Danebuløypa og Valdresmarsjen

I Danebuløypa: Ved Heimre Kjølastølen har du eineståande utsyn mot fjella både i sør og i vest. Her Bitihødn (t.v.), Kalvehøgdene, Rasletinden og mykje meir.

Frå Beitostølen går flotte løyper heile den 65 kilometer lange strekninga til Danebu på Aurdalsåsen.

Tekst og foto: Tor Harald Skogheim

Denne vinteren har vore herleg for oss som er glade i realt skiføre med kuldegrader og dunlett snø. Gode opplevingar har difor nærast stått i kø.

Stemningsfullt

Skiturane midtvinters er ofte berre på 2 – 3 timar, men er like fullt viktig påfyll. Låg sol og lange skuggar skapar fine stemningar, det same gjer snøtung skog og glitrande snøkrystallar på kvistar og snødekt bakke.

Mange turar

I skrivande stund, 25. januar, har vi alt hatt ei rekkje fine turar i nørre delen av Danebuløypa i vinter. Nokre med start på Beitostølen, andre frå Selstølhøgda innafor Yddin, eller sørover frå Yddin Fjellstogo.

På rundtur: Ved krysset vest i Rauddalen, der Øvre og Nedre Danebuløype møtest. Slettefjell og Mugnetind bak.

Øvre og Nedre løype

Mellom Beitostølen og Yddin er det to variantar på delar av strekninga. Ei Øvre Danebuløype som går mest i ope fjellterreng, og ei Nedre som går litt lunare, blant anna gjennom den trivelege Javnlie, og så på sørsida av Gravfjellet og ned skogen til Yddin.

Startpunktet på Beitostølen er nær toppen av skiheisane. Du kan også gå opp løypa like sør for Kiwi, også då kjem du opp til Øvre Danebuløype. Denne går inn mot Olestølane, vidare forbi Øysterlie og heimre Kjølastølen, og så gjennom Rauddalen til Yddin.

Frå Helsesportsenteret

Det går også an å starte frå Helsesportsenteret, i løypa mot «Stølen» og «Gamma». Då kjem du etter eit par kilometer inn på Nedre Danebuløype. Den går heilt nedtil vatnet Javnin, så oppover i og gjennom Javnlie, opp til varmestogo som ligg i Rauddalen mellom Gravfjellet og Kjølafjellet.

Nær Javnin: Tidleg i desember, på veg frå Helsesportsenteret mot Javnlie, Øysterlie og Ole.

Både frå Beitostølen og frå Yddinsida kan det lagast fine rundturar ved å gå Øvre Danebuløype eine vegen og Nedre løype den andre.

Rundturar

Danebuløypa vart ein realitet for over 20 år sidan, i godt samarbeid mellom løypelaga og –kjørarane på strekninga frå Beitostølen til Danebu. Dette opna for ei rekkje nye turmulegheiter,
frå fleire utgangspunkt.

For folk flest er det for langt å gå heile turen på ein dag. Mange går delar av løypa, eventuelt som rundturar, eller dei avtalar henting ved ein av stølsvegane som løypa kryssar.

Andre har gjennom åra overnatta ved fjellstuene på Yddin eller Vangsjøen, men dei seinare åra har stengde fjellstuer gjort dette vanskelegare.

I Javnlie: På rundtur frå Yddin, fyrst i Øvre Danebuløype til Øysterlie, og så attende i Nedre Danebuløype gjennom Javnlie.

«Valdresmarsjen»

Danebuløypa blir også brukt av turrennet Valdresmarsjen som går dei 65 kilometrane frå Beitostølen til Danebu. Start var i 2001, rennet har nesten 1000 påmelde. I år går det 10. mars.

Artig også er at «Valdresmarsj», komponert av Johannes Hanssen, no i januar vart kåra til Norges nasjonalmarsj. Den står også på lista over «verdens beste marsjer».




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


three × 2 =