Ulven stilt ut i rett element

Dag Ulven (t.v.) har valt å stille ut måleria etter faren, Endre Ulven, på Vaset i Vestre Slidre. Lokala er eigd av Harald Lasskogen, som også har Joker Vaset.

Målaren Endre Ulven gjekk bort i 2016. Utstillinga av det han etterlét seg, fortel om stor kjærleik til natur og fjell.

Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat

– Det er spesielt hyggjeleg å ha det her oppe. Far var veldig glad i Vestfjella og brukte veldig mykje tid der på å jakte etter motiv, fortel sonen etter Endre Ulven, Dag Ulven.

Det er no laga ei salsutstilling på Vaset, i lokale like ved Joker, som blir eigd av Harald Lasskogen.

Og i dette området starta altså mange av ekspedisjonane til kunstmå- laren Endre Ulven frå Vestre Slidre. Sonen nemner både Vaset, Grunke og Strø som populære motiv.

Kunst opp på veggane

Hjå Ulven er det naturen som går att. Ofte fargerik, men ikkje alltid. Han er kjend for dei litt dunkle og grå stemningane også.

Produksjonen vart stor gjennom eit langt liv, og familien han etterlét seg, meiner det er for gale om ikkje fleire skal få ta del i kunstsamlinga.

– Vi meiner det er viktig at dei bileta han etterlét seg, kan koma opp på veggen hjå folk som set pris på dei. Det er der kunsten høyrer heime, seier Dag Ulven, som no er busett på Lillehammer.

Heimbygd og anleggsarbeid

Endre Ulven voks opp på Ulven i Røn. Han reiste til Oslo for å ta kunstnarutdanning, og gjekk i lære mellom anna hjå Claus Gjøstein, Bjarne Engebret og Tor Refsum.

Men etter ti år i Oslo, gjekk turen heimatt til Røn. Han busette seg i nærleiken av garden han voks opp på, og vart etter kvart maskinentreprenør.

Endre Ulven vart fødd i 1929 og døydde i 2016. Han var busett på vestsida i Røn, og måla ei rekkje landskapsbilete frå fjellområde i Valdres.

Sjølv om det var kunsten han brann for, måtte han innsjå at det var vanskeleg å livnære seg av det. Anleggsarbeid vart levevegen hans, men han heldt likevel fram med kunstmåling, så mykje han kunne.

Måleri med stemning

Dag Ulven trur mange vil kjenne seg att når dei ser måleria etter faren.

– Han var ein naturalistisk målar. Han var glad i å måle naturbilete, men hadde også nokre portrett. Han var ein kunstnar som måla bilete folk kunne kjenne seg att i, understrekar Ulven, samstundes som han trur faren var oppteken av å formidle noko meir enn berre eit bilete.

– Han var nok veldig på jakt etter stemningar og lys. Det skulle ikkje berre vera ei fotografisk attgjeving, men ei stemning, seier han.

Eit familieprosjekt

Korkje Dag eller dei to søskena hans, Trond og Ingrid, har vorte kunstnarar. Men Dag trur dei alle er inspirerte på eitt eller anna vis.

Å ha ein kunstnar i hus, blir fort eit familieprosjekt. Dag rosar mora, Eva, for at faren fekk høve til å bruke så mykje tid på kunsten. Ho passa barn og heim, og deltok samstundes på sin måte i Endre sitt livsverk.

– Det vart på mange måtar eit felles prosjekt. Mor mi er eit sosialt vesen, og vi hadde mykje folk innom. Eg har jo eigentleg vokse opp i eit galleri. Når du kom til oss, hang det bilete alle stader, minnest Ulven den yngre.

Til glede og lengsel

Utstillinga som no står på Vaset, rommar om lag tjue bilete. Dag fortel at det finst mange fleire bilete heime på eigedomen der faren budde, som også kan seljast, dersom det skulle vera ønske om det.

– Dersom folk er ute etter spesielle motiv, som dei ikkje ser der oppe, så går det an å kontakte familien, understrekar han.

Dag meiner dei aller fleste vil ha glede av å ta ein tur innom utstillinga. Han opplever at måleria til faren ofte har vore noko som hengt på veggen i heimane til folk, og skapt ein lengsel.

– Får du eit slikt bilete på veggen, ser du kvar det er ifrå. Folk har hatt det heime i stova, kasta eit blikk på det og lengta til hytta eller stølen, trur Dag Ulven.

Ei siste moglegheit

Det er sjølvsagt ikkje første gongen det blir arrangert ei utstilling med måleria til Endre Ulven ein stad i Valdres.

Men sonen minner om at det ikkje vil bli produsert fleire måleri, og at det kan vera på tide å gjera alvor av det, dersom ein ønskjer å sikre seg eitt av kunstverka.

– Det er mange som har spurt om det er mogleg å få handla eit bilete. Dette kan vera ei moglegheit for dei som har hatt det litt i tankane, men ikkje kome nokon veg med det, trur Dag Ulven.

Sette varige spor

Endre Ulven er også gjennomgangstema for Valdreskalendaren 2018, som blir gjeve ut av Valdres historielag. Han blir omtala som ein «jordnær»
kunstnar.

Dag Ulven minnest gravferda etter faren, der det vart peika på at han både var landskapsmålar og braut opp jord. På ein måte kontrastfylt, samstundes var det kanskje ein fellesnemnar.

– I begge tilfella sette han spor etter seg som vart varige, konstaterer Dag Ulven.

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


5 × three =