Kunstnar i Berlin med språk frå Valdres

Forfattarliv: Jørgen Norheim er fødd i Sollia i Østerdalen i 1952. I dag bur han delvis i Berlin, og delvis i Oslo. Størstedelen av oppveksten budde han i Vestre Slidre, og understrekar at det er der han har språket sitt frå.

Han har vore nominert til både Nordisk råds litteraturpris og Brageprisen. Men det er sjeldan vi ser han i rampelyset.

Tekst: Marianne Granheim Trøyflat

Noko av årsaka er kanskje at han har busett seg i Berlin.

Jørgen Norheim voks opp i Vestre Slidre på femti- og sekstitalet. Faren, Bjarne Norheim, var sokneprest i Slidre, og dermed vart det valdrisar av barna Jørgen, Åsta og Olav. Sistnemnde er kanskje mest kjend i Valdres i dag, med eit utal kronikkar i lokalavisa og utgjevinga av boka «Susen av Garlistuten».

Familiedrama

I 2002 kom Jørgen Norheim med romanen «Ingen er så trygg i fare». Med nominasjon til Nordisk råds litteraturpris, kunne ingen lenger igonere den litt stillfarne nynorskforfattaren, som ein gong trødde barneskorne sine i Slidre.

Handlinga i boka er basert på historiske hendingar, ispedd mystikken som ofte ligg i det å undersøke kva forfedrane våre har teke seg til. Parallelt får vi servert historia om ein høgrepopulist sin veg til toppen i politikken. Namnet hans er Hagen.

– Stilmiddelet var jo satire. Eg fekk tilbakemelding på at det var ein ganske artig roman, fortel Norheim.

I 2016 kom Jørgen Norheim med romanen «Aldri redd for mørkets makt». Her presenterer
han romanen, i samtale med broren Olav Norheim (t.v.) på kulturhuset på Fagernes.

Historie og lagnad

Vi kan ane konturane av ein historisk interessert mann, med sansen for god forteljarkunst.

I 2016 kom «Aldri redd for mørkets makt». Igjen blir familiehistorie vove saman med politisk historie. Nettleksikonet Allkunne har teke seg fridomen til å summere opp forfattarskapen på følgjande måte:

«Det skjønnlitterære prosjektet hans er hovudsakleg konsentrert om dei store hendingane og om korleis dei avgjer lagnaden til einskildmennesket».

– Det er godt skildra det, vedgår Norheim, som elles er litt overraska over at han har hamna i leksikon.

Stalinismen

I «Aldri redd for mørkets makt» får lesaren ta del i ei slektshistorie gjennom fire generasjonar. Sentralt står kommunismen, og oppbygginga av Sovjet.

Oscar Normann reiser som ung idealist til Russland i 1929 for å bidra med ingeniørkunnskapar. Det er alt anna enn gode dagar som ventar han, og han forsvinn til slutt i ein av Stalin sine fangeleiar. Til stor sorg for kone og son som ventar heime i Noreg.

Reise til Sovjet

Barnebarnet Tor Steinar Normann blir i sin tur gripen av kommunismen, som studentaktivist i Noreg på 70-talet. Det er harde frontar, og han endar mellom anna opp med å måtte betale med forholdet sitt til kjærasten Anne Knutsdotter Prestøy.

Tor Steinar etablerer seg etter kvart som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men han slepp aldri tanken på kva som kan ha skjedd med bestefaren som drog til Sovjet, og reiser på eit tidspunkt ut til dei same områda.

Skuffa kommunistar

Det er vonde og groteske hendingar som blir skildra frå Stalin sine fangeleiarar på trettitalet.

Med dette sender kanskje Norheim eit sleivspark til alle som idealiserte kommunismen? Ifølgje forfattaren sjølv, er det ikkje fullt så enkelt.

– Det som er interessant i min roman, er korleis nordmenn som trudde på kommunismen, vart grundig skuffa, seier han, og viser mellom anna til ein epoke med legal arbeidsinnvandring til Sovjet, av norske
skogsarbeidarar frå Østerdalen.

Ekstrem politikk

Norheim minnest godt det politiske klimaet blant studentane på 70-talet. Sjølv var han ikkje partipolitisk aktiv, men mellom anna leiar av Norges gymnasiastsamband.

Politikken greip inn i kvardagslivet på ein heilt annan måte enn i dag, meiner han. Norheim valde å gå på gymnaset på Tynset, sidan dei hadde ei samfunnsline.

– Politikken tok all tid for nokon av oss. Det er ekstremt å vera så oppteken av politikk, og det er få som er det i dag, konstaterer Norheim når han ser tilbake.

Norheim har fleire romanar bak seg. For «Ingen er så trygg i fare», som kom i 2002, vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Språket frå Valdres

Jørgen Norheim har budd mange år i Oslo. Han er utdanna historikar, og har i hovudsak livnært seg som redaksjonssekretær for tidsskriftet Syn og segn og som t-banesjåfør. Og så har altså forfattaren i han fått større og større plass.

Hender det av og til at han sender ein venleg tanke tilbake til bygda som lærde han å lesa og skrive?

– Som presteson er ein ikkje så stadbunden. Vi var innflyttarar, og vi måtte ut av bygda for å få utdanning. Men det som har vorte klarare for meg etter som eg har byrja å skrive, er at språket mitt har eg frå Valdres, understrekar nynorskforfattaren, på valdresdialekt god som nokon.

Debut etter førti

Det var i tjueåra Norheim for alvor byrja å skrive, og han debutert ikkje med roman før etter fylte førti.

Men han kjende tidleg at det var noko som låg for han.

– Eg likte å skrive stil, særleg på realskulen byrja eg med det. Eg hadde Olav Gullik Bø som lærar, og han var jo flink, minnest Norheim.

Verbal kultur

Norheim understrekar at han voks opp i ein før-digital periode, lenge før det fanst internett. Samstundes stod det skrivne ordet sterkt i Valdres, med ruvande forfattarar som Hauge, Fønhus og Underdal.

– Det var ein verbal kultur. Og så var det ikkje så mykje anna å drive med heller, anna enn å gå på ski og lesa bøker, vedgår prestesonen.

År med arbeid

I dag lever han halvparten av tida i Berlin, saman med kona, som er tysk. Resten av tida er han i Oslo. Der får han sett litt til dottera si og barnebarnet, og halde kontakten med Samlaget, som er forlaget hans. Ein liten tur på familiehytta i Valdres blir det også, ein sjeldan gong.

– Eg skulle gjerne vore meir der, vedgår han, men prioriterer førebels tida litt annleis.

Norheim skriv enno, og utelukkar ikkje at det kjem fleire romanar. Men det er ikkje gjort i ei handvending. Han likar å gjera det skikkeleg.

– På eit vis er kvar roman ein debut. Det ligg fleire års arbeid bak, iallfall med mine romanar, understrekar han.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


6 + 3 =