Ope til Bygdin frå februar

I vinter og neste vinter skal vegen frå Garli nord for Beitostølen inn til Bygdin haldast open for allmenn ferdsel frå midten av februar fram til påske. Vegen over heile Valdresflye skal opnast før palmehelga kvart år, i vinter er opninga fredag 23. mars. Foto: Tor Harald Skogheim

Nytt elles er open fylkesveg 51 inn til Bygdin i jule- og nyttårshelga. Bommen ved Garli vart i år stengt fyrst 3. januar.

Tekst og foto: Tor Harald Skogheim

Bygdin: Endringane kjem som fylgje av eit vedtak fylkesutvalet (FU) i Oppland gjorde 21. november i fjor. Dei avviste framlegget om vinteropen veg over Flye, men innfridde andre ynske. Endringsprosjektet skal evaluerast sommaren 2019.

Til Bygdin i vinterferien

Nytt frå i vinter blir brøyting og open veg inn til Bygdin frå midt i februar, altså frå veke 7.

Syver Øistuen i Statens vegvesen seier at vegen av praktiske grunnar blir brøytt opp til Jotunheimvegen, vel ein kilometer forbi Bygdin Fjellhotell.

– Der står det alt ein bom, og det er dessutan god plass til parkering og lagring av brøyteutstyr og kjøretøy, seier han.

Øistuen legg til at det her også vil vera muleg å snu for tyngre kjøretøy som har kjørt opp hit i den tru at vegen er open over heile Valdresflye.

Etter ny ordning var bommen ved Garli nord for Beitostølen open i jule- og nyttårshelga, men vart stengt 3. januar.

Flye open til påske

Vedtaket i fylket seier også at vegen over sjølve Valdresflye skal opnast att før påske kvart år, tidlegast 20. mars og seinast 1. april. I år skal vegen etter planen opnast fredag 23. mars.

No blir det altså garantert opning før palmehelga, eit ynske reiselivsnæringa på båe sidar av Flye har hatt lenge.

– Men det er alltid vêret som avgjer på den utsette Valdresflye, seier Syver Øistuen.

Litt historie

Fram til i 2004 vart Valdresflyvegen opna langt seinare på våren. Snittet for perioden 1984 – 2004 var opning 6. mai, i 2000 var ikkje opninga før 12. mai.

Unntaket var i 1996. Då opna vegen 29. mars, etter å ha vore stengt berre 1,5 månad.

I 2004 bestemte Statens vegvesen at vegen skulle opnast seinast 15. april. I 2014 vedtok fylkeskommunen opning seinast 1. april, nokre av åra før ei tidleg påske, etter oppmoding frå kommunar og reiseliv.

VALDRESFLYVEGEN

  • Som prøveprosjekt i to vintrar blir fylkesveg 51 open Grå Garli inn til Bygdin frå midt i mars
  • Vegen over sjølve Valdresflye skal opnast før palmehelga kvart år, tidlegast 20. mars og seinast 1. april
  • Det blir open veg frå Garli inn til Bygdin i jule- og nyttårshelga



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


17 + twenty =