Syng Syndin ein song

Midtre Syndin, med sjølvaste Pyttingen i bakgrunnen før fjella frå Vang dukkar opp.

Midtre Syndin, midt i fjellheimen, har alt – nesten. Men berre nesten.

Tekst og foto: Olav Norheim

Vatnet og stølslaget Midtre Syndin har det meste. Feite hytter, gamle stølar, planlagde hyttefelt i myrhøl og på stølsvollar, heilårsbrøyta stølsveg og øydelagde klopper, rustikt og spektakulært fjell-landskap, fine sandstrender og duvande bølgjeskvulp. Uberørt natur og nylaga turveg.
Men ingen song. Ikkje før no.

Det er nemleg slik, at mange stølslag manglar ein song. Eigentleg dei fleste. Ja til og med fjordar og vatn og tjern i den vakre hyttefjellheimen vår er utan song. Du har kanskje ikkje tenkt over det? Men så gjer det, då.
Moldau og Mississippi og Sperillen og Tyrifjorden har lovsongar for kor og orkester og visegrupper og soloartistar. Så eg såg det nærmast som ei plikt å dikte ein høveleg Midtre Syndin-song ein gong. No har eg gjort det. Mange snakkar om å seta fotavtrykk. Kva dei no meiner med det. Her kjem eit versefotavtrykk.

Namneskikken

Men før det, før songen, noko om namnet Syndin, vatnet Syndin.
Frå bibelsoga veit vi at Jesus gjorde vatn til vin. Frå nyare lesnad veit vi at hyttefolket har gjort vatn til vann.
Men fyrst kom vatna, så kom namna, så stølane, så kom hyttene, og så kom vannene. Og kvar vart det då av den lokale namneskikken?
Så no har eg eit språkleg case, dei kallar. Eit tilfelle, ei sak, eit døme, eit vatn, fleire vatn: Syndin.
Syndin er tre vakre vatn på rekkje og rad i Vang og Vestre Slidre: Nørre Syndin, Midtre Syndin, Sørre Syndin.

Pyttingen: Frå Midtre Syndin.

Vatn og stølslag

Vatna heitte Syndin. Då var det greitt at stølslaga vart heitande Syndin: Vik-Syndin, Kvisla-Syndin, Kviis-Syndin og så vidare, oppkalla etter gardar og grender nedi bygda som hadde støl her og der ved Syndin. Og så kom hyttene, i stølslaga og innimellom dei, lunt nedi terrenget og oppå bergrabbar og snaue høgder.
Syndin like fullt. Syndin er Syndin. Sjølv seier eg Syndin i alle samanhengar og er open på det. Dativ er for meg for innvikla og tungvint. Det får bli ei sak for dei innfødde.

Valdres-lyd

Men det var vatna då, eller vannene. Det har skjedd ei endring. Eg har lurt på når den skjer. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig. Men la oss seia det slik, at det skjer i andre halvdel av 1900-talet. Og at det skjer etter at hyttefolk inntok fjellet, hyttefolk og gjennomreisande utan gjennomtenkt språkøyra for Valdres-lydar gamle som alle haugar.
Berre så det er sagt: Eg er ikkje mot hyttefolk. Eg er jo sjølv hyttemann og bør helst kunne godta meg sjølv. Og eg vil at alle skal snakke med sitt nebb, berre dei ikkje snakkar for høgt. Men eg vil at vi skal halde på innarbeidde stadnamn, så lenge eg forstår kva som blir sagt.
Syndin igjen, det var det som var casen min.
Vågar eg meg frå hytta over høgda, kjem eg ned til delet mellom Søre og Midtre Syndin. To av dei tre Syndin-vatna. Men så må eg ta turen nord til Syndinstøga og kjøpe avis og eta vinerbrød, og då ser eg det tredje av dei tre vatna, Nørre Syndin.

Kven vann?

Men midt oppi fjellheimen her kan vi finne utslag av språkleg imperialsime. I Hyttemagasinet for nokre år sidan sit det ei tiltøk kvinne «tørt og godt i nybygd hytte og skuer utover Midtre Syndinvannet…»
Omtrent på same tida kommenterer «Entusiast» Valdresrittet slik: «… Så kommer første stiparti som er et langt artig parti med fin flyt og god fart. Deretter venter et tempostrekke langs Syndinvannet før matstasjon og man går over i dagens seigeste klatring på grus.»
Både kommune, lokalavis og eigedomsmeklarar følgjer opp. Av rein vanvare?

