Verdens- og lokalmatbutikk

Komande veke tek Lida Weerts med seg lokal- og verdsmat (som nederlandske ostar) inn i den nye matbutikken i Bergergården på Fagernes.

Onsdag 20. september opnar nederlandske Lida Weerts «World Food & Lokal Mat» på Fagernes.

Tekst og foto: Helge Gudheim

FAGERNES:  – Eg har lenge drøymt om å starte matbutikk, og eg har spara pengar for å kunne realisere dette. Eg trur det er ein marknad for mat frå heile verda, saman med all den lokale maten. Aller helst vil eg by fram mat som andre matvarebutikkar ikkje har.

Frå produksjon til sal

Lida Weerts og Hamma Germiani kom til Vestre Slidre for 11 år sidan gjennom programmet for å rekruttere nederlendarar til Valdres. Sidan den tid har dei begge vore innom fleire lokale ysteri.

Men no har dei lagt den epoken bak seg, og begge har slutta hjå Wangensten i Røn. Lida satsar i staden på eigen matvarebutikk på Fagernes, og ho fortel at den er det ho som skal drive. Ho skal sjølv stå i butikken det meste av veka, men truleg med noko innleigd hjelp på laurdagar.

Ein butikk for alle

– Dette skal ikkje vera det me her i Norge kallar ein innvandrarbutikk – altså mynta berre på innvandrarar. Samtidig er det klart det bur ein del med utanlandsk opphav også i Valdres, og eg vil satse både mot dei og mot nordmenn som også likar å finne råvarer med utanlandsk opphav.

– Eg har arbeidd ein del med flyktningar, og eg ynskjer heller å binde saman, enn å splitte. Difor kjem eg til å ta inn ein del turrvarer med opphav i Thailand, Filippinane, Italia og fleire arabiske land.

– Eg kjem til å ha ein stor ostedisk særleg prega av franske, italienske, nederlandske og polske ostar. Men sjølvsagt også dei lokale. Vidare fortel Lida at ho skal ha ei eiga hylle med «faritrade» kaffe, te og sjokolade. Og ho kjem ein gong i veka til å få henta ferske grønsaker frå Oslo.

Satsar på lokalmat

– Men ved sida av dei utanlandske turrvarene, vil ein viktig del av denne butikken bli lokalmaten. Eg ynskjer kontakt med alle lokale som har noko å selja – store eller små. Utan lokalmaten, hadde eg ikkje starta denne butikken. Og når eg får fatt i lokale produkt, vil dei bli prioriterte, fortel Lida Weerts.

Ein vegg i butikken blir fylt opp med te, kaffe og sjokolade som går under konseptet «fairtrade».

Ho seier ho kjem til å ha lokalt øl, både ferskt og frose lokalt kjøt av lam, elg og gris. Lokal ost er alt nemnt. Vidare har ho kontakt med små, lokale urteprodusentar, og ho samarbeider med «Mat frå Valdres», som leverer for 13 produsentar.

Ho ynskjer også å bli eit hentepunkt i møte mellom lokalmatprodusentar og deira direktekundar, fortel Lida Weerts.

World Food & Lokal Mat

  • Ny matvarebutikk i Bergergården langs E16 i Fagernes sentrum.
  • Satsar både på mat frå heile verda i møte med den lokalproduserte maten.
  • Inviterer alle lokale matprodusentar til å koma med varene sine.
  • Nederlandske Lida Weerts, Røn, eig og skal drive butikken.
  • Opnar onsdag 20. september.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


five × five =