Vedtok revidert plan for Nøsen

Ny eigar, Nøsen Yoga Retreat Center, får høve til å selje hyttetomter til private, men med strenge krav om val om utforming. (Foto: Geir Helge Skattebo)

Kommunestyret i Vestre Slidre har vedteke at det kan seljast 21 hytter på området rundt Nøsen, men med avgrensing for utforminga.

Tekst: Tor Harald Skogheim

VESTRE SLIDRE: Kommunestyret vedtok nyleg revidert reguleringplan for Nøsen, etter at planen nyleg var ute på høyring.

– Sleppt for langt

Mest diskusjon var det rundt krav til korleis hyttene skal sjå ut.

– Vi har kanskje sleppt ting for langt. Dette er eit ope og sårbart område, og meininga var å halde eit einheitleg preg. No fryktar eg det kan framstå som eit heilt vanleg hyttefelt, sa Haldor Ødegård.

Fjerna utleigeplikt

Bakgrunnen i saka er at det i reguleringsplan for Nøsen, vedteken i 2006, vart lagt ut eit areal rundt dåverande fjellstue med lov til å setje opp hytter. Dei skulle kunne seljast til private, men med krav om utleigeplikt, dette for å bidra til å styrke drifta av fjellstua.

Haldor Ødegård foreslo å godkjenne berre inntil fem typer hytter rundt Nøsen. (Foto: Tor Harald Skogheim)

Slik ordning har ikkje fungert, difor godkjende kommunestyret i februar i år ei reforhandla utbyggingsavtale med ny eigar av Nøsen der utleigeplikta var avvikla. I staden vart det vedteke at hytter kan seljast, og ved kvart sal av hytte/tomt skal 200.000 kroner gå direkte til investering i fjellstua.

Omregulering

For å selje til private måtte det til omregulering til kombinert føremål (privat fritidsbygg/utleige). Det er også vedteke å opprette eit feste for kvar hytte/tomt.

Må ha rammer

Eit krav i revidert reguleringsplan er godkjenning av plan for vatn og avløp (VA) for heile området før bygging på tomtene.

Når det gjeld utforming av hyttene sa sakshandsamar Steinar Tvedt at nokre rammer må liggje til grunn, som areal, byggjestil, takhøgde og tekkjemateriale.

– Så kan formannskapet bruke skjønn i tillegg, sa Tvedt.

Skifer, tre eller torv

Dei folkevalde drøfta ulike løysingar, blant anna om å tillate nokre få typer hytter. Dei vedtok samrøystes eit framlegg frå Ødegård om å godkjenne inntil fem hyttetyper, alle i samsvar med tidlegare planer for utforming.

Ødegård fekk berre fire andre med seg på kravet om torvtak på alle hytter. Fleirtalet gjekk inn for å godta skifer, tre eller torv.

Hytter ved Nøsen

  • Reguleringsplan i 2006 opna for å byggje inntil 21 hytter, også for private, men med utleigeplikt
  • Intensjonen var å styrke drift av fjellstua
  • Utleigeplikt fungerte ikkje og vart avvikla i fjor. I staden kom krav om avsetting på 200.000 kroner for kvar selde hytte/tomt, til investering ved fjellstua
  • Revidert reguleringsplan er godkjent, med krav til utforming av hyttene (formannskapet skal godkjenne inntil fem typer hytter)

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


eighteen − 4 =