Eller Sørre Syndin

Hyttelaget mitt, Vestre Slidre Hytteforening, som gjer eit stort eigennyttig frivillig arbeid, hadde eit år sett «6 traner inne på Syndin denne våren. De er særlig sett nede på den myra som ligger i nordenden av søndre Syndinvann.»
Eller Sørre Syndin, som vi gjerne seier. Og skriv.
For nokre år sidan klaga same hytteforeinga over dårleg tømming av søppel-konteinarar: «Vi har to stk vinterstid (vei opp mot Svarthammar og på parkeringsplassen litt lenger opp), pluss om sommeren også i krysset mellom Midt- og Sørre Syndinvann.»
Midt?
Men eg forstår dei også. Vi har vel behov for skilje landskapet Syndin frå vatna Syndin. Og vi ser mange ulike skrivemåtar å ta etter.

Meir gubbe-pirk

Meir surt frå ein gretten gamal gubbe. På eit nett ein dag ein stad såg eg eit fint bilde av «Nordre Syndinvann. I bakgrunnen sees endel av Melkeveien langs vannet». Det er sikkert meint Mjølkevegen, sykkelstien vesti fjellet, frå Gol til Fron.
No skal det seiast at det er lett for meg, som driv og skriv bokstavar dagen lang, og attpåtil er hyttemann, å henge meg opp i bokstavar og stavemåtar og lydar og trykte teikn i fjellet. Men så tenkjer eg som så, at vi hytteeigarar, som gjerne har noko å bidra med, og som har god tid på hytta, vi må vel kunne vera like nøye når det gjeld stadnamna som på tenester og vinterføre og vegbrøyting og søppeltømming?
Og bokstavane er jo gratis.
Anbefalt lesnad: Turkart for Vestre Slidre.

Turveg: Ny fin turveg på Midtre Syndin. Og Knippa må støtt få vera med i bakgrunnen.

Ein lang intro

Dette bar visst kritisk av stad. No skal eg vera meir entusiastisk. Så la oss ta ein song då, ein Syndin-song. Slikt hjelper på humøret.
Eg har snikra ein song. Ei Syndin-hylling. Eg veit fleire som kan spela og synge songen, både på vestsida i Lomen sokn og andre stader.
Melodi? Sjølv hulla eg til tonane av den australske popgruppa Pussycat sin gamle hit Misisippi. Berre slik at alle takter og vers skulle bli omtrent like lange. Det er støtt greitt å ha noko å halde seg til når ein driv og sviv på versefot. Og Mi-i-i-sisippi liknar unekteleg noko på Mi-i-i-dtre Syndin. Berre prøv.

For nye lesarar

For nye lesarar: Det er noko spesielt med Syndin. Det er nemleg einaste vassdraget eg veit som renn eller rann i alle fire himmelretningar. Midtre og Nørre Syndin renn nemleg nordover, som vi seier i dalføra på Austlandet når retninga er rett vest. Ingen andre fjellvatn austafjells renn slik, det eg veit. Alle andre renn mot sør, altså mot aust.
Men så var det ein gong ein gardbrukar nordi Vang, vesti Vang altså, som skulle demme opp ei elv. Elva var Ala. Og så tok Nørre Syndin sin eigen veg, mot nord, altså vest, som før rann mot sør, altså aust, og fossa ned i bygda for full fart, og Mitre Syndin følgde med. Sørre Syndin vart liggande for seg sjølv og rann som før mot sør, altså aust.
Nok snakk. (Men alle songar skal ha ei høveleg lang innleiing. Og denne vart vel passeleg lang).
Her kjem endeleg songen, songen om Midtre Syndin.

Midtre Syndin Honky Tonk
Sjå på Pyttingen, ei bitte liti å,
så liti at du nesten kji kan sjå.
Og denna vesle åne renne nord’te,
sildra inkji sø’te, før ho kjem ifrå:

Midtre Syndin, slik ein fine fjord.
Kor helst e kring i verde sviv,
driv med alskens tidsfordriv,
lyt e ta ein tur hit nord.

Innpå tunet oppå stølen te ein gard
høyrist lyden frå ein honky tonk gitar.
Og nokon går i selet inn og henta
trekkspel med tangenta.
Lyden ber av stad.

Midtre Syndin, I’ll remember You.
Der kan e sita sole me.
Solfaktor er 53.
Midtre Syndin, I’ll be true.

Nedved strønde der ein sumarkveld so fin
sit det hyttefølk med økologisk vin
og spekjikjøt frå Helle Slakteri.
Hundan’ springe fri
midt i krøtersti.

Midtre Syndin, nea Gilafjell.
Der aurin sprette feit og fin
kor ein kveld i måneskin.
Alder såg du finar’ kveld.

Midtre Syndin, enno ein sesong
fekk eg vera her ein gong.
Midtre Syndin verdt ein song,
gong på gong på gong.

http://www.45cat.com/bigartist/pussycat/xa/2
Mississippi all nigth long: Namnet Mississippi kan minne noko om Midtre Syndin når det skal syngast. Den australske gruppa Pussycat gjorde ein svær hit med Mississippi for sirka 40 år sidan, for dei som hugsar så langt tilbake. Uvisst om Midtre Syndin når like høgt og like lenge.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


10 − 10 =