førebels har strekt seg så langt.
– Sprikande syn må vi nok leva med, men vedtaket sikrar ei meir lik handsaming av alle søknader om inngjerding av hytter. Og 500 kvadratmeter medrekna areal på bygningar har vore lite, spesielt ved store hytter, seier Mathiesen.

– Litt skuffa
Mathiesen er litt overraska over at hytteeigarforeininga ikkje fekk vera med på synfaringa formannskapet hadde i saka om hyttegjerde, spesielt sidan dei fekk vere med på den breie synfaringa kommunestyret hadde i august.
– Samarbeidet som er etablert mellom Vestre Slidre kommune og hytteeigarforeininga er særs positivt, for begge partar, og eit førebilete for andre kommunar. Nettopp difor er eg litt skuffa over at vi ikkje vart inviterte med på synfaringa då eit så sentralt tema som inngjerding av hytter var oppe, seier Mathiesen.

Mange felles interesser
Han legg til at vedtaket i saka er eit steg i rett retning, sett frå hytteeigarperspektivet. Mathiesen imøteser vidare dialog på dette feltet i komande planarbeid.
– Vi er deltidsinnbyggjarar som ynskjer å leve best muleg saman med bygdefolket. Vi har mellom anna ei felles bekymring rundt attgroing, så dyr på beite treng vi verkeleg, seier Mathiesen.

– Vore på høyring
Ordførar Eivind Brenna seier det ikkje var naturleg å invitere med på akkurat denne synfaringa.
– Det er mange partar i ei slik sak. Den har vore på høyring der alle berørte, også hytteeigarforeininga, kunne gje uttale. Vedtaket i saka vart i stor grad basert på samandrag av innspela, også frå mellom anna beitelaga. Men det gode samarbeidet med hytteeigarane held fram, seier Brenna.


Inngjerding av hytter:

  • Dei fleste reguleringsplaner har reglar om mulege gjerde
  • I hytteområda ka nein stort sett gjerde inn 500 kvadratmeter, men tolkinga har vore ulik
  • Kommunestyret har bestemt at dette er i tillegg til byggareal
  • Krav om korridorar på minst fire meter mellom gjerde i felta
  • Hytteeigarforeininga ser positivt på vedtaket, men skulle gjerne ha vore med på synfaringa
På synfaring: Bjørn Mathiesen ( nr to frå høgre) i hytteforeininga var med på synfaringa kommunestyret hadde i august.
På synfaring: Bjørn Mathiesen ( nr to frå høgre) i hytteforeininga var med på synfaringa kommunestyret hadde i august.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


three × 4 =