Fjellstafett frå 24. juni

Mektige Skaget (1685 m) er eitt av dei 12 turmåla i år under Fjellstafetten i Øystre Slidre.

For 17. år på rad blir øystreslidringar og andre inviterte til å vitje 12 toppar som har turkasse med bok.

Tekst og foto: Tor Harald Skogheim

Øystre Slidre: Sidan oppstarten i 2002 har i alt 50 toppar/høgder vore turmål, og det er notert totalt 204.170 namn i bøkene. Fjellstafetten er kort og godt ein kjempesuksess som har fått små og store ut på tur.

Tre nye turmål

Tre av dei 12 turmåla i år er nye i Fjellstafetten. Dette er Gråhøe (1779 m) nord for Vinstervatnet, høgde 1398 m lengst vest på Skreddalsfjellet samt eit høgdepunkt (1112 m) sør på Kjølafjellet aust for Mellane.

Resten av turmåla i år (sjå faktaboks) har vore med ein eller fleire gonger før.

Premiering

Det er uttrekkspremiar på kvar bok. Det er eigen premie til dei som har gått minst ti av turane samt T-skjorte til dei som har vore på ti toppar i 5, 10 og 15 år.

Nytt i år er eigen premie til dei som tek 5 eller 10 toppar på ein og same dag.

Fellesturar

Fjellstafetten er eit samarbeid mellom kommunen, fjellstyret, Øystre Slidre idrettslag og Rogne idrettslag.

I informasjonsfoldaren er det også sett opp sju fellesturar/arrangement, stort sett til toppar.

FJELLSTAFETTEN 2018

  • 12 toppar/høgder får turkasse med registreringsbok
  • Står ute 24. juni til 7. oktober
  • Turmål i år: Skreofjellet, Sørre Brurskardknappen, Gråhøe, Keisaren, Grønekinnkampen, Storberg, Brummaknappen, Skreddalsfjellet (1398 m), Skaget, Løkjishøvda, Rennsennberget, Kjølafjellet (1112 m) aust for Mellane
  • Frist for innlevering av kort (for premie) er 16. oktober
På Skreddalsfjellet (her ved punkt 1398 m) er det flott utsyn til alle kantar, ikkje minst mot Vinstervatnet og tindane innover i Jotunheimen.

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


14 − five =