Jentutn som aldri treng å bli truga ut på tur

Hanne Alstergren (f.v.), Gry Østvik, Marit Havig og Inger Helene Nybråten på Ranheimsåsen med truger. Her er hunden Gaisa med sjølvsagt. Damene er på tur ein gong i veka saman – heile vinteren.

Inger Helene Nybråten er kjend for gode prestasjonar i skisporet. Men, saman med gode venninner i Skrautvål har ho bytta ut skia med truger. Ein gong i veka går dei tur på Ranheimsåsen.

Tekst og foto: Geir Helge Skattebo

Trugene oppstod blant jegerar og fangstfolk. Desse var avhengige av å skafe seg mat og livsopphald om vinteren. Jegerane skjønte at dei måtte ta i bruk hjelpemiddel for å koma seg fram i snøen. Dermed så vart truga utvikla.

– Trugene har nok lange tradisjonar i Valdres, så det er ikkje noko nytt. Men, eg merkar at mange no er interessert i å «truge». Eg sel iallfall mange truger i sportsbutikken, fortel Inger Helene Nybråten.

Avisa Valdres har slengt seg med Turdamene, som dei kallar seg. Alle kjem frå Skrautvål. På denne kveldsturen er dei berre fire, medan andre gonger kan dei vera seks–sju. Staden er Ranheimsåsen og snøen ligg djup.

– Å «truge» (les; gå på truger) er ein flott måte å koma seg ut på. Ein får oppleva naturen og det er god trim. Går ein på med litt tempo, kan det vera ei god treningsøkt. Men, det er ikkje det vi har som mål. Vi skal ha det sosialt og triveleg, fortel Inger Helene. Ho har snørt på seg trugene, og alle fire er klare til å gå. Hanne Alstergren, Gry Østvik og Marit Havig står med hunden Gaisa. Akkurat i kveld hadde ikkje Ann Tove Berg og Olaug Bråten tid til å vera med.

Halvannan times tur

– Vi går fast ein gong i veka om vinteren. Då har vi ei fast rute vi går, medan om sommaren varierer vi meir. Då blir det gåturar, gjerne i Heimåsen eller det kan vera i området ved Flaggberget på Leira. Nokre gonger har vi med oss kaf og noko å bite i, men vinterturane går som regel utan stopp, fortel damene.

– Har de nokon kuldegrense då, spør vi.

– Nei, turen går den. Det er berre å kle seg. Dessutan blir ein fort varm, svarar dei.

Og, det går ikkje lenge før journalisten òg kjenner temperaturen stig. Sjølv om løypa er gått opp og spora er tydelege, så er det god trening i å sette fart på oppover.

Inger Helene Nybråten likar best Tubbs, som desse, medan andre synest Atlas-trugene er gode.

– Det er som regel Hanne som er kjappast, så det hender at vi må samle troppane litt innimellom, fortel Inger Helene.

Turen dei går, gjer dei unna på halvannan time. Det er ein flott rundtur med utsyn mot flyplassen.

Fleire ulike typar

– Du seier at «å truge» har vorte meir populært, men er det stor forskjell på dei ulike typane truger?

– Eg likar best Tubbs og det er dei eg sel i sportsforretningen, medan ein annan populær type heiter Atlas. Dei skil seg frå kvarandre ved at dei har ulik binding og ledding, men størrelsen er omtrent den same. Truger ligg i prisklassen frå 400 kroner for dei billegaste «hyttetrugene», til fleire tusen kroner for dei dyraste. Dei fleste eg sel, ligg nok rundt 2500 kroner, fortel Inger Helene.

Frå ski til truge

Slår ein opp i historia, så les ein at skia er ei vidareutvikling frå trugene. Men, det var ski som var Inger Helene sin store lidenskap.

– Ein skal ikkje spørje ei dame om alderen, men eg må få spørje deg om kor lenge det er sidan du tok medalje i eit meisterskap?

– Den fyrste kom under VM i Oslo i 1982. Då tok vi gull i stafett, fortel Inger Helene, som syntes det var veldig moro å følgje med under vinter-OL i Pyeongchang.

Sjølv var ho med og tok OL-gull i Sarajevo i 1984, og sidan vart det ei ganske lang meritt liste.

– Den einaste individuelle medaljen var VM-bronse på 15 km i Thunder Bay, seier ho, i det vi har kome på toppen av ein bakketopp. Det er på tide å trekke pusten. Mørket kjem sigande, men damene har jo sjølvsagt hovudlykt med seg.

Det har vorte mykje snø i vinter, men trugeturen er fast innslag kvar veke for damene.

– Er det mykje dyreliv på turane?

– Ja, det hender. Det er iallfall mykje elg, svarar dei.

Snart er følgjet samla, inkludert Gry Østvik. Og, kanskje er det namnet òg kjend. Ho vann verdscupen i skiskyting i 1983 og har to VM-sølv i stafett frå 1984 og 1985. Så er det sagt.

Eg takkar for følgjet og lét damene traske vidare gjennom skogen. Med lett vaggande gonge går ferda ned att til bilen. Truger er lettvinte å klipse på seg og ein fin måte å koma seg fram på. Men, gamasjar er eit sjakktrekk på tur, for det er ein kald fornøyelse å få snø i skoen. Men, ein kan ikkje vera utlært på fyrste turen …




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


14 − 14 =