I stiv kuling til toppen av Bitihødn

Spanande lys: Det er ikkje berre sol og blå himmel som gjev minnerike naturopplevingar, og Bitihødn i stiv kuling var ei ny erfaring. Her utsyn vestover Skyrifjellet.

Det må ikkje vera sol og blå himmel for å få gode naturopplevingar.

På tur: Tor Harald Skogheim

Dette mektige fjellet har eg besøkt utallige gonger i løpet av 50 år, også om vinteren, men aldri i slik vind som på ettermiddagen no 9. oktober.

Langt opp: Blaut snø i starten, det vart meir og tørrare snø lenger oppe.

«Kremtopp»

Bitihødn er grensefjell mellom Vang og Øystre Slidre, og var også i år ein av 12 toppar i «Kremtoppjakten» som DNT Valdres har hatt sidan i 2015.
Turen min no er for å ta ned att stolpen og kassa med siste boka. Forrige tur opp var 7. august, med tredje turboka. Dei to bøkene eg tok med ned att hadde i alt 5409 namn!

Kraftig fønvind

Fjellet reiser seg 450 høgdemeter frå fylkesveg 51 i Båtskaret, og som vanleg tek eg stien rett opp derifrå. Det er elleve varmegrader, og snøen som ligg oppover i stien er våt og sørpete.
Opp fyrste bakken er eg i ly, men snart får eg kasta på meg ein kraftig vestavind som riv og slit slik at den tynne vindjakka står som ein spinnaker rundt. Kan vinden virkeleg slite jakka i filler, tenkjer eg, og strammar reimene på sekken tettare inntil.
Vidare oppover vekslar det mellom snøfritt og 5 – 10 centimeter snø, men spor sparar meg for snø i skoa.
Eit par fotostopp blir det, for eit herleg ettermiddagslys breier seg over myrene aust for Hødnstølen. I synsranda i aust er profilane til Skaget og Mellane lette å kjenne att.

På opptur: Mot vegen i Båtskaret, bak ser vi Skaget (t.v.) og Mellane.

Medvind opp ura

Etter eit stykke litt i ly er eg oppe på eit flatare parti fram mot nedsida av ei bratt småsteinur som fører opp til sjølve brattfjellet. Her trør eg opp på ein halvmeter høg stein for å ta bilete oppover. Fire gonger prøver eg, men det er uråd å stå i ro i vinden, eg bles ned att før eg får knipsa.
Opp ura kjem vinden bakfrå, og er så sterk at eg nesten må småspringe. Dei som har gått her og veit kor bratt det er, tviler vel – men slik er det.

Varsam ved stupet

Oppe ved brattfjellet må hendene brukast nokre meter. Litt meir ly her, men eg held meg godt unna stupet. Det er bratt ned på sida, og eit vindkast kan snøgt få meg ut av balanse.
Rundt «hjørnet» litt høgare oppe er det uventa stille. Bra, for det er litt snø på den smale hylla vidare, også der er det bratt og høgt ned.

På toppen: Utfordrande å halde seg på føtene i stiv kuling.

Kameraet bles ned

Det er skugge vidare, meir snø og litt tørrare, men iblant litt sleip jord. Det går likevel rimeleg greitt oppover, til vinden frå vest får meir tak att.
Siste stigninga er det steinete, og sjølv om eg fylgjer ei vid og grunn renne får vinden tak. Eit forsøk på å sette kameraet på ein stein og bruke sjølvutløysar går nær gale. Biletet blir teke, men rett etter bles kameraet ned, heldigvis hamnar det i snøen.

Kassa er borte!

Oppe på toppen er det minst stiv kuling i kasta, men eg får ei større overrasking. Stolpen med det A4-store informasjonsskilet er der, men den raude turkassa som var festa med ståltråd er borte. Ho kan då ikkje ha blåse ned? Og ingen er vel så frekke at dei stel med seg ei turkasse?
Eg ruslar ei lita runde rundt varden og stolpen, men ingenting er å sjå. Neivel, ikkje meir å gjere.
Men bilete må eg få teke også her. Eg riggar opp kameraet på ein flat toppstein på lesida av varden. Klok av skade legg eg ein halvstor stein oppå kamera-reima, slik at det ikkje kan dette heilt ned frå varden. Også her blir det bilete, men eg må passe meg for ikkje å blåse over ende før knipset frå sjølvutløysaren kjem.

Overrasking: Ved varden på toppen stod stolpen med skiltet, men den raude turkassa var borte!

Stolpe som «drivanker

Ned att tek eg stolpen med skiltplata under armen, men erfarer snøgt at det vesle ekstra vindfanget gjer meg endå meir ustø. To gonger er det like før, men eg får sleppt stolpen ned og får såpass støtte at eg tek meg inn att.
Fleire stader nedover er vindkasta frå sida så sterke at eg må konsentrere meg for å plassere føtene trygt frå stein til stein, slik eg vil. Litt lengre nede kjem vinden bakfrå, og eg må bruke stolpen nærast som «drivanker» for ikkje å bli kasta framover.
I den bratte småsteinura att får eg kulingen rett imot, ingen fare med at det skal gå for fort nedover her!

Det endte godt

Vel nede ura kjem vinden bakfrå att, i iltre kast. Sjølv med stolpen som drivanker att blir eg innimellom pressa framover i springmarsj. Ikkje så kjekt, for her er delvis snø og ikkje heilt lett å vite kvar føtene hamnar.
Men det vil helst gå bra, heiter det i eit ordtak, og det gjer det resten av turen ned i Båtskaret att.
Og turkassa, den hadde Tor Erik Grønolen henta ned tidlegare på dagen. Slik endte også denne delen av historia godt, ei lita misforståing ga meg altså ein utfordrande men svært så minnerik tur til Bitihødn.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


two × 2 =