Deltidsbuande og fastbuande

SYNDIN: Det er god plass til fleire sidestilte deltidsbustader for fritidsinnbyggarar på Syndin.

Mårndu! Ein hyttemann er ikkje lenger berre ein hyttemann, men deltids fritidsbuar i sidestilt bustad til fjells. Så prøv å forstå.

Tekst og foto: Olav Norheim, Syndin/Norderhov

VI HYTTEFOLK er no deltidsbuande innbyggarar i sidestilt bustad til fjells. Både Næringshagen og Hyttelaget har bestemt det slik. Så det er nok best slik. Bygdefolk nede i bygda får framleis
vera fastbuande. Så hald deg fast og ver budd på alt.

Dette skal handle om å forstå kvarandre, og kven gjer no vel det?

Eg prata på eit hyttemøte på biblioteket på Fagernes for ei stund sidan, ikkje under debatten, men før, eg varma
opp. Og her kjem noko av det eg sa og skulle ha sagt.

Vi hyttemenn er vel ikkje så heilt enkle å forstå for alle etniske valdrisar, endå mange av oss snakkar relativt høgt og enkelt med nøytralt og naturleg tonefall frå det vi gjerne kallar det sentrale Austlandet. Vi har klare ord og stutte setningar: Mårndu! Kjempebra! Jeg-må-løpe-jeg!

No skal eg seta opp ei liste med nokre sentrale punkt å hugse på, så det skal bli lettare for etniske innfødde lokale valdrisar å forstå oss. Og kanskje dei kan tilpasse seg. For vi er for tilpassing.

VI HAR NO GJORT VÅRT.
Vi har tatt på oss nikkers og anorakk, vi har klappa dei innfødde på skuldra og sagt at dei har koseleg dialekt, vi har fortalt dei korleis dei best skal styre kommunen og kor langt dei skal
vinterbrøyte, og ikkje skal vinterbrøyte, og så har vi sagt at hyttelaget vårt er noko heilt anna enn historielaget og jeger- og fiskeforeininga, for vi tenkjer på framtida, det er det vi som gjer,
og så er vi berekraftige, og så har vi sagt at heile Valdres skal vera éin kommune, for det er mykje meir effektivt, og då slepp vi hyttefolk å betale så mykje
eigedomsskatt.

Men det er akkurat som dei ikkje vil høyre på oss. Endå vi vil så gjerne det. Og så er dei så mange, nesten like mange som hyttene våre.

Kva skal vi gjera? Eg kan fortelja kva eg har gjort. For mange år sidan gjekk eg undercover, utan heilt å veta kvar eg gjekk og kva eg gjekk til. Undercover under tregrensa, nede ved Slidrefjorden. Som gutunge. I mange år. The hard Way. Eller riksveg 60, som det heitte den gongen. Dei åra lærte eg mykje. Noko av det var nyttig for seinare å kunne bli ein fjellets utanbygds hyttemann. Men du blir aldri heilt utlært. Det er det som berre gjer det så utruleg spennande.

EG VIL BEGYNNE i det små, med to små ord. Nei. Og ja. Ein etnisk lokal valdris har ti måtar å seia ja på. Sju av dei betyr nei. Høyr her: Ja! J-a-aa. Jà. Já. Ja? Å ja? Ja då. Ja jøss æ du galin. Ja
sei det. Ja-a-a, kan hende det.

Kvifor er det slik? Jau. Det er livsnødvendig. Eit uheldig ytra ord for fire generasjonar sidan kan valde større skadeverknad i dag enn den gongen det vart sagt. Etterkomarane av ein urettferdig behandla husmannsfamilie for tre hundre år sidan vil framleis ha eit nedarva og velartikulert agg mot prest og fut og skrivar og lærar og byfolk, den dag i dag. Tida leger ingen sår.

Upresise og nyanserike småord er nødvendige for å halde ut gjennom skiftande tider. Dei etniske valdrisane skal leva side om side etter at vi hyttefolk har lada opp Teslaen og dratt ut skøyteledningen og heim. Dei fastbuande skal sita saman i kommunestyre og vegstyre og FAU. Dei skal gifte seg og skilja seg og vera naboar som om ingenting var hendt. Og ingen veit når dei må hente på SFO eller når det begynner å regne.

Men vi hyttemenn kan berre stenge stalldøra når det er mørkt og vi kjem att frå Knippa, vi kan reise heim att eller til neste sidestilte bustad.

SÅ NO, så derfor, mine tips for hyttemann.

1. Søv på det, når du har skrive eit innlegg til avisa Valdres om at den lokale samfunns-strukturen går deg imot.

2. Ikkje rop høgt til kona di «var det noe mer?!»når du står bakarst i kassakøen hjå Lasskogen på Vaset og frua alt har kome fram til kassa og driv og betaler.

3. Prøv å ta det pent om folk ikkje gjer som du vil.

4. Ikkje ver ironisk og gjer narr av lokalpolitikarar. Det er ei oppgåve for dei fastbuande.

5. Ikkje gi Statens vegvesen skulda for at regn fell på snø. Slikt må du heller ta opp med Vår Herre.

6. Ikkje sei at dialekta her er koseleg. Lyttar du godt, vil du merke at det ikkje stemmer.

7. Prøv å ta det pent om turgåarar går over hyttetunet ditt når du har bygd hytte midt i ein gamal ferdselsveg.

8. Du kan vera høgstemt i fjellet utan stemmerett.

OG SÅ, tips for etniske fastbuande lokale valdrisar. (For det må då vera ein viss sidestilt balanse.)

1. Hugs at ikkje alle hyttefolk er like høgmælte og breiale. Det er individuelle forskjellar mellom dei, slik som mellom etniske valdrisar.

2. Når vi hyttefolk seier det er fint her oppe, er det fordi vi meiner det.

3. Når hyttemenn går med nikkers, er det fordi vi liker det.

4. Mange hyttemenn vil vera med og bestemme over alt. Dei har det i seg. Dette er eit vanskeleg punkt.

5. Når ein hyttemann seier han er berekraftig, berre nikk.

6. Når ein hyttemann vil ha lokal stemmerett, er det ikkje sikkert det er så gjennomtenkt. Dra på det, og spør på ein lur og forsiktig måte, slik eg veit du kan, kva for eit arbeidskrevjande møtepliktig kommunalt underutval han kunne tenkje seg å sita i. For vi vil jo bidra med kompetansen vår. Det har vi sagt.

TIL SIST:

Det er ei kjent sak at vi på hytta kan finne sjelefred og ro – og rim. Eg vart veldig inspirert her ein dag på hytta. Då laut eg skunde meg å skrive ned eit sjølv-laga hyttedikt, fritt etter diktarpresten Anders Hovden sin song frå skulesongboka – «Eg har ein heim så god og gild om han er liten berre». Kanskje kan dette vesle diktet gjera det lettare å forstå kvarandre. Eller ikkje.

Det går slik:
Eg har ei hytte stor og gild,
og ikkje liti berre.
Eg hytta ikkje bytta vil
i slottet åt ein herre.

Den hytta ser eg enno tidt.
Då blir eg veldig letta.
Men eg får ikkje stemmerett.
Då kan eg fort få hetta.

Og når eg sliten trøytnar av
og set meg til å kvila,
då kjem eit hytteskattekrav.
Då er det vondt å smila.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


3 × two =