Skal gå Vang på tvers

Sporty jenter: I mars er veninnene og kollegaene Guro Råheim Kvam og Hanne Karlsen klara for nye bravadar. Då skal dei ikkje gå Vang på langs slik dei gjorde sist sommar, dei skal gå Vang på tvers med ski på beina.

Guro Råheim Kvam (45) og Hanne Karlsen (45) frå Vang gjekk Vang på langs sist sommar. No vil dei gå kommunen på tvers.

Tekst og foto: Torbjørn Moen

Dei er venninner, jobbar båe to i Vang kommune, Guro Råheim Kvam som etatssjef for Helse og omsorg og Hanne Karlsen på kommunekassa. Dei har ungar som er nokolunde likt gamle og dei har ustoppeleg lidenskap for mosjonering og uteliv. Men dei er ikkje dømande av den grunn, understrekar Guro, men ho meiner og har erfart at det å vera ute gjer noko med ein, mentalt, det bidreg til å lufte ut. Og det er slett ikkje om å gjera å vera best, men at flest mogleg deltek.

Setja seg mål

Sjølv har dei to sporty kommunetilsette mykje moro av å setja seg mål, og så gjennomføre.

– Ut av slikt kan det bli veldig mykje moro. Slikt har også smitteeffekt, berre sjå den gryande interessa blant tilsette i kommunen for å trimme. Det er mange tilsette som har teke oppmodinga om å trimme minimum ein halv time kvar dag. Det kan vera å ta skiturar, sykle eller gå til jobb, så premierer vi den avdelinga med best prosentvis deltaking, fortel Hanne.

Det høyrer med til historia at avdelinga som Guro er i spissen for, har vunne heile sju gonger. – Men dei er aldri i livet uslåelege, minner Hanne om. Eit år sykla ho sjølv heile 90 turar til jobb. Då må vi ile til å fortelja at Hanne bur på Åsvang, vel 10 km unna, og må mellom anna passere skumle Kvamskleiva til og frå jobb.

Aktive hjelparar

Jentene har også til felles at dei er lette å be når noko skal utrettast. Det blir mykje køyring til aktivitetar og arrangement, har vorte tallause kaker og dugnadstimar gjennom åra, noko som bidreg til godkjensla. Innimellom jobb og aktivitetar har det også vorte rom for familie- og overnattingsturar. Og dametrimmen kvar måndag på VBU skal det gode grunnar til for å skofte.

Mange tilbod

– Det er fantastisk mange tilbod i Vang for dei fleste aldersgrupper. Men det er ingen ting som slår det å gjera noko eller å ta turar på eiga hand. Til dømes på ski, fortel Guro.

Etter å ha gjennomført eit stunt sist sommar er dei klare for eit nytt denne vinteren. Dei to er glade i heimkommunen sin, Vang, og gjekk i hyllest til eigen kommune Vang på langs siste veka i juli 2017. Det tok
seks dagar. Ein halv dag med finvêr, elles mykje av det ein kan kalle dritvêr. No i mars er dei klare for å gå Vang på tvers, denne gongen på ski.

Vang på tvers

– Med brukbare tilhøve kan vi gjera unna turen på tre dagar, men vi kalkulerer med minst fire dagar og tre overnattingar, ei på Slettningsbu, ei på Tomashelleren og ei i telt. Planen er å starte på Kyrkjestølane på Filefjell og mål er sett til Øyangen. Mykje av ruta vil gå i godt over 1000 meter høgde.

Førebuingane til turen er for lengst i gang. Dei som har sett Hanne trekke pulk med vassdunk på, har sett heilt rett. Ho trenar til å fikse Vang på tvers. Og for å vera på den trygge sida har dei med telt, og berre heilt naudsynt bagasje. Å pakke for ein slik tur er ein krevjande jobb forresten, og alt ein ikkje treng, må bli att heime.

Lovprisar vinteren

– No er det fantastisk, postkortaktig over alt, heilt utruleg, stemmer jentene i.

– Vi har grepa sans for å utforske alt det flotte ein finn i eigen kommune. Å bli kjent i eigen kommune er forresten ei god oppmoding, kanskje Vang er i ei særstilling her som har nesten halve Jotunheimen innanfor eigne kommunegrenser, minner dei om.

– Men kva er det praten går om når de er på slike turar?

– Skravla går om det meste, vi ler, nyt og deler opplevingar og gleder saman. Det er lite sorger med på slike turar, vedkjenner dei. I stor grad får dei også gå i fred. Eine dagen på turen sist sommar møtte dei fem personar, elles var det nokså skrint mellom menneska som var på dei same stigane.

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


4 × five =