Fleire vil ha større hytte

Her ser ord­fø­rar Kjell Berge Mel­by­brå­ten på løy­pe­net­tet på Bei­to­stø­len. Det kjem sta­dig flei­re nye hyt­ter til og no skal òg dei med eld­re hyt­ter få ut­vi­de sine. Ei ut­ford­ring er kor­leis ein skal få fram ski­løy­pe­ne på ein god måte.

Politikarane op­nar opp ut­vi­ding av ek­sis­te­ran­de fri­tids­ei­ge­do­mar i Øyst­re Slidre. «Ein ser ei klar ut­vik­ling i at hyt­te­ne blir for små når flei­re ge­ne­ra­sjo­nar ynskjer å vera på hyt­ta sam­ti­dig. Det er og flei­re og flei­re som ynskjer høg­stan­dard hyt­ter. Då er ofte ek­sis­te­ran­de are­al for lite».

Tekst: Geir Helge Skattebo

BEITOSTØLEN/GRAVFJELLET: Det skreiv råd­man­nen i si ut­grei­ing i saka for for­mann­ska­pet i Øyst­re Slidre. Ved­ta­ket om å kun­ne byg­gje på hyt­ta vart ved­te­ken sam­røys­tes av for­mann­ska­pet tors­dag. Det gjeld in­nan­for kom­mu­ne­del­pla­na­ne for Grav­fjel­let og Bei­to­stø­len-om­rå­det.

Lite kri­tisk de­batt

– Eg skjø­nar at folk treng meir plass på hyt­te­ne sine, så det er ok å byg­gje på, sa Hanne Svendsen i Høg­re.
– Det er vel slik ver­da har blitt. Vi ynskjer at flest mog­leg skal vera i Øyst­re Slidre lengst mog­leg, for det er bra for næ­rings­li­vet, sa Ma­rit Syn­nø­ve Op­heim Østli.
Sen­ter­par­t­iets Odd Erik Hol­den var noko meir skep­tisk, men set­te ik­kje ned fo­ten. Han trek­te fram det­te med å ta om­syn til bei­te­dyr.
– Men, vi be­ve­ger oss i ei ret­ning og det er fram­over. Eg ser at folk ynskjer fa­si­li­te­tar som er i takt med tida og til­hø­ve, sa Hol­den.

Kor sto­re kan dei bli?

Om­rå­da det er snakk om er Grav­fjel­let og Bei­to­stø­len-om­rå­det. Her kan ein dis­pen­se­re frå mak­si­mal tom­te­ut­nyt­ting på 15 pro­sent og 150 kvad­rat­me­ter BYA på bebygde fri­tids­ei­ge­do­mar, står det i ved­ta­ket. BYA er are­a­let byg­nin­gen opp­tar av tom­tens are­al.
Men, ved­ta­ket gjeld ik­kje for so­ner som har sær­skil­te føre­seg­ner – og det skal vera ein konk­re­te og in­di­vi­du­el­le vur­de­ring et­ter mal frå ved­te­ken are­al­del.
Det­te blir stor­leiks­gren­se­ne av bygg, ink­lu­dert are­al til bil­opp­stil­lings­plass: I om­rå­de mind­re enn 938 kvad­rat­me­ter kan fri­tids­bu­sta­den vera 150 kvad­rat­me­ter BYA.
I om­rå­de mel­lom 938 og 1250 kvad­rat­me­ter, kan fri­tids­bu­sta­den vera 16 pro­sent BYA.
I om­rå­de stør­re enn 1250 kvad­rat­me­ter kan fri­tids­bu­sta­den vera 200 kvad­rat­me­ter BYA.

Ik­kje ved Yddebu og Gamasama

«I støls­om­rå­da er mak­si­mal ut­nyt­ting 110 kvad­rat­me­ter BYA, en­kelt­bygg skal vera mak­si­malt 90 kvad­rat­me­ter», står det i ved­ta­ket.
Men, to støls­lag skil seg ut. «For Yddebu og Gamasama skal ein ta sær­skilt om­syn til kul­tur­mil­j­øet. Mak­si­mal ut­nyt­ting skal vera 90 kvad­rat­me­ter BYA, og 70 kvad­rat­me­ter for en­kelt­bygg», legg råd­man­nen til.
– Ved Yddebu og Gamasama er det ein spe­si­ell bu­set­nad og en­k­la­re stil med små hus ein ynskjer å ta vare på, for­klar­te saks­be­hand­lar Tore Øst­lund.

Støls­om­rå­da har andre krav enn for fri­tids­bu­sta­de­ne el­les. (Ar­kiv­fo­to: Tor Har­ald Skog­heim)

Mange søkjer dispensasjon

Bak­grun­nen for at saka kom opp no, er iføl­ge råd­man­nen at mange av ei­ga­ra­ne av slike bebygde tom­ter tek kon­takt med kom­mu­nen for å høy­re om det er mog­leg med til­bygg, an­neks el­ler ut­hus.
Det­te heng sam­an med at mange ynskjer hø­ga­re stan­dard på hyt­te­ne, og at flei­re ge­ne­ra­sjo­nar ynskjer å vera på hyt­ta sam­stun­des.
Mange av hyt­te­ei­ga­ra­ne ynskjer å søke om dis­pen­sa­sjon når dei høy­rer at det ik­kje er mog­leg å byg­gje meir enn dei al­le­reie har på tom­ta.
«Ein finn det vans­ke­leg å til­rå søk­nad om dis­pen­sa­sjon utan å ha drøf­ta det­te po­li­tisk. For å gje om lag like vil­kår for alle etab­ler­te fri­tids­ei­ge­do­mar og lik be­hand­ling, legg no råd­man­nen fram ei fram ei sak for å kun­ne opne for dis­pen­sa­sjons­be­hand­ling et­ter ei in­di­vi­du­ell og konk­ret vur­de­ring av kvart til­fel­le», les vi i saks­pa­pi­ra.
Saka vart ved­te­ken sam­røys­tes.

Løy­pe­dis­ku­sjon

I for­mann­ska­pet tors­dag dis­ku­ter­te po­li­ti­ka­ra­ne òg kor­leis ein på best mog­leg måte skal få ski­løy­pe­ne for­bi uli­ke tom­ter på Bei­to­stø­len. Ik­kje minst var make­byt­te eit tema for eit av are­a­la, for å koma i mål.
– Vi kan ik­kje ha mange flei­re vint­rar der folk går med ski og dreg pul­ken over fyl­kes­veg 51, sa råd­mann Øi­vind Lang­seth, og vis­te spe­si­elt til den mang­lan­de over­gan­gen ved Kiwi på Bei­to­stø­len. Krys­sing av Finntoppvegen er eit anna punkt som kom­mu­nen må ta tak i.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


4 + 7 =