Skieventyr på vidder og toppar i Valdres

På eventyrleg rundtur: Øvst på Mjølkedalsbreen, mot Uranostinden (t.v.) og Urdaknatten

Kvifor er det så få som søkjer opplevingar utanfor dei preparerte løypene – på vide vidder og mot flotte toppar?

På tur med Tor Harald Skogheim

Valdres har hundrevis av kilometer med preparerte spor i skogsterreng og snaufjell, noko særs mange nyttar seg av. Men kva med alt det ubrukte terrenget?

Randonee eller fjellski?

Rett nok har trenden med randonee-utstyr fått fleire ut i meir jomfrueleg snø, men Valdres har noko avgrensa mulegheiter for turar der du kan gå rett opp og så ake att, slik som på Vestlandet og i Nord-Norge.
Vanlege fjellski, ikkje for breie, er etter mi meining klart beste valet på vidder og kupert terreng, også ved lange anmarsjar mot toppar. Spesielt når skia har eit praktisk feste for kortfell. Desse fjellskia har eg også brukt ved besøk på tindar som Store Ringstind og Storebjørn på Sognefjellet, sjølv om brattaste nedkjøringane blir litt meir krevjande.

Her er nokre tips til deg som søkjer opplevingar utanfor oppkjørte spor:

Ved Sulebu: Folk på dagstur i oppkjørt løype tek matpause ved DNT-hytta Sulebu, med utsyn over viddene mot Suletinden.

Ved Sulebu på Filefjell

Frå skisenteret går det preparert rundløype inn til DNT-hytta Sulebu, som kan vere base for turar.
Ein tur er å lage eigne spor gjennom Suleskar og rundt Sulefjellet, eventuelt også gå frå skaret til toppen av Suletind og/eller Sulefjellet.
Eit anna tips er å gå sørover frå hytta, over Sulevatnet og til topps på Høgeloft (1920 m) frå nord. Returen vår gjekk den gong via Suleskar.
Elles byr viddene vestover og austover frå Sulebu på kupert terreng og mange lågare toppar.
Ved skisenteret, også nord for E16, er det terreng for randonee. Søk råd!

Mot heile Jotunheimen

Til DNT-hytta Slettningsbu nord på Filefjell er det stikka løyper, både frå sør og nord. Kortaste anmarsj er frå Torolmen på fv. 53 Tyin – Årdal.
Nært turmål er då Slettningsegge (1524 m), med utsyn mot «heile» Jotunheimen i finvêr. Frå hytta har vi også hatt vårskitur heilt til Berdalseken (1814 m) langt i vest, gjennom utruleg variert høgfjellsterreng.

Jomfrueleg terreng: Alltid spanande med nye turmål, her på veg mot Rjupeskareggen nordvest på Filefjell.

Nord for Smeddalen

Heilt vest på Filefjell, på nord- og vestsida av Smeddalsvatna, er det flott skiterreng for dagsturar, til dømes mot Rjupeskareggen (1553 m) og øvre og nedre Salen som vi besøkte i januar for eit par år sidan.

På Eidsbugarden: Mot hotellet (t.v.) og Fondsbu, med Skinneggen bak.

Rundt Eidsbugarden

Frå midt i februar til cirka 1. mai er det ope på DNT-hytta Fondsbu og på hotellet på Eidsbugarden, og dagleg rute med beltebilar inn.
Området har mykje å tilby dei skiglade, også merka rundløyper og løyper til andre DNT-hytter.
Randonne-folket (og nokre andre) siktar seg gjerne inn mot tindar som Galdeberg, Slettmarkkampen og Uranostinden.
Kanskje flottaste turen, og like gjerne på fjellski, er å gå runden opp Mjølkedalsbreen og ned att Uranosbreen. Då får du med deg det meste!

Mot tomashelleren: Snart framme ved DNT-hytta, etter flott tur frå Rauddalen over Slettefjell og Rynstjedn.

Aust for Tyin

Frå Eidsbugarden går stikka løype austover mot DNT-hytta Yksndalsbu sør for fjellsjøen Bygdin. Ruta går vidare mot Bygdin og Beitostølen.
I det store og herlege høgfjellsterrenget sør for fjellsjøen Bygdin og aust for Tyin ligg elles DNT-hytta Tomashelleren fantastisk flott til. Hit kan du gå frå ulike utgangspunkt, til dømes frå skianlegget i Raudalen og over det vide Slettefjellet.
Her er ellers dagsturen til Mugnetind (1750 m) eit «must» kvart år.

Ved Bygdin: På tur ned frå Synshødn, med Bitihødn kneisande bak. Foto: Anders Kvist Dahl

Turar frå Bygdin

Bygdin Høifjeldshotell har ny satsing med nye eigarar. Det er no open bilveg heilt inn, og vinterope frå midt i februar til 1. mai.
For randoneekjørarar er Bitihødn og Synshødn fine mål for gode opplevingar. Frå hotellet er det også greitt mot Kalvehøgdene (2208 m) og Rasletind, med over 1100 høgdemeter ned att. Desse turane går ganske greitt også med vanlege fjellski.
Vi kan elles minne om at Torfinnsbu, ved foten av Torfinnstindane, no er DNT sjølvbetjeningshytte.

