Juletradisjonar i høgsetet

Effektive damer: Solveig Sandberg og Mary Ann Nøbben laga opp store mengder smultringar i løpet av ei lita økt. Dei verdsett det sosiale omkring ein slik aktivitet.

Juletradisjonar er så mangt, dei kan variere ifrå bygd til bygd, og mange familiar og slekter har sine eigne. Og nye kjem stadig til.

Av Torbjørn Moen

Det er også eit kjent faktum at mange unge i dag sverger til juletradisjonane som har vore gjeldande i mange tiår. Det er tungt å gjera om på det som har vore gjeldande gjerne sidan barndomen.
Maten er ein viktig del av juletradisjonane. Men også julegranhenting, pyntinga av treet, på mange gardar er det framleis vanleg å henge opp juleband eller julenek og det er også sterke tradisjonar knytt til julepyntinga inne i husa.

Tradisjonar: Jul er forbunde med mange tradisjonar. Solveig Sandberg er oppteken av å ta vare på dei slik dei har vore ein del av garden ho bur på. Det er definitivt jul på Alfstad Vølle då kristenteppet og julehandkledet kjem opp, det skjer på ettermiddag då kyrkjeklokkene ringjer jula inn. Foto: Trygve Lien

Ikkje juletre, men julestas

– Her på garden er det også bestemte juletradisjonar som eg synst det er flott å halde ved like, fortel Solveig når vi utfordrar henne på kva som betyr mest for dei.
– Det siste eg gjer julekvelden – medan kyrkjeklokkene på Heggekyrkja ringer jula inn i ein heil time mellom kl 15 og 16 julekvelden, er å hente fram den verkelege julestasen, forklarar Solveig. Ho hentar inn kristenteppet og julehandkleda og henger opp for å syne korleis dei gjer det.
– Før i tida då bestefaren min var ung, var det ikkje vanleg med juletre, mange hadde det slik, men istaden pynta ein med kristenteppe og julehandklede. Det vart hengt opp over vindauget i høgsetet i stova, på enden av langbordet. I hjørnet her sto eit hjørneskåp slik som i dag og her fanst drammen, i same skåpet, i rommet over, var Bibelen å finne.
Kristenteppet og julehandkledet skulle gje vern og varme, men samstundes også passe på oss for krefter utanfrå. Dei kvite handkleda skal symbolisere det kvite plagget som Jesusbarnet vart pakka inn i, fortel Solveig. Kristenteppet blir i dag nytta ved mange høve og heng gjerne framme heile året. Her blir dette teke fram til jul. Det er vove, medan julehandkledet har flotte heklingar oppe og nede. Men det finst også andre løysingar på dette mellom anna firfletting som ein del famleis taklar. Det er tante Ingrid som i si tid laga dette, også dei flotte vovne gardinene i stova, fortel Solveig.

Julefreden senkar seg

– Når kyrkjeklokkene har ringt ferdig og julestasen er komen opp i høgsetet, er det definitivt jul her på garden, seier Solveig. Julemåltidet blir servert etter at fjøsstellet er unnagjort og då er storfamilien samla.
Juleribbe er ein fast del av julematen på julekvelden, men ettersom mannen Magne er bergensar og oppvaksen med pinnekjøt, han kjem frå Radøy, lagar og serverer dei også pinnekjøt til stor glede for dei fleste.
Juledagen blir også markert på ein speisell måte hjå dei.
– Då dreg alle til kyrkja, helst med spark, og etterpå er det full fart heim att og heile slekta blir invitert til hyggjesamvær der det blir servert julemat av alle slag.
Det blir heilt klart jul i år også, både i Nøbben og på Vøllo. Ribba er bestilt, pinnekjøtet vart laga i veke 40 og fyrste av dei sju slaga med julekaker er sikra. God jul.




1 Trackback / Pingback

  1. – Juletradisjonar gjer oss godt

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


twenty − two =