På Skreddalsfjellet

Mektig: På høgdepunktet 1398 vest på Skreddalsfjellet, med utsyn mot Vinstervatnet, og mot Falketind og andre toppar og tindar i vest og nord.

Vestover frå Skaget går ein fjellrygg med lettgått terreng og med fine utsyn mot vidder og vatn, toppar og tindar

Sommarnyheitene har vore prega av tallause redningsaksjonar ved spektakulære turmål som Besseggen, Preikestolen og Trolltunga.


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


Selfie-faktoren er nok ikkje like høg på Skreddalsfjellet, og langt færre facebook-likes, men ein tur her er ei minst like stor naturoppleving. Og forresten, vi var inne i Langsua nasjonalpark godt og vel halve turen!

Skreddalsfjellet
Skreddalsfjellet

Siste støl med kyr
Stølen sørre Skreddalen var utgangspunkt for runden vår no tidleg i september. Hit inn kjem du på Vinstervegen, som går opp i Skammestein.

I sørre Skreddalen er det no berre Nordtorp som har kyr. Stølen ligg lunt til på sørsida av ein markert knaus. Rett nedanfor ligg Storetjednet og det litt mindre Skreddalstjednet, som stølsfolket alltid har kalla Solskinns-tjednet, fortel John Nordtorp.
Brodtekst_Innrykk-VA: No character style: Vide vidder strekkjer seg utover, og mot sør er det utsyn til blant anna Grønsennknippa og Skogshødn.

Tok stien austover
Fleire stiar startar frå stølen, «vår» sti er underleg nok ikkje merka av på noko kart, sjølv om den er veldig tydeleg, og dessutan lett og fin å gå.

Stien startar på oversida av gjerdet til den øvre stølen, og held høgda austover rundt knausen, i retning Svarthamartinden og Skaget.

Ein annan sti, den som er innteikna på kartet, går brattare på skrå opp sjølve knausen og innover myrene.

Blåbærstund
Vi har ikkje gått mange metrane før det blir stopp. I dei lune, sørvendte skråningane står det tett med stor, fin blåbær, heilt umuleg å gå forbi. Det blir plukking rett i munnen, kanskje aller trivelegaste forma for bærplukking. Litt etterpå skremmer vi opp ei rype, den einaste vi har sett i sommar/haust. Vi kryssar ein tydeleg bekk, og ei stund seinare ein til. Så opp ei kort bratte, og rett bak grusryggen er det eit stikryss. Stien rett fram fortset oppover i retning «Høge fjellet» og vidare austover mot Svarthamartinden, i triveleg terreng, det veit vi frå før.

Ein meir utydeleg sti til høgre, mot søraust, er den gamle T-merka stien frå den for lengst nedlagte turisthytta Kjølabu på øystre Kjølastølen.

Sørre Skreddalen: Stølslaget ligg idyllisk til, med utsyn mot vatn og vidder, og mot fjella i Vang.
Sørre Skreddalen: Stølslaget ligg idyllisk til, med utsyn mot vatn og vidder, og mot fjella i Vang.

Nasjonalparkgrensa
Vi tek i staden til venstre, på tydeleg sti som fylgjer ein turr rygg i retning mot høgde 1414 på Skreddalsfjellet, som blir kalla Godtumen. Av kartet ser vi at vi no går omtrent akkurat på grensa for Langsua nasjonalpark.

Stien vår kjem etter kvart inn på den andre stien frå sørre Skreddalen. Den går over lågaste på Skreddalsfjellet, vidare ned og forbi Titrebue, og mot demningen ved Bjødnhølen. Vi fylgjer stien nesten til tjern 1290 før vi tek rett vestover og går på tørre lyngbakkar oppover mot Godtumen. Oppi stigninga blir det triveleg matpause i varm sol før vi held fram til toppen .

Fjellstafetten
Godtumen er også i år ein av toppane i Fjellstafetten i Øystre Slidre, og ved den store varden skriv vi oss inn i turboka. Det høyrer med sjølv om vi aldri har besøkt alle toppane i Fjellstafetten, det er for mange andre mål som lokkar, også på sykkel eller i kajakk.

Falketind og Surtningssue
Sola har teke seg ein pause, men vi kan likevel nyte utsynet, ikkje minst mot dei mektige vatna i nord, Vinstervatnet og Sandvatnet/Kaldfjorden.

I vest skin sola framleis på Falketind og Hjelledalstind, noko nærare er dei kjente profilane av tindane nord for fjellsjøen Bygdin. Surtningssue med den sørvendte breen er òg lett å kjenne att, det same gjeld Glittertinden.

Topp etter topp
Vidare vestover går turen opp og ned over fleire høgdepunkt. Underlaget er nesten berre gras- og lyngbakke, utruleg behageleg å gå på.

Ned frå toppen på 1397 meter, lokalt kalla Fagerdalsknappen, held vi litt nordover for å unngå den stupbratte vestsida med skikkeleg steinurd. Vi kjem ned i øvre del av Fagerdalen, går på nordsida av det vesle, smale tjednet (1306 m) som ligg heilt blankt, og tek fatt på stigninga mot ei ny høgde.

Kvilestein: Utsyn austover mot Fagerdalsknappen (nærast) med Godtumen rett bak, vidare Skaget og Svarthamartinden.
Kvilestein: Utsyn austover mot Fagerdalsknappen (nærast) med Godtumen rett bak, vidare Skaget og Svarthamartinden.

På Skindrofjellet
Vi kjem no opp på Skindrofjellet, og ser bort mot den vesle varden på toppunktet 1398 meter. Ruta dit gjev seg sjølv, vi fylgjer tydelege dyretråkk på nordsida av ei myr, som på kartet er teikna inn som eit tjern (1369 m).

Frå toppen her får vi finaste utsynet på heile turen. Og når sola dessutan slepper seg laus att blir det lang og god pause med te og havrekjeks.

Klatrestein
Vi snur nasen heimover, og fylgjer tydeleg tråkk/sti på sørsida av den før nemnte myra. Snart passerer vi ei fleire meter høg steinblokk, på storleik med Hallingsteinen på Smådalsfjellet i Vang. Plasseringa her i sida på Skindrofjellet er nok ikkje like spektakulær, men også her er det utfordringar for små og store med klyvetrong.

Vi held litt til høgre utover eit nesten flatt parti, etter kvart blir dette til ein vid rygg nedover mot sørre Skreddalen. Vi fylgjer ein tydeleg sti som heller ikkje er avmerka på kartet.

Litt før stølane kjem vi ned på sti frå nørre Skreddalen og fylgjer denne attende til bilen. Fire herlege timar ute!




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


nine + three =