Hyttebuaren i Kvislavegen

Liker seg: Olav Norheim liker seg godt i hus og hytte - aller mest i hytta. (Foto: Halgrim Øistad)

Olav Norheim er ein trufast hyttebuar. Mange kjenner han som ein kjær kronikør i avisa – ikkje sjeldan dreier det seg om hytter og hytteliv. Mitt bu, min heim, min keisardom heiter det i songen. For Olav Norheim er dette familiehytta på Sørre Syndin. 

Tekst og foto: Bjørn Karsrud

I hytta i Kvislevegen 783 har han campert saman med mor og far, syster og bror, onklar og tanter, kjerringa Kari Tingelstad og døtrene Ingrid og Mari – og gode vener meir og mindre sidan 1971. Hytta eig han no saman med syster Åsta og den framleis aktive molteplukkaren morbror Rolf på 90.

For familien vart dette ein plass å vende tilbake til etter at faren Bjarne slutta som sokneprest i Vestre Slidre og familiemedlemmene flytte ut av bygda.

– Hytteliv er eit velstandsfenomen. Men å koma på hytta er også å koma tilbake til barndommen ein stad, seier Norheim.

For Olav er hytta ein stad å kople av, mens det for andre er næringsutvikling. Olav Norheim har eit nært forhold til hytta, men også til Valdres spesielt. Familien Norheim kom til Slidre i 1958, frå Sollia i Østerdalen.

– Då prata eg eit slags østerdalsbokmål, fortel Olav Norheim.

– Men etter det vart det vaskeekte slidremål, frå då av og alle år seinare?

– Ja, eg laut det, då måtta, seier Olav Norheim. Etter barneår på Nesja skule gjekk vegleia via realskule, Valdres gymnas, folkehøgskule og medielinja i Volda inn i eit mangfaldig yrkesliv.

I hyttesofaen: Innimellom blir det tid til bøker. Her blar Olav Norheim i Potetboka, som han skreiv i 1993. På bordet ligg Smørbukk og Garlistuten.

Smørbukk og Kjell Opseth

Dikting, skriving og publisering har alltid vore ein viktig del av livet til hyttevaldrisen, som sidan tidleg på 1990tal har vore busett på Norderhov.

– Eg starta med skuleavis på gymnaset for 50 år sidan, saman med Erling Nyhus, Håkon Haugen og fleire, fortel Norheim. Avisnamnet var Opus 13.

Så vart det sivilarbeid i Noregs Ungdomslag og skriving i bladet Norsk Ungdom. Før vegen gjekk vidare til journalistjobbar i Nynorsk Pressekontor og Oppland Arbeiderblad, så historiestudium på Høgskulen i Lillehammer, frilansing i Dagningen, NRK Oppland og Valdres Folkemuseum.

I 1983 vart han redaktør i Norsk Barneblad. Då laut Olav og familien flytte til Larvik, der bladet kom ut. Etter åtte år på redaktørkrakken – der han også skreiv tekstane til teikneserien Smørbukk – vart det arbeid for Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag. Innimellom bygde han opp teikneseriesamlinga på Maihaugen.

– I 1996 vart Kjell Opseth kommunalminister. Han ville ha statsbudsjettet på nynorsk, fortel Olav Norheim. Det vart starten på eit fleirårig engasjement som departemental
språkkonsulent. Men ei trøblete helse gjorde at han etter kvart måtte trappe ned som yrkesaktiv og forhalde seg til Aetat og NAV. Attåt har det vorte prosjektarbeid, frilansing, avisskriving og arbeid på bibliotek. Men i alle desse åra har han ikkje ligge på latsida. Skrivekløa har vore sterk.

Potet, eventyr og Jørn Hilme

I 1993 gav han ut ei fagbok for barn, Potetboka, ei bok som også hadde relasjon til Valdres ettersom potetprest Ruge i Slidre var ein av figurane i boka.

– Og denne boka vart belønna med pris frå Kulturdepartementet?

– Ja, og prisen vart overrekt av kulturministeren personleg, «sjølvaste» Åse Kleveland, seier Olav Norheim, og gjer sitt beste for å skjule ei aldri så lita stoltheit. Det stoppa ikkje der. I 1997 kom runeboka Bilde i berg, som resulterte i nok ein litteraturpris.

Attåt dette nemner vi bøkene Alle tiders Ringerike, Slik var det da om livet i Hole rundt 1905, Smørbukk 70 år, Asbjørnsen og Moe på eventyr og Susen av Garlistuten. Den sistnemnde boka kom for to år sidan og handlar om meisterspelemannen Jørn Hilme og den legendariske fela hans, Garlistuten. Boka var også forsynt med,songen «Hei, gamle felespelar», fritt omsett etter Bob Dylans «Hey, mister Tambourine Man», i 2015 nydeleg framført på YouTube av Lars Skattebu og Caroline Eugenie Synvis. Den
songlyriske omsetjinga viser med andre ord at Norheimen også har lyriske årer.

– Det er klart at eg får idear når eg er på hytta, seier Olav Norheim, når vi spør om det er hytta som gir han inspirasjon til å skrive.

– Her i Åsbu på 1000 meter over havet kan eg også filosofere over hyttelivet, seier Olav, som i tillegg til å forsyne avisa Valdres med «hyttekronikkar» også har bidrege med ein artikkel om hytteliv i siste Syn og Segn, eit nummer der hytter er tema.

– Redaktør Moen passerer ofte forbi hytta di på veg til støls. Han har sett at du oftast sit i hytteveggen og les?

Hytteliv: OlavNorheim trivst godt når han kan sitja i hytteveggen med kaffi koppen og «Kvednalappen».

– Ja, eg sit ofte med nasin i ei bok eller eg går til Fiskeløyse og snur, eller til Sonja-varden. Men eg kløyver også ved, og eg har vore på både Svarthamaren og Hugakøllen. Og no har vi bygd på hytta med vaskerom med varme i golvet og innedo, skrøyter Olav Norheim, og reduserer dermed inntrykket av at han er einspora bokorm.

Hytteskatt med glede

– Du betaler hytteskatt med glede?

– Ja, vi hytteeigarar får så mykje gratis – snø og turterreng og blåbær og tytebær og levande kyr og sau og fager fjellheim. Hyttene gir inntekter til handverkarar og grunneigarar, men rekneskap viser ifølgje Telemarksforsking at det for kommunane går butt i butt.

– Mange meiner at hyttefolket bør ha stemmerett i hyttekommunen?

– Eg har nok med å stemme i min eigen kommune. Eg vil ikkje meine noko som helst om asfaltering av bygdevegar og barnehagar i Slidre.

– I 2018 blir du 67. Skal du pensjonere deg heilt då?

– Eg held nok fram med å skrive etter 67. Eg har veldig lyst til å laga ei skikkeleg hytterølpebok, avsluttar hyttemannen i Kvislavegen.

 

 

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


4 × one =