Satsar på eit liv med mykje meining

Randi Ødegården stortrivst med geitene sine på stølen på Slettefjell. Ho er klar for å ta over garden etter foreldra sine til nyttår. Sambuaren Halvor blir med som moralsk støtte og muskelkraft.

Randi Ødegården satsar på eit liv som geitebonde i Vang. Men hadde ikkje faren kome ut for ei trafikkulukke, hadde det neppe vorte slik.

Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat

SLETTEFJELL: – Gardane er ganske små. Det å utnytte fjellbeite, er å gjera dei mykje større, fortel Andris Ødegården, definitivt i sitt rette element, der han sit på stølen med geitene
framfor seg, og dei gamle fjell trygt i bakgrunnen.

Elles i året driv han heime på Ødegården, i Liagardane i Vang. Det har han gjort heile livet, men no er det siste sommaren han kan kalle seg bonde på garden. Til nyttår overtek dottera Randi.

Verdien av matproduksjon

Randi er tjueni år og nest eldst i søskenflokken på tre. Alle er glade i både gard og fjell, men Randi meiner det er ho som har peika seg ut som arvtakaren til geitedrifta, om nokon. Ho har slett ikkje vore sikker på at det skulle
gå den vegen. Men no gler ho seg, og har sett kor viktig det er at nokon gjer dette arbeidet.

– Eg har aldri hatt ein draum om å drive gard. Men du forstår kor viktig det er å produsere mat. Korleis hadde det sett ut her, om det ikkje hadde gått geiter her, spør Randi, og viser til dei vide, fine viddene rett utanfor stølsgjerdet.

Hell i uhell

I juni 2013 kom Andris ut for ei trafikkulukke og fekk øydelagt eine armen. Han vart liggjande på sjukehus heile sommaren, og familien trødde
til på dugnad.

Randi Ødegården går i fotspora til faren Andris Ødegården, og blir geitebonde på fulltid. Far håpar han får vera med mykje enno, sjølv om armen er øydelagd etter ei trafikkulukke.

Når hausten kom, vart det spørsmål om vidare drift. Randi sa seg viljug til å stille opp ein vinter.

– Eg hadde ingen planar den vinteren, og eg skulle vera heime eit år i første omgang. No vil eg ikkje flytte frå Vang att, slår ho fast.

Randi frykta eit dårleg sosialt liv ved å flytte tilbake til Valdres. Men ho opplevde at mange jamaldringar kom tilbake om lag på same tid, og jammen dukka det ikkje også opp ein kjekk, ung mann ved namn Halvor, som no har vorte sambuar.

Ein livsstil

Halvor er klar for gardslivet saman med Randi. Han vil gjerne halde fram i jobben sin som vass- og avløpsingeniør i Vang kommune, men presiserer at han ønskjer å støtte Randi så godt han kan.

– I næraste framtid er rolla mi å vera ein god sambuar og kjærast. På sikt håpar eg kunne bidra meir, seier Halvor.

For å vera sambuar med ein bonde, må ein vera tolmodig, er dei samde om. Det blir ein livsstil ut av det.

– Det krev at han sysselset seg sjølv og likevel har lyst å bu med meg, seier Randi og fortel om lange ettermiddagar i fjøset og mange uføresette hendingar som gjer at ein kanskje ikkje får så mykje tid saman som ein skulle ønskje.

Blir flinkare med dyra

Halvor kjem sjølv frå gard, så han er slett ikkje hjelpelaus i faget. Men det med dyr er noko nytt for han, seier Randi, som likevel synest han lærer fort.

– Han blir flinkare til å jage sau, seier ho og ser bort på far sin og ler.

Mor til Randi, Kari Hagaseth, er samd.

– Det er ikkje så lett å forklare korleis ein skal gjera det heller, ein må erfare, seier ho, som har drive geitegarden saman med Andris sidan ho kom dit for over tretti år sidan.

Kari Hagaseth har vore geitebonde i over tretti år. – Du har di eiga bedrift, og kan styre mykje sjølv, seier ho, og finn mykje glede i å halde i hevd tradisjonar, og produsere mat. Her klar til mjølking i geitefjøset på stølen. (Foto: Trygve Lien)

Kutta ut kua

Andris har drive med dette så lenge han kan hugse. Og kanskje har han heller ikkje tenkt på at han skulle gjera noko anna.

– Eg er fødd på dette bruket og har stort sett vore her sidan, seier han.

Han voks opp med både kyr, sau og geit. Etter kvart kutta han ut kyrne. Han meiner det gjev betre utnytting av beitet å ha småfe, og økonomisk er det også det som løner seg, fortel han.

Men korleis er det eigentleg med økonomien i denne gardsdrifta? Mange kollegaer i landbruket har kasta inn handkledet på grunn av manglande lønsemd den perioden Andris og Kari har drive.

– Det var ikkje første tanken min at eg skulle bli millionær av dette, seier Andris.

Har satsa og bygd nytt

Men noko må dei ha gjort rett, for det har vore økonomi til å byggje nytt både heime og på stølen. Nytt sauefjøs og nytt kårhus er berre to av døma.

– Til tider har det vore meir trivsel enn inntekt, men det har no skrangla og gått, seier Andris.

Randi meiner foreldra har vore gode til å få ting til å snu.

– De har jo drive med dette fordi de kan det, og det har gått bra, seier ho.

Med trivsel og interesse

Andris har vore fast involvert i drifta sidan han femten år. Kor mykje som var plikt og kor mykje som var glede, er kan hende vanskeleg å sortere ut att, men pågangsmotet har så avgjort vore til stades.

