På god, gamaldags skaretur – over tåka

På Heklefjell: På tur attende mot Bitibue på fast skare. Bak ruver Bitihødn (t.v.), medan Besshøe og Nautgardstinden stikk opp langt bak til høgre i biletet.

Helga midt i november, medan skieliten hadde sesongopning på Beitostølen, fekk vi to herlege fotturar på fint skareføre.

På tur med Tor Harald Skogheim

Frå barndommen hugsar eg godt turar, leik og moro på knallhard skare. Det tek til å vera mange år sidan, det vart difor eit aldri så lite «flashback»!

Tåke, tåke og tåke

Vêret i november var nitrist fram til midten av månaden. Dagleg nærast stanga vi hovudet i eit tjukt skydekke, og såg ikkje anna enn grått. Den vesle snøen som kom smelta bort, i alle fall nede i bygda. Det vart vått og slapsete langs vegane, og så isete.

Eit liv over tåka?

Også fjernsynsbileta frå Beitosprinten fredag 16. november synte mest grått, men rykta fortalte om klarvêr og skiføre på Valdresflye.
Laurdagen måtte vi bruke til ein del anna, men utpå dagen bestemte vi oss for at ein tur ut måtte det bli.
For å sleppe den noko lenger kjøringa opp til Flye dreg vi innover mot Yddin-området, likevel med eit håp om å koma over tåka.

Tåke: Nede i dalen og opp til Øyangen (t.h.) ligg tåka tjukk.

Mot Kristianstølen

Vi blir bønhøyrde. Alt litt oppi bakkane mot Robølsbygde kjem vi gjennom det grå, og ser atti blå himmel for fyrste gong på over to veker.
Traktorvegen mot Kristianstølen er eit godt val på denne tida, her føler du deg meir ute i naturen enn ved å rusle langs stølsvegen. Det er eit tynt men ganske fast skarelag mellom hjulspora, og greitt å gå.
Triveleg prat vart det også med nokre få andre som var ute på tur.

På Kjølafjellet

På Kjølafjellet: Utsyn mot Hurrungane (gjennom Velumskar t.v. i biletet), og mot Besshøe (t.h.).

Oppe på høgda over bjørkeskogen tek sommarstien mot Kjølafjellet av frå traktorvegen. Innover stien er det også eit lite snølag, men skaren held bra også her, og vi er samde om å prøve oss mot toppen. Det er lettare å gå enn venta, vi kjem snøgt høgare opp, og får meir og meir utsyn.
Det er godt å endeleg kunne sjå åsar og fjell rundt seg att etter over to veker i tjukke gråskodda. I vest er sola delvis gøymt bak nokre skyer, men etter kvart tittar ho litt fram.
Oppe på toppen, etter ein snau time gåing, er det herleg utsyn i alle retningar. For slik er Kjølafjellet, sjølv om det berre når 1225 meter.
På heimturen får vi solnedgangen, og fantastisk fargespel på himmelen.

I sola: Vestover Heklefjell, med utsyn blant anna mot Slettefjell (t.h.)

På Heklefjell

Dagen etter parkerer vi ved kiosken Bitibua nord for Beitostølen, i strålande sol. Planen er å gå tur på Heklefjell, ryggen som går parallelt med vegen nordover mot Båtskaret.
Litt meir snø her enn ved Kjølafjellet, og bra skare, i alle fall til vi kjem opp mot fyrste brattbakken. Her er eit belte med briskekjerr, og vi trør tidvis skikkeleg gjennom, med snø i fjellskoa som resultat. Det blir nokre saftige gloser før vi får krabba oss over kneika og underlaget blir fast og trygt att.
Ein stopp med utsyn bakover viser tydeleg eit tett tåkebelte nede i dalen. Sjølv i høgde med Øyangen, og med skistadion på Beitostølen, driv tåkedottane. Men vi er godt over.

Herleg: Solnedgangshimmel solnedgangen over Skogshorn og resten av vestfjella.

Blå himmel og vidt utsyn

I sør og aust er det mykje skyer oppe på himmelen, men såpass høgt at vi nesten ser toppen av Skaget.
På Olevatnet ligg isen blank og fin, ein skeisetur hadde vore freistande.
Vidare vestover Heklefjellet er skaren heilt fast. Det er lett å gå, og artig å studere fine mønster i snøen.
I vest og nord blir det meir og meir blå himmel. Mugnetinden vest på Slettefjell er i ferd med å riste av seg eit tynt, langstrakt skyflak. Eit liknande som skjuler Kalvehøgdene og Rasletinden forsvinn også snøgt, og himmelen er snart knall blå.
Vi stoppar for å snu, men gjev oss tid til å nyte heile tinderekkja, frå Vestre Kalvehøgde i vest til Besshøe og Nautgardstinden langt i nord.

I tåka att: Ved Eker Gård i Skammestein er vi i ferd med å dukke ned att i det tjukke tåkelaget.

Ned att i tåka

Tilbaketuren er som ein draum, vi nærast svevar over skaren – og verda!
På veg ned mot Skammestein kjem vi inn i tåkebeltet som enno er tjukt som ein graut, spesielt i Heggebygde.
Heldige vi som var blant dei som forstod at over tåka er himlen veldig ofte klar og blå.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


1 × four =