– Det er gøy å jobbe som fjelltannlege

Det er hyggeleg hos fjelltannlegane i matpausene. F. v. Sigrun Holden Myhre, Mari Rehaug, Marit Kavli Berg, Marte Høivik, Andreas Appel Breivik og Knut Erik Grindaker.

– Det er skikkeleg gøy å jobbe som fjelltannlege, seier øystreslidringen Marte Høivik. Tannklinikken i Gullsmedvegen på Fagernes har i alt fem årsverk fordelt på tilsaman ni tilsette.


Tekst og foto: Bjørn Karsrud


FAGERNES: Etter mange års studiar har ho gått mot straumen og vendt tilbake til Valdres. Ho har kjøpt tannlegepraksisen til Kjell Grindaker og på kort tid etablert ein tannklinikk medfem årsverk fordelt på ni personar.

Marte Høivik er busett med sambuar og hund i nybygd hus i Beito.

Kjell Grindaker (70) er framleis med i 20–30 prosents jobb. I tillegg har Høivik fått med seg dei unge tannlegane Andreas Appel Breivik (28) og Mari Rehaug (33). Andreas har vakse opp på Leira og formeleg fått faget inn med morsmjølka ettersom mora Brita Appel Breivik er kjeveortoped, og har praktisert i denne rolla på Fagernes i over 30 år. Andreas Appel Breivik er dessutan i gang med å utvikle eit tannreguleringsprosjekt som eit supplement til tradisjonell tannregulering og kjeveortopedi. Mari Rehaug er studievenninne av Marte Høivik. Rehaug er opphavleg frå Levanger og arbeider
også som tannlege i Oslo.

Utvida opningstider

Sjølv kunne Rehaug ha tenkt seg å flytte permanent til Valdres.

– Utfordringa er at eg har ein partnar som også skal ha jobb, seier Rehaug.

Appel Breivik har som Rehaug base i Oslo. Dei kjem begge opp til Fagernes annakvar veke, og innimellom ved behov. Dette saman med at Høivik har utvida til tre behandlingsrom gjer
tannlegetilbodet ekstra fleksibelt.

Dei unge tannlegane Andreas Appel Breivik, (f.v.) Mari Rehaug og Marte Høivik er fulle av glød og pågangsmot og synest det er gøy å vera fjelltannlege.

– Vi har ope frå åtte om morgonen til åtte om kvelden dei fleste dagane. Det blir også jobba litt i helgene, seier Høivik. Ho erfarer at det er populært blant pasientane også å få koma til tannlege på ettermiddag og kveld. På dette viset kan tannlegane i Gullsmedvegen i større grad trå til ved akutte behov – sjølv om behova ikkje er så akutte som resten av kroppen.

– Når det gjeld tannproblem, så handlar det ikkje om liv og død, seier Marte Høivik.

I tillegg til tannlegane arbeider Marit Kavli Berg, Sigrun Myhre Holden og Eva Opheim på kontoret som tannlegesekretærar.

Dei unge tannlegane er oppdaterte på det nyaste innan tannlegefaget. I tillegg har dei spesialistar som kjem opp innimellom: Jan Akre – spesialist i periodonti/tannkjøttsjukdommar,
og Knut Erik Eide – spesialist i proteknikk og bittfunksjon.

Tannlegekontoret fører vidare ein gammal tradisjon. Anni Onstad Styker var tannlege på Fagernes i mange etterkrigsår. Knut Eivind Onstad overtok etter henne, før Grindaker overtok etter Onstad i 1978.

Fantastisk med unge tannlegar

– Det er heilt fantastisk å kunna overlate praksisen til desse unge, «fremadstormende» tannlegane, seier Grindaker, som vaks opp i Vestre Slidre med innflyttarforeldre frå Hadeland og Trøndelag.

Grindaker arbeidde «solo» i alle år, berre assistert av tannlegeassistentar, i mange år av si eiga kone, Elisabet Grindaker. Men han hadde også – no pensjonert – tannteknikar Jan Nicolaisen med seg, rett over gangen, noko han er svært glad for. I dag sender dei tannteknikk til større laboratorium i Oslo. Desse har også ein del av produksjonen i utlandet.

Ifølgje Grindaker blir det meir og meir slutt på at ein tannlege arbeider åleine. Utviklinga går i retning av tannklinikkar der fleire tannlegar arbeider saman.

Jan Akre (t.v.), spesialist i periodonti og hytteeigar på Beitostølen, bistår Fjelltannlegene med jamne mellomrom på Fagernes – noko Marte Høvik og Kjell Grindaker set pris på.

– Det er for låg tannlegedekning i Valdres og for mykje å gjera for tannlegane, seier Marte Høivik. Behovet er stort, ikkje minst fordi mange har kvidd seg for tannlegebehandling og latt det gå fleire år mellom kvart besøk, mens ein eigentleg burde besøke tannlegen ein gong i året. Tidlegare fekk mange innsette tenner. No vil folk ta vare på sine eigne tenner, og befolkninga blir stadig eldre. Det gir meir arbeid til tannlegane.

I tillegg er det også slik at mange utflytte valdrisar og hyttefolk bruker tannlegar i Valdres.

– Vi merker at det er større pågang etter tannlege i ferietider, seier fjelltannlegane Marte Høivik og Kjell Grindaker.

Marte Høivik opplyser elles at ho også ser tannhelseinformasjon og førebygging som ein viktig del av arbeidet.

Så er det kanskje mange som lurer på namnet «Fjelltannlegene». Det skjønner vi godt etter ein snau times prat. Her dreier det seg om friske, spreke og opplagde tannlegar som alle er kjent for å mosjonere, trene og gå turar i fjellet. Og Valdres – det ligg jo midt i Fjell-Norge.

Meir om Fjelltannlegene finn du elles på www.fjelltannlegene.no.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


2 × 2 =