Sus av nostalgi med historiske beltebilar

Oppstart: Arbeidet med å klargjera beltebiltraseen inn til Tyinholmen og Eidsbugarden er i gang, og frå og med helga før vinterferien er ruta i gang att og materiellet er på plass, trimma og klart for enda ein ny sesong i flotte omgjevnader. Igangsettinga betyr strie dagar for Magnus Kvame.

Det må berre opplevast, å vera passasjer på ein beltebil inn til hjartet av Jotunheimen er nokså spesielt. Det er oppleving og kos. For ikkje seia å vera sjåfør på ein beltebil. Tøft.

Tekst og foto: Torbjørn Moen

Beltebilruta mellom Tyin–Tyinholmen og Eidsbugarden er einaste beltebilrute som køyrer etter rutetabell. Heilt utruleg er det at det har gått 71 år sidan den fyrste beltebilen kom til Jotunheimen, og framleis er beltebilane einaste befordring inn til turistbedriftene i området – Tyinholmen, DNT- hytta Fondsbu og Eidsbugarden. Etter kvart har beltebilane og ruta fått snev av nostalgi – bilane er av utsjånad og utrusting stort sett slik dei vart laga på 1940 -50-talet, sjølv om dei er teknisk forbetra på mange hald.

– Jotunheimen og Valdresruten (JVB) har 12 beltebilar, til disposisjon og i tur og orden har vi hatt dei inne på verkstaden til overhaling og oppgradering. Det er driftssikre doningar, og vi opplever lite med tekniske problem sjølv vêrforholda teke i betraktning, fortel beltebilansvarleg i JVB, Magnus Kvame.

Denne vinteren er hans åttende sesong i denne jobben. Men som namnet fortel, er han arveleg belasta, han har vore fast inventar på beltebilane frå han var ein neve stor. På sommaren står den same Magnus bak roret på MB Bitihorn, som går i turistrute mellom Bygdin og Eidsbugarden to gongar om dagen i turistsesongen. Kvame må innrømme då vi utfordrar han, at det er ganske tøft, spesielt og artig å køyre beltebil. Vêret er den mest spanande faktoren som ein aldri har kontroll over.

I intervjuet med beltebil- og Eidsbugarden-veteran Karl Aastad i dagens magasin fortel han om mange strabasiøse turar frå han byrja å køyre på 1950-talet, mellom anna om ein gong dei brukte 24 timar på turen inn til Eidsbugarden.

To tidsepoker: Veteranen Karl Aastad (t.v.)som var med då beltebilkjøringa starta opp for vel 70 år sidan, har mange opplevingar å fortelja til dagens beltebilansvarleg i JVB, Magnus Kvame.

– Med vanleg og problemfri køyring i dag er turen unnagjort på en halvtime, fortel Magnus Kvame.

– Det er ein tidsalder før og etter at vi anskaffa tråkkemaskin til å preparere køyretraseen. No fylgjer beltebilane vegleia, og tråkkemaskina blir nytta til å rette opp traseen og pakke snøen. Men det er når vêret står på at historiene blir skapt, også dette har sin sjarm, medgjev Kvame.

Beltebilruta frå Tyin inn til Tyinholmen og Eidsbugarden er ei såkalla bestillingsruta som går kvar dag. Den køyrer fast frå vinterferien og ut til og med 1.maihelga. I 2017 frakta beltebilane frå JVB omkring 6.000 passasjerar. Belegget på ruta har faktisk auka omkring 50 prosent på nokre år.

Det er hyttefolk, turistar og tilsette som er hovudgrunnlaget for ruta. Det er i underkant av 200 hytter i området, av desse omkring 150 berre inne på Eidsbugarden, i tillegg til turistverksemdene som er hovudgrunnlaget for ruta. Og for ikkje å gløyme turistbedriftene som nyttar beltebilane til all varetransporten.

– Vi jobbar med å utvikle beltebiltilbodet vidare, målet er å koma opp i 7.500 passasjerar på beltebilruta, fortel ein entusiastisk Kvame.

Det er også stadig fleire som ser på denne ruta som ei oppleving med litt historisk dåm, faktisk er det mange som nyttar ruta til ein sightseeing-tur ved å fylgje beltebilane inn til turistbedriftene, eta lunsj til dømes på Fondsbu, kanskje ta seg ein skitur for så å vera med attende til Tyin. Til samanlikning frakta MB Bitihorn vel 8.000 passasjerar i fjor. Rekordåret var i 1993 då heile 11.818 passasjerar var med Bitihorn.

– Etter at vi la om ruta att sist sommar, opplever vi auka interesse, legg Kvame til.

Les også: – Det likaste var å kjøre beltebil




1 Trackback / Pingback

  1. – Det likaste var å kjøre beltebil

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


nine − 7 =