Satsar på mat, kultur og turisme

Siri Ødegaard og Rasmus Piltingsrud satsar på kjøttproduksjon frå grasfora angus. Siste gong det var dyr på garden, var i 1965.

Rasmus og Siri på Piltingsrud Gard i Begnadalen legg opp til ei gardsdrift som har fleire bein å stå på. – Vi kjem ikkje til å ha det kjedeleg i åra framover, seier Siri Ødegaard, nytilsett prosjektleiar på Piltingsrud i Begnadalen.

Tekst og foto: Bjørn Karsrud

Saman med gardeigar Rasmus Piltingsrud skal ho vera med på å bygge opp og føre vidare ei gardsdrift som skal ha fleire bein å stå på.

Dei to 46-åringane, som i løpet av forsommaren har vorte eit par også utover det reint vertskaps- og næringslivsmessige, har gått laus på eit prosjekt som det står respekt av.

Siri Ødegaard forlèt frå nyttår jobben som assisterande rådmann i Etnedal for å ofre seg på fulltid for drifta på Piltingsrud. Men Siri har også eigen gard i Etnedal, og vil ha den som hovudbase inntil vidare. Det ser også lyst ut for vidare drift i Etnedal ettersom ein av sønene har agronomutdanning og lyst til å overta garden – som er ein del av Wold Samdrift.

450 kubikkmeter med skurlast måtte til for å få bygd det nye fjøset, reist i massivtre.

Rasmus Piltingsrud har også mange jern i elden. I tillegg til garden driv han prosjektleiarfirmaet Piltingsrud AS. Han er ingeniør innan bygg og anlegg og har jobba mange år på entreprenørsida i bygge- og anleggsbransjen. No er han i gang med å bygge eit fjøs i massivtre på Toten.

Storgard med tradisjonar

Piltingsrud er ein tradisjonsrik storgard.

– Garden har vore i slekta sidan 1809, fortel Rasmus Piltingsrud. Sjølv har han interessante forfedrar å slekta på. Oldefar Pedor Piltingsrud grunnla i 1906 Storebrofoss Træsliberi – cellulosefabrikken i Bagn. Oldemora Mari vart gift med doktor Evjen, som i si tid etablerte Breidablikk Sanatorium.

– Ein gard som dette kan vera litt av eit åk om ein ikkje bestemmer seg for å gjera noko ut av det, seier Rasmus.

Rasmus Piltingsrud og Siri Ødegaard har eit stort og vakkert gardsanlegg å ta vare på.

Ikkje minst er det ein stor bygningsmasse å ta vare på. Den gamle bygningsmassen er på om lag 4.000 kvadratmeter. Den majestetiske gamle låven er åleine på 1800 kvadratmeter. I tillegg er det nybygde fjøset på 1.650 kvadrat. Eigaren har sjølv laga flisfyringsanlegg som omfattar alle bygningar. For vertskapet på Piltingsrud er det viktig at gardsdrifta skal vera berekraftig.

Piltingsrud har relativt lite dyrkamark, bra med utmark og store skogsområde. Grunnarealet er på 15.000 dekar og strekkjer seg heilt over til Land, der ein del av skogen tangerer dei store skogseigedommane til Christen Sveaas. Rasmus tok over Piltingsrud i 2005 frå faren Per Halgrim, som dreiv garden som skogsgard.

Kultur og overnatting

– Vi vil også drive med skog, det må vi for å kunna finansiere dei store investeringane, seier Rasmus Piltingsrud. Men dei vil ha fleire bein å stå på.

– Vi ønskjer å skapa meirverdi, laga noko ut av ressursgrunnlaget på garden. Ettersom vi ligg i eit reiselivsområde er det viktig å bruke garden i ein slik samanheng. I denne samanhengen blir det viktig å formidle gardshistoria og bruke bygningane på garden. Vi kan ikkje bu på eit museum, seier Siri Ødegaard.

Rasmus og Siri ønskjer også å gjera det som er moro, slik som å leige ut, til bryllaup, julebord og andre arrangement. Dei er også opptekne av å produsere lokalmat med høg kvalitet. På garden har det alt vore sett opp fleire skodespel og konsertar i den store lå­ven, nyleg var det julemesse med blant anna konsert med Oslo Gospel Choir.

Garden tilbyr også overnatting i stabbur, bryggarhus og kårbygning og har matservering i «Fjøset Spiseri». Den store satsinga på Piltingsrud er produksjonen av kjøtt frå storferasen angus.

Då magasinet var på reportasje på garden, stod det 9. november i kalenderen, og vi vart invitert ned på jordet der godlynte kyr framleis kunne beite på halvhøgt grønt gras og la seg lokke til fotografering med gamle bollar frå Bakern i Bagn.

Satsing på angus-kjøtt

I det nye fjøset, som vart reist for to år sidan, er det no 150 angusfe.

Rasmus Piltingsrud og Siri Ødegaard viser fram tre av gardsprodukta, anguskjøtt, elgpølse og farmorpølse.

– Kjøttet frå grasfora angus gir ei unik smaksoppleving der feittet sit i kjøtet, fortel Rasmus Piltingsrud.

Garden vil rette leveransane sine inn mot hotell og restaurantar, dessutan er kjøttet å få kjøpt i blant anna Joker-butikken i Begnadalen.

– Det vi skil oss ut på, er riktig mørning og modning av kjøttet, seier Siri.

Andre spesialitetar er «Farmorpølsa», laga etter ei oppskrift frå Astrid Piltingsrud, farmor til Rasmus – og grillpølsa med elgkjøtt og bacon, marknadsført som «Elgwurst».

– Dei riktig matinteresserte kjem til oss, seier Siri Ødegaard.

– Dyra blir no slakta hos Nortura, men vi har også håp om å opprette ei eiga slaktelinje på garden, seier Rasmus Piltingsrud.

På garden blir det lagt opp til 100 kalvingar i året. Dyra har tilhald i det nye fjøset som ligg rett nord for dei gamle gardshusa.

– Massivtreet har den fordelen at det trekker til seg og gir frå seg fukt. Det blir ikkje kondens og akustikken blir mykje betre enn i eit stål/betongfjøs, seier Rasmus Piltingsrud om det sjølvbygde fjøset i massivtre, levert av ti dobbelthengarar med skurlast frå Begna Bruk og Norsk Massivtre.

– Det er mange flinke produsentar i Valdres. Sjå berre på dei som driv med fjellgris og dei som driv Olestølen. Eg har vorte veldig inspirert av dei, seier Rasmus Piltingsrud.

– Eit spørsmål til slutt, korleis går det å ha ein etnedøl i Begnadalen?

– Det går overraskande bra, seier Rasmus Piltingsrud og smiler lurt.

 

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


twelve + 20 =