– Juletradisjonar gjer oss godt

Dugnad: Det var møtet med Norge som fekk Mary Ann Nøbben til å interessere seg for smultringkoking. Siste åra har ho og Solveig Sandberg vore saman om den årvisse tradisjonen eller dugnaden før jul.

Solveig og Mary-Ann inviterer på smultringkoking

Av Torbjørn Moen

Det er både moro og det kjennest godt og rett å halde juletradisjonar som dette ved like. Det er med på å skape band mellom oss her i dag og forfedrane våre, seier Solveig Sandberg.

I dag står det smultringkoking på programmet på midtigarde på Alfstad Vøllo på Heggenes. Heimen til Solveig Sandberg og Magne Mjøs, som etter kvart er vorte eit storbruk med nærare 90 dyr med smått og stort i fjøset. Det fortel om travle dagar, mykje hardt arbeid, men jul – og høgtid, gode tradisjonar, hegnar dei om. Solveig seier at det betyr særs mykje for henne og ho minnest med ærbødigheit mor si og dei to tantene som stadig trødde til på garden og som har sett spor etter seg. Julefeiringa har alltid vore noko heilt spesielt.

Passe fast: Solveig Sandberg har deigen klar og viser her fram ei «knøo» som ho straks skal kvevle ut. Deigen skal vera akkurat passe seig.

Som relativt nybakt pensjonist styrer Solveig på heimebane no. Attåt jobbar ho for tida med to store prosjekt, og det er eit komande bokprosjekt i regi av historielaget med gamle bilete frå bygda og så har ho Liastølen på Beitostølen som faren Magnus bygde opp. Sommaren igjennom er det omfattande program og mange viktige samkome her.

Lange tradisjonar

Storkjøkenet i gamlehuset på Vøllo frå 1810 er flott ramme omkring denne førjulstradisjonen. Det er også tradisjon knytt til smultringkokinga. Tidlegare var det Solveig og tante Bøl som sto for dette, og det var hennar oppskrift som gjaldt. Og onkel Ola var med på steikinga.
Dei siste åra er det venninna Mary Ann Nøbben og Solveig som har gått saman om smultringkokinga, og ein ny tradisjon er med det innleia. Men det treng litt forklaring.
Mary Ann er amerikansk og gift med Nils Nøbben og bur på Skammestein litt lenger nord i bygda. Ho kom til Norge på slutten av 1980-talet, og etter at ho vart gardkjerring i Nøbben, vart ho også nabo med Sigrid Hedalen. Eit livslangt venskap kom til å utvikle seg, og Sigrid, som var særs dugande med matlaging og handarbeid, vart læremeister for nyfikne amerikanske Mary-Ann.

Lærde tradisjonen i Norge: Det var nabo og venninne Sigrid Hedalen som lærde Mary Ann å koke smultringar. I omkring 15 år kokte dei smultringar i lag som ein del av dei årlege juleførebuingane. I 2015 var siste gongen og i sommar gjekk Sigrid bort i ein alder av 94 år. Guten på bilet er Jon Ekern som Mary Ann var dagmamma for. Foto: Privat

Frå omkring 2000-talet byrja dei også å koke smultringar i lag, ein fast og svært hyggeleg førjulstradisjon for dei to. Smultringkokinga held fram sjølv om Sigrid flytte til omsorgsbustad på Heggenes, men i 2015 var det siste gongen. I sommar gjekk Sigrid bort, 94 år gamal.

Gamle oppskrifter

– Eg nyttar konsekvent oppskrifta til Sigrid, eg endrar ikkje så mykje som ein milliliter på måla, seier Mary Ann stolt og rekkjer oss den handskrivne oppskrifta ført i pennen av Sigrid.
Ved å samanhalde dei to oppskriftene, Mary Ann sin og Solveig sin, viser det seg at dei er nokså like. Ingrediensane er egg, dugeleg med sukker, fløyte og rømme og sjølvsagt bakepulver, kardemomme må til for smaken og dufta si skuld, hjortesalt eller natron, og mjøl til å laga ein passe fast deig. Så smult til koking. Smulta eller frityren skal vera omkring 175 grader, berre ikkje for varm. Då blir smultringane lett turre, og om temperaturen er for låg, blir dei ikkje gjennomsteikte. Akkurat passe er det som gjeld. Det veit erfarne damer. Dessutan er smult skumle greier, det kan fort ta fyr, og då gjeld det å ha eit lokk klar til å kvele flammen. Men heller ikkje det er problem for dei erfarne damene Solveig og Mary Ann.
– Det er kjekt å gjera slikt som dette i lag, og det er ikkje minst grepa sosialt, seier Solveig.

Bruse i feitt: Når fyrst deigen er klar, smultringane er stikka ut og smultet har rett temperatur går steikinga unna, men det er heile vegen viktig å passe på slik at dei blir riktig steikt, ikkje for lite og ikkje for mykje, men akkurat passe. Legg merke til den geniale steikepinnen.

Dekker langbordet

Medan deigen godgjer seg blir det dekka til dugurd på langbordet i den gamle og flotte stova. Mary Ann har førebudd ein diger kjele med italiensk suppe basert på polenta, spinat, olivenolje, kvitlauk, vatn og salt. Attåt blir det servert focaccia, italiensk brød med krydder og tomat i. Bordet er også dekt av anna snadder.
– Eg var utvekslingsstudent Italia i 1969 og fekk etter det stor appetitt på italiensk mat. – Det er helsebot i suppe som dette, spesielt på gufne dagar som no, seier Mary Ann og auser opp…
Det var ganske vanleg før i tida også å samarbeide om matlagingsprosjekt i førjulstida, og også nokon av desse tradisjonane blir haldne i hevd på garden.
– Ja, når vi lagar lefse er det vanleg, dessutan når vi steiker småbrød. Når det gjeld krumkakesteiking, er sonen Erling blitt med på laget, fortel Solveig.

