Kortreist kos på gamal hytte

På ein stad som Breiset - der det er så åpent og luftig og med vidstrakt utsyn får ein lett vind i håret slik som Ivar og Ingrid Aars som står ved hytta frå 1913.

Det kultur- og historieinteresserte ekteparet er verkeleg flinke til å ta vare på det gamle. Inne i den gamle stova er mykje slik det var for over hundre år sia.

Tekst og foto: Ola Onstad

Ingrid og Ivar Aars er busette på Leira, berre ein halvtimes køyretur frå Breiset. Gjennom eit langt liv har dei vore svært mykje på hytta med namnet Kvilut.

– Hytta og Breiset betyr svært mykje for oss alle i familien, og Ingrid og eg møtte kvarandre til og med her. Svigerfar Ingvar Ødegaard, som var prost i Valdres, hadde stølsmesse på Breiset. Eg såg det sat ei så søt jente der, så då det var kaffeservering på ein støl etterpå passa eg på å gå dit. Dette var i 1954, men det gjekk nokre år før det vart oss. Eg trefte Ingrid att i 1959, vi prata og brevveksla – og då var det gjort, fortel Ivar med eit smil.

– Vi gifta oss vintersolkverv i 1963, og bryllaupsturen gjekk sjølvsagt til Breiset.

På dette gamle biletet frå då hytta vart bygd, sit mor til Ivar Aars på stigen. Dei andre som hjelpte til utdanna seg til politi. Det kan ha vore dei første politikvinnene i landet.

Spanande historie

Læraren Ingrid hadde oppveksten sin i Trysil og Valdres. Osloguten Ivar vart lektor på gymnaset og seinare den vidaregåande skulen i Valdres. Han er målmann, KrF-politikar og har i ein mannsalder vore redaktør for årboka
til Valdres Historielag. Det er interessant å høyre han fortelje om korleis mormora Helene Klem fekk seg hytte på Breiset.

Ho var gift med ein doktor, og dei budde på Fagernes eit år. Det var ikkje så mange pasientar då dei var på Fagernes i 1895. Han søkte om støtte frå kommunen på 200 kroner, men saka vart utsett og det enda med at dei flytte til Sørøya i Finnmark, der dei var i seks år. Morfaren døydde i 1906, og mormora flytta til Kristiania.

I den gamle hytta er mykje av det gamle tatt vare på, og kvar gjenstand har si historie.

– Besteforeldra mine var vener med dei som hadde garden Nes på Fagernes, og dei budde der ei periode. Denne garden hadde stølen Nestrøe på Breiset. Då mormor var på Breiset i 1908 kom det eit voldsomt regnvêr, og ho måtte vera der eit par dagar ekstra. Då trefte ho Kari Hovrud, og dei vart vener for livet. Mormor Helene Klem besøkte ofte Kari på stølenpå Breiset, og då dei skulle rive ein låve på garden der Kari budde, fekk mormor tilbod om å få tømmer til ei hytte. Slik vart hytta bygd.

Yrande liv

– Det var eit yrande liv her då vi var på hytta i oppveksten min. Med 30 stølar er Breiset eit av dei største stølslaga i landet, og det var dyr og ungar og aktivitet over alt. Det var ei flott tid, seier Ivar.

Måleriet som Ingrid og Ivar Aars viser fram er laga av Helene Klem, som fekk bygd hytta i 1913.

– Ja, tenk berre på lydnivået med alle bjøllene på dyra, skyt Ingrid inn.

– Det var geiter på alle stølar, i tillegg til alle dei andre dyra som var her. Det er flott å vera her no også med det opne landskapet og den vide utsikta. Men dyra er blitt færre – det er berre to som er på stølen med dyr her no.

– I hytta frå 1913 er det eit stort og to mindre, litt kalde rom. I påskene kunne det bu så mange som 10 personar i stova på fem gonger fem meter, seier Ivar.

Hestetransport

Ivar hugsar at dei tok tog frå Oslo til Leira då dei skulle på hytta. Der vart dei henta med hest og slede eller vogn og skyssa til garden til Inga og Knut Hovrud, som serverte mat før turen gjekk vidare til fjells. Både dei og Kristine
og Arnt Øvderby var svært rause folk. Kontakten med stølsnaboane på Breiset har også alltid vore god.

Sengene i stova vart bygd i 1913 og er framleis i bruk. Hytta er godt bygd. Den gamle delen er varmare enn den nye.

– Då vi var på hytta, var vi som regel ein gong i veka nede i bygda og handla. Då var det å gå ned til Lo, ro over til Fagernes og det same tilbake. Mor var friluftsdame, og tok med bror min Øystein og meg på mange fine turar. Far var handikappa, og måtte ta omsyn til det. Vi har halde fram med turkosen saman med våre tre ungar og seks barnebarn. Det er koseleg å sjå at dei som kjem etter oss er glade i hytta og Breiset. Eldstedottera vår Elin med familie skal snart overta den gamle hytta frå 1913. Sonen vår Jon skal overta ein heimstøl vi har litt nedanfor Breiset og yngstejenta Marit har ei hytte nede i skogen. Det at eg også har bror, nevø og søskenbarn med hytte på Breiset seier sitt om kva denne plassen betyr for alle oss etterkommarar av mormor Helene Klem, seier Ivar.

Enkelt og triveleg

1954 vart hytta påbygd med kjøken og soverom med hems over. Ute på tunet har dei sett opp eit koseleg anneks og eit uthus.

Med hytte, anneks og uthus har Ingrid og Ivar
Aars laga seg eit triveleg hyttetun på Breiset.

Ingrid og Ivar kan ikkje by den siste moderne baderoms- eller kjøkenløysinga på hytta, men kva betyr vel det når dei har ei så gamal og flott hytte med så mykje spanande historie. Mormor Helene Klem var kunstnar og har sett spor etter seg i hytta med fine måleri mellom anna på dørene. Ho skreiv diktsamlinga ”Til fjells med Øystein og Ivar”. Komponisten Nelly Enger har sett melodi til fleire av dikta. Hytteboka til Helene Klem vart laga som eit blad. Ho kalla det ”Fjellapskausen”. Det er fem hyttebøker i den gamle hytta, med dikt, teikningar og familiehistorie. Fleire kjende folk har skreve helsingar og dikt der.

– Vi er heldige som har ein plass som dette som samlar familie og vener. Vi set også stor pris på at vi har så kort veg til Breiset. Her finn vi ro og glede, avsluttar Ingrid.

Ivar Aars brukar det gamle, artige ordet «steinjeringi» på varden ovafor hytta på Breiset. Der kan han sjå fjell og dalar langt borte.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


five × 1 =