Midtvinterslys: Skitur på Valdresflye 21. november, bak er Gråhøe (t.v.), Gluptindane og Store Nuten.

På Valdresflye

Når vegen over Valdresflye opnar etter vinterstenging, seinast 1. april, blir det muleg med mange slag turar på vidder og mot toppar.
Med start på Flye, 1400 meter over havet, kan du ta ganske flate og lette rundturar, eller gå mot vest, og til Rasletind og Kalvehøgdene.
Aust for vegen er terrenget snillare, fint med turar rundt Gluptindane eller til topps på Gråhøe (1779 m).
Kjører du til Heimdalsmunningen, rett på nordsida av Valdresflye, kan du gå innover i Leirungsdalen, med høge tindar på begge sider.
Vil du til topps er Høgdebrotet og Steinflytind, austoppen på Tjørn-holstinden, fine turmål. På austsida av vegen kan du gå i slak stigning til Heimdalshøe, der nesten ingen andre går. Nedkjøringane frå alle desse toppane går fint også med fjellski.

I kuling: På tur gjennom Langsudalen, på veg mellom DNT-hyttene Skriurusten og Storeskag.

Rundt Skaget og Langsuene

For den som er glad i fjellski og «öppna landskap» er fjellviddene på austsida av Øystre Slidre, innover mot Langsua nasjonalpark, eit godt val.
Frå Heggenes ved fv 51 går sideveg mot Robøle, og bomveg vidare forbi Yddin Feriehytter til stor parkeringsplass på Selstølhøgde. Herifrå kan du ta korte eller lange dagsturar i alle retningar, blant anna på eller rundt Skaget (1686 m).
Mot aust ligg toppane Langsuene, og fleire DNT-hytter, som betjente Liomseter og sjølvbetjente Haldorbu, Skriurusten og Storkvelvbu.
Lenger nord er DNT-hyttene Storhøliseter og Oskampen, og du kan kome deg heilt til Gjendesheim. Runder på to til fem dagar er muleg å få til her.

I eigne spor: På veg tilbake mot Bjødnhøvd etter januarbesøk på Grønsennknippa.

Syndin, Vaset og Nøsen

Gilafjellet og Bukonofjellet byr på bratte og tunge oppstigningar, og til dels lang anmarsj, men ned att kan randoneekjørarar verkeleg kose seg – om dei passar seg for skredfaren.
Mange oppkjørte løyper kryssar fjellviddene sør for Vaset og Gomobu og aust for Nøsen, men også her er det rom for gode opplevingar i eigne spor på vide vidder, og med flotte utsyn.
Til topps kan du også koma, fleire gonger har Grønsennknippa vore turmål, også i januar og februar. Då har turen gått inn frå løypa ved Bjødnhøvd, over myrene mot sørvest, opp mellom Nøsakampen og Svenskeknippa, og vidare til toppen.

Til Nystølvarden

Frå Sanderstølen i Tisleidalen går det løyper sørover forbi Hølstølen. Vidare opp i Nystølsfjellet blir det kjørt meir sporadisk, her hadde vi ein utruleg flott tur, i herleg lys, midt i februar for mange år sidan. Då var vi blant anna oppom toppen på Nystølvarden (1296 m).

Triveleg: Mot Djuptjernkampen (t.v.) og Solskiva.

Djuptjernkampen og Spåtind

Eit par minnerike skiturar starta i ei rundløype frå Lenningen fjellstue. Eine gongen stakk eg opp i snaufjellet nær Hundslægret, andre gongen frå løypa ved Tronhus. Etter litt slit opp bjørkelia vart det begge gonger herleg tur inn mot Djuptjernkampen, så austover til Røssjøkollane, og rett ned att bjørkelia i ganske så djup laussnø, men lettare enn opp!
Frå Feplassen langs vegen inn mot Lenningen startar ei løype som utpå vinteren går heilt til Spåtind (1414 m) i Synnfjellet. Eit par gonger har eg fylgt denne opp, men lagt nedturen etter eige hovud, rett mot vest. Det har vore fint og spanande, sjølvsagt utan å «jukse» med å bruke gps.

Hedalsfjella: Fint innover mot Surtind.

Frå Fjellstølen til Vassfaret

Frå Ellingsæter og frå Hellebekk har eg hatt fine turar både i Bjødalsfjellet og Raudalsfjellet. Ofte langs oppkjørte løyper i starten, men deretter på kryss og tvers oppe i snaufjellet.
Lenger sør, nesten ned mot Vassfaret, har det vore turar med Sørbekksætra eller Fledda som utgangspunkt, dit kjem du via sidevegar frå hovudvegen gjennom Hedalen.
Det går fine løyper inn mot Sæterknatten og Surtind, men også her er det flott å lage eigne spor, både i det vide, slake Manfjellet og området rundt Surtind. Du kan koma heilt fram på kanten mot Vassfaret, og har også flott utsyn mot fjella lenger sør.

Det er umuleg å nemne alt, men eitt er sikkert, at søkjer du skiopplevingar utanfor oppkjørte spor, så har du mykje spanande i vente i Valdres.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


four × 2 =