Effektive damer: Solveig Sandberg og Mary Ann Nøbben laga opp store mengder smultringar i løpet av ei lita økt. Dei verdsett det sosiale omkring ein slik aktivitet.

Fylgjer oppskrifta

Solveig og Mary Ann er i gang att og det er siste sjekk av deigen før steikejobben kan starte.
– Deigen skal vera akkurat passe fast, så kan vi laga oss ei «knøo», demonstrerer Solveig.
Solveig og Mary Ann nyttar kvar sin del av den svære bordplata på det gamle kjøkenbordet. Den er som laga for slikt arbeid. Ei knøo er ein knyttneve med deig som dei no legg på bordet og kjevlar ut, akkurat passe tjukk, 3–4 mm er ideelt, trur dei.
– Slik gjorde Sigrid det, seier Mary Ann. Vi ymtar stadig frampå om dei mykje berykta amerikanske smultringane … Ho vil ikkje høyre om amerikanske smultringar, eller donuts som dei blir kalla. Dei blir gjerne også påsmurt glasur av melis eller duppa i sjokolade. Det er norske smultringar etter oppskrifta til Sigrid som gjeld for Mary Ann.

Klar til steiking: To driftige damer som har vore med ein vinterdag før laga i løpet av dagen godt over 200 smultringar i lag. Her er brett klare til steiking. Foto: Trygve Lien

Norsk julemat

Etter kvart som dei lagar seg små leivar, byrjar dei å stikke ut smultringar med ei eiga form. Som kjent er det hol i smultringen, og den vesle rundingen blir til smultringkuler som brukar å vera særs etterspurde ved kaffibordet. – Ja, passe store, om ein et mange nok… humrar Magne, som saman med skribenten utropar seg til smakspanel. Kaffi høyrer naturlegvis til…
– Eg hadde aldri laga smultringar før eg kom til Valdres og Sigrid lærte meg det, men det er ein flott tradisjon, og smultringane er ein sjølvsagt del av kaffibordet gjennom jula, elles også. No er det lettvint ved at ein kan fryse dei ned og dei er raske å tine opp, og smakar alltid like ferske, forklarar Mary Ann.

Steikinga går unna

No går steikinga unna i ein fei, sju om gongen i gryta, som etter kvart har funne rett temperatur. Solveig nyttar ein gamal heimelaga steikepinne, med emne henta frå skogen. Den har ein liten krok på seg og fungerer på beste måte. Det gjeld å ha rette reiskapen. Steikepinnen har nok også vore med i ei årrekkje, det same som kjevla og formene som dei nyttar.
– Eg fekk 106 smultringar, som langt overgår det eg trudde, seier Mary Ann etter at ho har talt opp. Solveig er i gang med deig nummer to. Ho ber oss kikke oppi bollen medan ho slår oppi egga i miksmasterbollen. Dei har nokre høner på garden som sikrar dei egg til eige forbruk. Ein periode har det vore lite verping, men så kom det nokre egg att. Dei har knallgul plomme og det er stor skilnad til butikkegga. Ordentleg vare med andre ord.

Mykje godsaker: Det er mykje godt i smultringdeigen og her viser Solveig fram kor fin gulfarge det er på egga frå eigne høner contra «kjøpeegga.»

Frys dei ned

– Før var det vanleg å pakke smultringane i ein mjølkedunk og setja den kaldt i matkjellaren. Matkjellaren på Vøllo er framleis i bruk, god eller betre enn kjøleskåp. Det er kjellarlem midt på kjøkengolvet og stige ned.
Jon Ekern, som Mary Ann var dagmamma til frå han var to år og i alle år sidan har hatt nært venskap til, får kvart år ein pose med smultringar til jul. – Denne skal Jon få, han var med meg og Sigrid og laga smultringar i mange år og difor blir han hugsa på, seier Mary Ann. – Og det er også kjekt å gje bort julemat i gåve, folk set pris på slike gåver, seier Solveig.
Nokre hundre gyllenbrune smultringar er sikra og i ferd med å bli pakka ned. Kva syns kvinnene om resultatet?
– Eit av dei sju slaga , det fyrste i år faktisk, repliserer Solveig, er sikra.
– Dette har vore veldig morosamt og fornøyeleg. Vi har fått til fine og gode smultringar. Og jammen trur eg at vi har vore heldigare med steikinga i år enn i fjor, oppsummerer ho.
– Dette gjev kjensle av jul, og eg føler at eg gjennom dette blir ein del av ein familie, seier Mary Ann. Ho har som amerikanar ingen familie her, og ho og Nils har ikkje born, og Nils sjølv var einebarn. Jul er ikkje minst tida ein saknar familie. Så gode fellesskap tel mykje for oss, seier Mary Ann. Ein ting til har også tenkt litt over gjennom dagen…
– Eg føler at Sigrid nok har vore med oss på dette i dag. Dagen har vore så spesiell, men samstundes god, seier Mary Ann Nøbben. Fyrste jul utan den gode naboen og venen Sigrid.

Les også: Juletradisjonar i høgsetet




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


11 + 4 =