5 mil på skareføre rundt Langsuene

På skareføre: Fantastisk vêr og føre ved Klantebu, med Skaget lysande bak.

Turen i mars 2007 er ein av dei flottaste eg har hatt i heimfjella.

På tur med Tor Harald Skogheim

Søre og nordre Langsua er to markerte toppar over 1500 meter som ligg rett aust for Skaget, inne i det som frå 2011 heiter Langsua nasjonalpark.

Vide vidder

Som så mange gonger før starta skituren frå den store, avgiftsfrie parkeringsplassen på Selstølhøgde innafor Yddin. Herfrå strekkjer vide vidder seg mot Skaget og Svarthamartinden i nord, og mot Buatinden, Marsteinhøgde og Langsuene i aust.

På fjellski

Over viddene forbi Vesleskag står restar av ei permanent merking sett opp på 90-talet, Espedalsløypa. Mange av stakane er blitt borte, så det er ikkje å lite på i dårleg sikt.
Men denne marsdagen i 2007 var det knall sol og skare, og på fjellski med stålkant gjekk eg kvar eg ville.

Vesterheimsbua: Enkel, open hytte eigd av Gausdal fjellstyre, ved foten av Søre Langsua

Mot Vesterheimsbua

Bua i munningen av Langsudalen, mellom Søre Langsua og Marsteinhøgde, var høveleg plass for fyrste matpause, etter 1,5 time på farten. Medan eg sat der kom ein sambygding skøytande oppom på lette, smale ski. Han hadde hatt seg ein tidleg, god runde, og var på heimveg.
Eg held fram austover forbi Plankebu og etter kvart i stigning opp til Vesterheimsbua. Ho ligg høgt og fritt nesten oppunder foten av søre Langsua. Bua er eigd av Gausdal fjellstyre og står open, så eg kikka innom.
Eg kom i hug at kona og tre venninner fekk ei nødovernatting her i dårleg vêr for mange år sidan, på tur mot Storkvelvbu. Det vart ei hustrig natt, med berre to soveposar å dele på.

Hyllefjellet: Sett frå nordsida av Massingholet

Over Hyllefjellet

Den ruta vi vanlegvis tek vidare mot Storkvelvbu går over høgdedraget nord for bua, og ned i Massingholet. Her gjorde eg ein vri, for det var spanande å stikke oppom ein markert kolle på Hyllefjellet, utløparen søraustover frå søre Langsua. Flott utsyn herifrå, og flott trasé nordover mot Massingholet når eg sleppte meg litt ned på austsida av Hyllefjellet, som ber namnet sitt med rette, ikkje minst sett frå nord.
Vidare fører ei brei skråhylle opp mot og forbi den bratte sørenden av nordre Langsua.
Her opna det seg ei vidt område, Storkvolven, med DNT-hytta Storkvelvbu fem kilometer mot nord. Denne dagen var det lett å finne fram, men fleire har erfart at området kan vera vanskeleg å orientere i når gråvêret set inn.

I Langsudalen: Mat- og smørepause før stigninga opp på nordsida av Marsteinhøgde.

Kryssa Langsudalen

Skaren var like fast, men for ikkje å utfordre skjebnen stakk eg over fjellryggen mellom Semmelhø og nordre Langsua i staden for å gå heilt nord til Raudgrova. Oppe på ryggen vart det herleg utsyn mot fjella nord for Sandvatnet og Vinstervatnet og mot tindane vest for Valdresflye.
Vidare vart det lett og fin ak ned mot DNT-hytta Skriurusten som ligg i eit lite bjørkbelte nordaust i Langsudalen. Herifrå er vanlegaste ruta attende mot bygda å gå opp dalen, men klokka var berre litt over eitt, så dette var uaktuelt! Men det gjekk snøgt og lett på flatene tvers over dalen, til det vesle bjørkebeltet på vestsida.
Her vart det matpause i steikande sol, og nytt lag med skareklister.

Bak Buatinden mot Klantebu

Planen no var å gå opp dalsida, og så på nordsida av Marsteinhøgde og Buatinden mot Klantebu. Også her var det eventyrleg fint, både vêr, føre, utsyn og natur rundt.
Nokre ryper letta øvst i bjørkebeltet, elles var spor etter hare og rev einaste teikn til liv. Ikkje eit menneske hadde eg sett dei tre siste timane, og skispor berre ved Skriurusten, eg kunne nyte alt dette heilt åleine.
I den vesle bakken opp mot Klantebu blenkte sola i skaren på baksida av Skaget, og det var framleis knapt ei sky på himmelen.

Drikkepause: I starten av turen, med Skaget bak.

Rundt Skaget

Klokka var enno ikkje tre, så i staden for å gå beinaste vegen heimover, som er aust for Skaget og forbi Storeskag, valde eg å gå opp stigninga og rundt Skaget på vestsida.
Det er drugare opp her enn det ser ut til på avstand, og det var dessutan litt slitsamt å gå i skrått terreng på skaren som framleis var hard her det er nordvendt. Men etter kvart flata det ut framover mot Skagstrøne mellom Skaget og Svarthamartinden. Derifrå vart det nesten berre å stå og ake dei 6-7 kilometrane ned mot Robølstølen og Kjølaåne.
Frå brua skrådde eg gjennom eit lite bjørkebelte og over flatene rett mot parkeringsplassen på Selstølshøgde. Klokka nærma seg halv fem, men enno held skaren fint, sjølv om det no vart tydelege spor etter meg.

Eg hadde vore på farten i sju timar, om lag seks timar gangtid, i brukbar turfart, men utan å jage på. Det hadde vore ein utruleg flott tur, på bortimot fem mil, og altså på fantastisk lett og godt føre.

Fin runde: Med start frå Selstølhøgde innafor Yddin gjekk turen til munningen av Langsudalen, så rundt Langsuene og bak Marsteinhøgde, Buatinden og Skaget.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


one × 2 =