Bankmann med heiderlege motiv

Harald Andris Hamre stortrivst på hytta på Lehovd, og har dekortert stova med fotografi han sjølv har teke.

Det blæs på toppane. Likevel er det der Harald Andris Hamre likar seg aller best.

Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat

– Det er koseleg med talglys, men det er kjekt å ha det komfortabelt også, vedgår Harald Andris Hamre, medan han set over kaf­f­ien i hytta inne på Lehovd i Vestre Slidre.

Hytta er flittig i bruk, og Harald har budd der mest heile sommaren. Det er ingen problem å reise dit vinterstid heller. Hytta har vatn, avløp og straum. Samstundes lyser mektige fjell i horisonten og rype og elg stryk langs hushjørna før ein veit ordet av det. Ute- eller innedo, her lever ein nært på naturen uansett.

Vestreslidring

Harald er fødd åtte dagar etter freden i 1945 og voks opp på småbruket Borgnes på Hamre i Vestre Slidre. Mora Sigrid var handarbeidslærar på framhaldsskulen i Vestre Slidre, faren Andris vart etter kvart kommunerevisor i Valdres.

Hytteinnbyggjar

Som femtenåring reiste den unge lovande til Balestrand for å ta realskulen, og etter gymnastid på Vinstra vart det handelshøgskule i Bergen.

Hytta på Lehovd vart bygd i 1996, og har all den komfort som trengst for å vera der både om sommaren og vinteren.

Han kom tilbake til Vestre Slidre som pensjonist i 2007. Da hadde han vore ute av bygda i 47 år. Men naturlegvis ikkje heilt borte. For hytta på Lehovd stod ferdig i 1996 og har sidan den tid vore fast feriestad for familien hans. I ein periode med mykje flytting vart det sjølve haldepunktet i livet for barna.

– Da dei spurde på skulen, sa sonen min at han var frå Valdres, humrar Harald.

Styreverv

Det står ofte «styreleiar» bak, når vi les namnet til Harald Andris Hamre. Han har til dømes vore styreleiar i Valdres næringshage og Valdres kompetansevekst. Han tek også gjerne ein sving innom frivillig lag og organisasjonar, og trekkjer raskt fram arbeidet med biletboka til Vestre Slidre historielag.

– Det var eit kjempeartig prosjekt, slår han fast.

Bankmann

Yrkeskarrieren har vore ei blanding av ofentlege og private jobbar. Lengst var han i Sparebanken Hedmark, heile 27 år som viseadministrerande direktør.

Harald Andris Hamre er svært glad i valdresfjella. – Det finaste utsiktspunktet i Vestre Slidre ligg i Vang, humrar han, og siktar til Gråskarvet (i bakgrunnen).

Kvifor han vart verande der så lenge? Nei, det var mykje spennande som skjedde. Han viser til samfunnsutvikling, teknologisk utvikling og skyt inn ei bisetning om at banken han styrde, var først ute i Noreg, kanskje Europa, med nettbank. Lett konstaterande.

Naturlege blinkskot

Det er ikkje styrerom og pengebingar som tenner den aller største gnista hjå Harald Andris Hamre. Spør han heller om bileta som heng på veggane hans. Om rypene som dansar i snøen, nordlyset som leikar over fjellvatn eller selkjøttet som forsvinn mellom tennene på ein isbjørn. Du vil få svar og vel så det.

– Eg var med på hurtigruteskipet Fram. Vi kom opp i drivisen, og der kom denne isbjørnen på eit flak, fortel han og peikar på eit motiv frå iskalde område, vel passert 80 grader nord, framleis overtydd om at det er den største naturopplevinga han har hatt.

Augeblinken vart særleg verdt å få med seg da ei ismåke kom, og tok opp kampen om måltidet.

– Det er ein veldig sjeldan fugl, som berre lever i Arktis, fortel fotografen ivrig.

Under ein båttur i arktis dukka ein fråtsande isbjørn brått opp. Harald Andris Hamre trur det er den største naturopplevinga han har hatt.

– Ei fantastisk natt

Samstundes står fjelltoppane i Valdres høgt i kurs hjå naturfotografen.

– Eg hadde ei natt på Grønsennkinppa i sommar, 27. juni. Eg såg solnedgangen i nord og samstundes kom månen opp i sør. Eg sov nokre timar under open himmel om natta. Da eg stod opp att, kom sola opp bak Skaget, og månen gjekk ned bak Skogshorn. Det var ei fantastisk natt, slår tinderanglaren fast.

Fotografering gjev mange gode naturopplevingar.

– Du utviklar observasjonsevne, og ser ting du ikkje har lagt merke til før. Det er utruleg kor mykje du legg merke til når du byrjar å sjå etter, konstaterer Harald.

Uventa sorg

Livet som pensjonist har gjeve tid og rom til å gjera nye observasjonar. Men dagane har vorte ekstra romslege i det siste. Kona Liv Karin gjekk uventa bort i januar i år. Det må vel vera eit stort sakn?

– Å ja. Vi var gift i 47 år, svarar enkemannen.

Meir er det ikkje å seia om det. Han understrekar at dei tre sønene Andris, Torgeir og Eirik kjem til Valdres så ofte dei kan, og at han har gode vener som inviterer han med ut.

– I februar var eg på Svalbard for tolvte gong. Eg har vore ein tur i England og ein tur i Italia, fortel den heimkomne vestreslidringen.

Leilegheitsdraum

Han har sjølvsagt gjort seg nokre tankar om bygda han forlèt på sekstitalet. I dag bur han i huset etter onkelen og tanta, Knut og Sigrid Snortheim. Kanskje kunne han på sikt tenkt seg ei leilegheit, men fortvilar over at slikt knapt er å oppdrive i Vestre Slidre.

– Vestre Slidre og nabokommunane har vore smarte, for dei eksporterer gamlingane til Nord-Aurdal. Eg kjenner fleire som har flytta til Fagernes, for det er dit dei må for å få seg leilegheit, fortel Harald.

Når det er sagt, har han mykje å skryte av også. Han synest det ser fint og velhalde ut ikringom, sjølv om det er mindre landbruk enn før. Han synest næringslivet er flinke til å støtte opp om frivillig aktivitet.

– Det er ikkje mange å spørja, så det blir dei same igjen og igjen. Men dei stiller opp. Det er heilt avgjerande for at lag og foreiningar får til det dei gjer, slår næringslivstoppen fast.

Frisk luft og ryper

Harald Andris Hamre har det godt i Vestre Slidre og best på Lehovd. Han håpar det kan bli mange fleire dagar der.

– Eg vil ha utsikt, frisk luft og terreng å gå i sommar og vinter. Eg hadde ei artig oppleving i går kveld. Da kom det ein rypeflokk spaserande rett over vegen ved uthuset her. Eg ser elg her av og til, og da kjem dei
heilt innpå hytta. Det er moro å ha naturen så tett innpå seg, slår den heimkomne valdrisen fast.

 

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


fifteen + 3 =