Humoren i høgsetet hjå husflidsdamene

Julenisselag: Dotter Tove Grethe Kolstad som mor Ingrid Kolstad, trivst med nissar i alle variantar. Det er Ingrid som framfor nokon har teken på å strikka og tova nissar i alle storleikar.

– Vi har det i alle fall moro i lag, samstundes som vi bidreg til å taka vare på gode tradisjonar, seier Tove Grethe Kolstad, leiar i Øystre Slidre Husflidslag. 

Tekst: Torbjørn Moen
Foto: Trygve Lien

Dette er utvilsamt blant dei laga i Valdres som er langt over snittet aktive. I 30 år har dei halde det gåande, og dei ser berre framover. Og svarar slik når vi spør ut blant styremedlemmene om alderssamansetjinga i laget:

– Her er det plass til alle. Leiar Tove Grethe Kolstad skyt inn: – Medlemsmassen består av godt vaksne folk, nokon er under 50 år, men vi jobbar med rekruttering …

Held hus på Løken

– Drivkraft er å skape litt liv og røre, ha det moro. Vi er dessutan svært opptekne av å halde gamle tradisjonar og teknikkar i hevd. Vi skal heller ikkje underslå at det sosiale er viktig, seier ho. Det siste skal vi meir enn gjerne skrive under på etter ein kveld som fluge på veggen. Det er vanskeleg ikkje å la seg begeistre.

GARN OG NÅL: Det er full konsentrasjon hjå Kristin Gladhaug (t.v.) og Gjertrud Rogne som driv med hekling.

På husflidskveldane, som er kvar onsdag med unntak for skuleferien, er det livat i romma i den tidlegare prestegardsbustaden i Volbu. Bygningen, som er freda, har også tidlegare vore direktørbustaden for sjefen på den tidlegare Løken forsøksgard. Ein periode var det også administrasjonsbygg for dei tilsette på Løken inntil nybygget kom. I mange år har Husflidslaget vore heldige som har sikra seg leigeavtale her. Mange rom gjer huset svært eigna for aktiviteten deidriv, fortel damene vi møter.

Halde det gåande i 30 år

– Før var nokre karar med, men no er det kvinnfolka som rår grunnen. Men ikkje misforstå, vi vil gjerne ha med mannfolk. Dei treng ikkje vera spesielt modige for å bli med her, understrekar styreleiar Kolstad med glimt i auget.


KREATIVE FINGRAR: Hildegunn Dale er også spesialist på firfletting, men her er ho igang ved veven på noko som kan ende ut i eit skjerf.

Ein annan styremedlem understrekar kor viktig arbeidet dei held på med er, ettersom formingsfaget i skulen er nesten borte.

Laget kunne sjå attende på 30 års samanhengande drift i oktober i år. I 1987 vart laget stifta, og ein viktig inspirator i samband med stiftinga var driftige Marit Anny Løken Tvenge, som då var leiar i Oppland Husflidslag. Jorid Morisbak var fyrste leiaren.

Held oppe tradisjonar

– Ja, vi har nok framleis medlemmer som har vore med frå dag ein. Det er nok somme som nesten ikkje har skulka ein einaste kveld, fortel Tove Grethe Kolstad.

Aktiviteten er mangearta. På mø- tedagane gjennom året driv folk med det dei brenn mest for. Og det er konstant læring. Nokon strikkar, somme heklar, vevane går varme og andre har andre yndlingshobbyar. Firflettingsteknikken som er ein heilt spesiell tradisjon for Øystre Slidre, opplever blomstringstider hjå denne gjengen.

Randi Lauvrud, senior i gjengen, er ein av ikkje så veldig mange som ivrar for tågbinding, men driv gjerne også med andre ting.


TÅG-TEKNIKKEN: Randi Lauvrud med ein jule-uro der stjernene er laga av halm, medan ringen rundt er i tågbinding. Lauvrud har laga seg mykje fint av tåg.

– Ja, dette er ein hobby der tolmodet kjem godt til nytte, seier ho. Røtene som dei arbeider med, grev dei opp sjølve. Dei er gjerne syltynne og er frå bjørk, og dei må leggjast i vatn for at dei skal vera elastiske nok til å arbeide med.

– Det er også vanleg å splitte dei, fortel Lauvrud, som mellom anna nyttar teknikken i krona på dei staselege «juleuroene» ho lagar denne tida.

Lagar juleting

Førjulstida er heilt spesiell for husflidsdamen i Øystre Slidre. Fleire av onsdagane i oppkøyringa til jula er det juleting som står på dagsordenen. Slike ting du sjeldan finn i kjedebutikkane … men som berre nennsomme kvinnehender maktar å trylle fram. Dei er tru mot tradisjonane husflidskvinnene i Øystre Slidre, kan ein trygt seia.

– Lysstøyping er ein ettertrakta aktivitet denne tida. Mange lagar då sine eigne Heilag tre kongars-lys som dei nyttar i samband med feiringa av Heilage tre kongars dag, som er 6. desember kvart år.

– Brenn lyset fint utan å sprake, blir det eit godt år, medan det gir dårlege utsikter om lyset sprakar ved brenning, fortel Randi Lauvrud.

JULEFØREBUINGAR: Lysestøyping ein førjulskveld. Frå venstre Gudrun Hagen, Anne Mari Helle, Mari Mørstad og Ragnhild Steinde.

– Lysa blir støypte av ein stor del stearin, litt parafin oppi og så har vi i litt bivoks for å gje god lukt og rett farge, fortel Anne Mari Helle, som leiar lysestøypargjengen.

… og strikkar julekuler

– Mange driv også med halmarbeid, då er det gjenbruk av gamle juleband som gjeld, fortel Tove Grethe Kolstad. Andre brenn for julebrodering, produksjon av nissar i alle variantar er populært og det same er å lage adventskransar. Då kjem brisk, mose og gjerne kongler godt med.

– Vi har attpåtil vore bitne av basillen med å strikke julekuler. Arne og Carlos gjesta Øystre Slidre (fellesarr. mellom husflidslaget og biblioteket) hausten 2015.

GAMAL TEKNIKK: Helga Dahlen driv med firfletting. Det er ein gamal teknikk frå
Øystre Slidre, som i dag er på «Raudlista».

6. desember er det avslutningsfest med graut med mandel i og mandelgåve til den heldige. Attåt blir som god tradisjon servert raud saft og spekemat.

Også sosial verksemd

Det er vanskeleg å skrive om Øystre Slidre Husflidslag utan å koma innom mykje av det andre den driftige gjengen held på med gjennom året. Strikkekafé arrangerer dei eit par gonger i året, mellom anna på Beitostølen, og nemnast må også den sosiale verksemda laget driv for unge og ikkje minst for den eldre garde mellom anna på sjukeheimen. Eige påskeverkstad er også ein innarbeidd aktivitet. For 15. sommaren på rad trør dei driftige damene i gang att med husflidsutsalet på Herang til sommaren. Det bidreg ikkje minst til å sikre laget god økonomi.

Planlegging, ja, det er viktig det, då dreg damene på stølen til Tove Grethe Kolstad. – Då har vi idémyldring, fortel styregjengen som Valdresmagasinet møtte. Resultatet er som oftast eit omfattande aktivitetsprogram som tek pusten frå latsabbar.

HALMARBEID: Gertrud Rogne (t.v.), Randi Lauvrud og Marit Waal lagar ting av
halm, gjenbruk av julenek.

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


2 + seven =