Ein Gråtass kan brukast til så mangt …

Populære Gråtassen: Ein Gråtass kan brukast til så mangt, i Øystre Slidre køyrer Gråtassar i 17. mai-toget med musikantar på tilhengjarplanet. På Åsvang tener ein Gråtass som juletrefot med ei ekstra innretning bak. Eit populært innslag blant vaksne som unge.

Denne tida er det førjulsarrangement nesten i kvar grend i Valdres. Ein flott og triveleg tradisjon mange set stor pris på.

Tekst og foto: Torbjørn Moen

På Åsvang kom nesten heile grenda på julegrantenninga som var 29. november. Det var Fjellblom musikklag som sto bak arrangementet. Minst 200 var møtt fram, ja, kanskje fleire når ein reknar med stort og smått.

Levande grend

Og makan til juletrefoten som dei på Åsvang hadde ordna seg med, har du neppe aldri før sett makan til … Så var det også fyrste gongen i historia at det var denne typen julegrantenning her, seier kjeldene. Skulen er som kjent for lengst lagt ned, og barnehagen lagt på is inntil det i tilfelle blir barn nok til at den igjen kan opnast. Men huset står der, komplett og velstelt, og elles mykje i bruk som grendehus for Åsvangområdet og flott husvære for lag og foreiningar.

Mobil juletrefot

Det var lagt mykje planlegging og sjel i julegrantenninga på Åsvang. Mange vil nok hugse den for ei stund …

Når det endeleg skulle setjast opp eit juletre på den tidlegare skuleplassen framfor gymsalen og skulebygningen på Åsvang, måtte det gjerast med omtanke. Vaktmeisteren var ikkje særleg lysten på at det skulle takast hol i asfalten, då måtte ein heller klekke ut ein god idé på ein mobil og lettvinn juletrefot der ein også tenkte på gjenbruk seinare år. Det var då ideen om å få tak i ein Gråtass dukka opp. Den gamle traktoren har som kjent gamal og ung eit forhold til. Det var på eit styremøte i Fjellblom ideen slo ned. Då var det eit par telefonar til folk i nabolaget, vipps så var alt på plass.

Jon Lerhol trødde til

Når det gjeld Gråtass var det naturleg å spørja «multikunstnaren» Jon Lerhol i området. Han er stor på Ferguson, er også ein kar med teknisk innsikt
og han er fingernæm. Resultatet vart eit røyr sveisa til løftebommen bak på hydraulikken på Gråtassen. Og når treet og anretninga skulle testas ut fungerte patentet som fot i hose. Resultatet kan du betrakte på biletet.

OPPFINNAR: Jon Lerhol vart spurt om å finne opp ein patent for ein mobil juletrefot. Ferguson-karen var ikkje sein å be. Her er resultatet som han fekk mykje skryt for.

Festkveld for grenda

Julegrantenninga på Åsvang vart elles ein fin festkveld for dei mange frammøtte. Musikk av Fjellblom musikklag som for høvet var i nye «drakter, det vil seia korpsgenserar. Det særs ivrige korpsmedlemmen Ingrid Torpe tok jobben med å strikke genserar til heile korpset, totalt 25 stykk. Ingrid fortel at ho har jobba trutt med oppdraget dei siste to månadene og som ein forstår, har det vore mykje arbeid.

Mykje var likevel gjort når dei var samde om mønsteret, og mønsteret var «sett opp». Ingrid driv aktivt med strikking og er ofte å treffe rundt om med sine strikketing. Ingrid Torpe fekk blomar frå leiar i Fjellblom musikklag, Jon Eggen. Ho vart også overraska med ei flott blautkake av korpskollega Tone Lajord. Kaka hadde bilete av den nye korpsgenseren på marsipanlokket … Mange korpsnummer sto også Vang skule- og ungdomskorps for. Jammen dukka også nissen opp inne i salen, denne gong i ung versjon med Ine Karlsen.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


seventeen − sixteen =