– Det er noko med interessa for å ta vare på alt dette, seier Andris og ser rundt seg.

Fjell og stølsvidder så langt auget kan sjå. Geitebøndene minner om at landskapet hadde vore eit ganske anna utan aktiv stølsdrift.

Å ta vare på dyr og produsere mat i fjellområde er noko han finn meining i. Og fellesskapen med dei andre på garden.

– Eg trivst så godt med dette, og å vera saman med dei som er på bruket, oppsummerer han.

Resten av familien ler og lurer litt på om det er dyra eller menneska han siktar til. Vonleg har begge delar ein sjarm over seg.

Forsøk på radioaktivitet

Geitebøndene er på stølen tre månader i året. Heile denne tida kan geitene forsyne seg av maten i fjellet. Bøndene vedgår at det kjem ein kraftfôrbil iblant, men presiserer likevel at dei har svært god nytte av utmarksbeitet.

Men det er også ei ulempe med det. Det er den radioaktiviteten som framleis er i bakken etter Tsjernobylulukka i 1986, da Valdres fekk ei mengd radioaktivt nedbør.

Bøndene må framleis gje dyra kraftfôr med berlinerblått. Dei er også med i eit forsøk, der det blir undersøkt kor stor verknad dette har, altså kor mykje radioaktivitet som framleis er i omløp. Da er det nokre av geitene som får anna fôring.

Geitene til familien Ødegården er med i eit prosjekt knytt til radioaktivitet, som følgje av Tsjernobylulukka i 1986. – Dei som har raude halsband, skal ikkje ha berlinerblått kraftfôr, forklarar Randi.

Randi peikar på ei geit med eit halsband.

– Dei som har raude halsband, skal ikkje ha berlinerblått kraftfôr, forklarar den unge bonden.

Byggjer ut for enklare drift

Randi overtek til nyttår. Med på kjø­ pet får ho gard, støl og heimstøl, hundre og seksti mjølkegeiter, eit knippe mohairgeiter og førti vinterfôra sau. Geitene kjear i januar og februar, da tek også mjølkinga til. Det blir eit intenst arbeid for den som har valt å ta på seg dette ansvaret åleine.

Kari og Andris har vore to om drifta, og arbeidd mykje i lag, især i fjøset. Randi ser at deira driftsopplegg blir for tungt for ein person i lengda. Ho har bestemt seg for å byggje ut fjøset. Det blir ikkje billig, men naudsynt om ho skal halde ut arbeidet i mange år, trur ho.

– Skal ein person satse på dette, må det lettare løysingar til, meiner ho.

Kårfolka hjelper til

Sjølv om Randi skal ha hovudansvaret, har ikkje resten av familien tenkt å la henne stå med det åleine. Signala frå faren har vore tydelege.

– Om pappa ikkje får hjelpe til, må han finne seg avløysarjobb i Gudbrandsdalen. Elles vil det gå fort nedover med han, seier Randi.

Mor står like bak.

– Eg vil så klart hjelpe til. Men eg vil kanskje trappe ned litt, seier Kari.

Det har vore mange dagar i fjøset. Stundom freistar resten av verda litt meir. Ektemannen har ikkje alltid vore like ivrig på å reise bort.

– Men da har jo vi reist på ferie, skyt Randi inn.

Har ikkje lagt press på barna

Gleda er stor over at Randi tek over livsverket til foreldra.

– Det er heilt supert, seier Kari.

– Økonomien i landbruket er ikkje den tryggaste, men det har han heller aldri vore, påpeikar Andris.

– Det har vi levd med heile tida. Eg er ikkje bekymra for dei som tek seg til å drive med gard, seier han.

Andris understrekar at han ikkje har forsøkt å tvinge barna sine til å drive med det same som han sjølv.

– Vi har aldri lagt noko press på dei til noko som helst, understrekar han.

Randi stadfestar kontant.

– Nei, det har de ikkje gjort.

Satsar på kjøttprodukt

Randi skulle gjerne hatt meir mjølkekvote når ho byggjer ut fjøset, men det er ikkje mogleg å få tak i. Ho innser derfor at ho må prøve å lage tilleggsprodukt.

Ho fortel at dei allereie sel kurv av geitekjøtt, og har trua på at det kan løne seg å auke denne produksjonen.

– Eg trur folk får meir og meir auga opp for mat som dei veit korleis har hatt det. Desse geitene går ute heile sommaren og har det bra, påpeikar Randi.

– Å vera to er voldsomt kjekt

Randi er i utgangspunktet utdanna lærar. Om ikkje faren hadde kome ut for ei ulukke, og vorte avhengig av hjelp frå dottera, trur ho heller ikkje at ho hadde overteke.

– Hadde det gått fleire år, hadde eg nok etablert meg ein annan plass. Så det er viktig å la dei unge sleppe til, slår Randi fast.

Randi og Halvor bur i kårhuset på garden, og trur det blir greitt å vera på same gard som foreldra til Randi, berre ein ikkje er i same huset.

Randi er glad ho har Halvor å støtte seg på, sjølv om forma og omfanget på samarbeidet vil bli litt annleis enn hjå foreldra.

– Det å vera to er voldsomt kjekt, nesten heile tida, konstaterer Andris Ødegården.

– Vi er glad vi slepp å bu i same hus, men har mykje hjelp i kvarandre, seier Randi Ødegården og ser bort på foreldra sine, Kari Hagaseth og Andris Ødegården. Til nyttår blir ho gardeigar, og skal dele hus med sambuaren Halvor Eggen Pettersen.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


nineteen + seventeen =