Sjukmelder breane ved Eidsbugarden

Birger Løvland sitter ved varden dit Mjølkedalsbreen nådde 1978, og ser inn mot fronten nå.

Birger Løvland (72), lege og hytteeigar i området sidan 1972, har i over 40 år fulgt smeltinga på to av dei store breane. Det er ei trist historie.

Tekst: Tor Harald Skogheim
Foto: Birger Løvland

For å ta kortversjonen: Fronten på den flotte Mjølkedalsbreen, nabo til Uranosbreen, har sidan 1978 trekt seg attende 390 meter. Halvparten av dette berre på dei ti siste åra.

Koldedalsbreen, som ligg litt vest for Tyinholmen, har trekt seg attende heile 750 meter på 40 år. Det nærmar seg ein kilometer, med andre ord!

Viktig å dokumentere

Løvland har alltid vore fengsla av isbrear. Det vart styrkt ved ei rekkje geologikurs over fleire år hjå legendariske professor Steinar Skjeseth.

Brekurs vart gjennomført ved Krossbu i 1983, men nokon brevandrar vart Løvland likevel aldri, det var brefrontane som lokka mest.

– Naturfenomenet brear er utruleg spanande. Eg hadde lenge høyrt og visst at breane i Norge er i tilbakegang, men det var fyrst då eg begynte å sjå meir systematisk på det sjølv at eg forstod omfanget av smeltinga. Eg opplever utviklinga som litt trist, og syntest det er viktig å dokumentere det, seier Løvland.

– Nifst å sjå

Hit nådde Koldedalsbreen i 1978, no har brefronten (i eit søkk langt bak) trekt seg 750 meter attende.

Sommaren 1978 sette han opp fyrste steinvarden ved fronten av Mjølkedalsbreen, det same vart gjort ved Koldedalsbreen. Vardane vart kalla for null-punkta, og er utgangspunkt for måling av endringane.

– Eg sette vardar også ved Uranosbreen og ved Falkebreen, men såg snart at det gjekk for mykje tid å fylgje med på alle. Det fekk klare seg med dei to andre, seier Løvland.

Han legg til at han slett ikkje gjer dette for å bruke måleresultata i diskusjonar om klimaendringar.

– Det er uansett litt nifst å sjå kva som blir borte av ein bre i løpet av eit år. På desse 40 åra har eg berre ein einaste gong registrert ørlite framgang på Mjølkedalsbreen, nokre få meter, elles har det vore tilbaketrekning kvart år, på opptil 30 meter. Og Koldedalsbreen er stadig tynnare og langt på veg til å forsvinne, seier han.

Spanande med «sykebesøk»

I sommar er alle brefrontmålingane registrerte med GPS, fram til i år har målebandet vore hjelpemiddel.

Slik såg Mjølkedalsbreen ut i sommar. Bak ser vi Mjølkedalspiggen (t.h.) og litt av Langeskavltinden (t.v.).

– I snitt har eg vel vore inne ved dei to brefrontane nesten annakvart år og sett opp nye vardar og målt opp avstandar, fortel Løvland.

Han har regelmessig skrive i hytteavisa Eidsbugarden Budstikke, der han sjølv er redaktør, om «sykebesøk hos breene». Likevel er det visst knapt andre på Eidsbugarden som har vist interesse for målingane.

– Men sjølv er eg like spent på å sjå endringane kvar gong eg kjem inn mot brefrontane, seier han.

Det er ein dagstur på over 20 kilometer fram og tilbake til Mjølkedalsbreen, og Løvland har sidan 1978 gått fleire hundre kilometer for å registrere endringane av brefronten her.

Birger Løvland ved varden og påmåla
årstal der brefronten er i 2018.

– Fleire bør ta turen inn til breen, både for å sjå fronten på nært hald, og tenkje over endringane, seier han.

Flaumane i Mjølkedøla

Elva frå Mjølkedalsbreen renn ned i Bygdin ved Eidsbugarden. Den som studerer elvefaret vil legge merke til store svaparti på begge sider, som
elva tidvis har spylt reine.

Løvland forel at dette heng saman med at Mjølkedalsbreen, då den var langt større, demte opp vatnet i Øvre Mjølkedalen slik at vannstanden vart heva opptil 36 meter før det rann over fjellryggen mot nord.

Men nokre gonger vart trykket mot bredemninga så stort at vatnet pressa seg fram under breen og vidare ut i Mjølkedøla. Då kunne opptil 40 millionar kubikkmeter vatn fosse ned elvefaret i løpet av to-tre  døgn. Det sette tydelege spor langs elva, og i vatnet Bygdin, der vatnet kunne stige med opptil 80 centimeter på eitt døgn!

Bredemte sjøar

Vi kjenner til om lag 20 slike utbrot (jøkullaup eller skott) i Mjølkedøla etter 1855. Det siste kom 30. januar 1937. Etter det har breen minka så mykje at den ikkje lenger demmer opp vatnet i Øvre Mjølkedalen.

Då Mjølkedalsbreen (t.h.) var mykje større gjekk den langt opp i fjellsida på Storegut (rett imot) og demde opp vatnet i Øvre Mjølkedalen (t.v.)

Fenomenet, som blir kalla bredemte sjøar, kjenner vi også blant anna frå Demmevatna ved Hardangerjøkulen, noko som ga fleire øydeleggjande flaumar i Simadalen før det vart sprengt tunnelar for vatnet under brearmen Rembesdalskåki

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


3 × 3 =