Rektor med sans for peis

Kari Bø oppdaga hytte med peis som faren hadde mura. Da vart det raskt kjøp. Ektemannen Svenn Erik Nordby nølte litt på grunn av lang reiseavstand, men trivst godt på Beitostølen,. Dei fortel at sonen deira på trettiein år er stornøgd, og allereie har teke fleire turar med vener opp hit. Den vesle hytta har to soverom og fem sengeplassar.

Kari Bø såg peisen og var sikker. Det var denne hytta ho og mannen skulle ha.


Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat


BEITOSTØLEN: – Her får eg fred og ro. Eg greier å skrive mykje, og kombinere det med å vera ute vår og haust, fortel rektoren på Norges idrettshøgskole, Kari Bø.

Ho sit på hytta i Bitigrenda på Beitostølen og ser akkurat like nøgd ut som ho hevdar å vera.

Og det er verkeleg heilt stille. Det kan kanskje ha med årstida å gjera? Men det var visst like stille i påska, hevdar ho og ektemannen Svenn Erik Nordby.

Under Trollrock blir det kanskje ikkje like musestille. Men dei synest det er fint med litt liv i området også. Dessutan skal dei ikkje vera her så mykje sommarstid.

Kari Bø og Svenn Erik Nordby møttest under ein snøholetur da dei gjekk på Idrettshøgskolen. No har dei funne eit varmare krypinn på Beitostølen.

Lengsel mot høgfjellet

Faren til Kari, Trygve Bø, var frå Fagernes. Dermed har Kari alltid hatt sterke band til Valdres. Ho fortel om mange ferieturar til hytta i Tisleidalen.

Den hytta fekk Kari ha til lenge etter ho var vaksen. Men så byrja dei sjå seg om etter andre ferieområde. Hytta i Tisleidalen baud på gode minne, men også tungvinte løysingar for moderne menneske. Dessutan lokka høgfjellet.

– I Tisleidalen måtte vi gå langt før vi kom opp på viddene. Her er det veldig kort tid før ein kjenner at ein er skikkeleg på fjellet, seier Kari som vart hytteeigar på Beitostølen i april.

Ein familie av peismurarar

Trygve Bø flytta med kona frå Fjellhamar til Valdres att, etter at Kari vart vaksen. Saman med sin eigen far, Olav Bø, bygde han fleire hus på Tingnesodden. Ikkje minst mura han mange peisar på hytter rundt omkring i Valdres. Inkludert på Beitostølen.

Kari og Svenn Erik fortel at dei hadde kikka litt etter hytter på Beitostø­ len. Da dei var i området i samband med Barnas ridderrenn, nytta dei hø­ vet til å gå på vising. Berre for å få det heile ut av hovudet, dei frykta hytta var for liten. I staden vart det full klaff. Mykje på grunn av peisen.

– Eg hadde sett ei tilsvarande hytte på Finn. Eg såg peisen der og tenkte det må jo vera faren min som hadde laga den. Men eg var ikkje sikker før eg kom inn her og såg på hytta, fortel Kari.

Lettvinn og passe stort

Kari og Svenn Erik fekk stadfesta kven som var opphavsmannen til peisen, og så var det greitt.

I utgangspunktet hadde dei ønskt seg ei leilegheit med tilgang til garasje. Ei lettvinn løysing. Hytta dei valte seg ut er relativt lita, og dermed like enkel å passe på som ei leilegheit. Samstundes får dei fjellkjensla, synest dei.

– Dette passar oss veldig bra. Det er heller ikkje for lite, så det vart raskt kjøp, oppsummerer Kari.

Urban hyttekos

Kari og Svenn Erik kosar seg med å vera på Beitostølen.

– Eg synest det er fint å kunne gå ut og eta og ha litt butikkar rundt meg, vedgår Kari.

Dei likar kombinasjonen av fjellet og det litt meir urbane, og med mykje slektningar i Valdres, blir det også sosialt.

Kari Bø finn både rekreasjon og arbeidsro på Beitostølen. Til dagleg er ho rektor ved Norges
idrettshøgskole. I august skal ho tilbake til stilling som professor ved same institusjon.

– Eg er ikkje slik som vil ha hytte åleine inne på fjellet, eg er heilt motsett eigentleg, forklarar Kari, som saman med mannen er busett på Fjellhamar utanfor Oslo.

Minne frå Ridderrennet

Kari Bø er rektor på Norges idrettshøgskole. Når også ektemannen er sportsinteressert, er kanskje ikkje Beitostølen siste plassen ein hamnar. Likevel hevdar dei at kjennskapen til området ikkje var særleg stor i utgangspunktet. Bortsett frå to viktige bindeledd, Ridderrennet og Beitostø­ len helsesportsenter.

– Eg var følgjeperson på Ridderrennet i 1975. Det var første gongen eg var her, fortel Svenn Erik.

Erfaring for vellukka ungdom

Ridderrennet gjekk første gongen av stabelen i 1964, etter initiativ frå Erling Stordahl. Det er eit tilrettelagt skirenn for funksjonshemma.

Som studentar ved Norges idrettshøgskole på syttitalet, fekk både Kari og Svenn Erik delta i Ridderrennet som følgjepersonar. Studentar ved Idrettshøgskolen har framleis dette som del av utdanninga si, og rektoren meiner det er svært verdfullt.

Rektor på Norges idrettshøgskole, Kari Bø, er svært glad for samarbeidet med Beistostølen helsesportsenter.
Ektemannen Svenn Erik har vore der fleire gonger som instruktør i bordtennis.

– Vi meiner det er kjempeviktig at studentar som kjem frå vellukka familiar, der alle trenar, får eit innblikk i dei utfordringane enkelte personar kan ha med å vera fysisk aktive, forklarar Kari.

Ho meiner lærdomen rundt Ridderrennet går like mykje begge vegar.

– Heile ånda til Ridderrennet er å gå side om side, skulder ved skulder, understrekar Kari, som både er professor i idrettsmedisinske fag og er utdanna fysioterapeut.

– Fantastisk rehabilitering

Samarbeidet mellom Norges idrettshøgskole og Beitostølen helsesportsenter har lange tradisjonar. Først og fremst gjennom Ridderrennet. Kari Bø sparar ikkje på lovord om det som føregår på Helsesportsenteret.

– Beitostølen var jo dei første som starta med den typen aktiv rehabilitering, Dei er landskjende, og kjend i verda, for at dei har denne aktive tilnærminga. Det er eit fantastisk rehabiliteringstilbod, vi er veldig glad for å vera ein del av det, konkluderer ho.

Ein idrett for alle

Også Svenn Erik interesserer seg for det som skjer på Helsesportsenteret på Beitostølen. Han er generalsekretær i Norges Bordtennisforbund, og meiner det ligg mange moglegheiter for funksjonshemma i denne idretten.

– Det er ein motorisk utviklande idrett. Han er tilgjengeleg for alle. Du kan spela utan bein, utan ein arm eller ei hand, påpeikar Svenn Erik og seier idretten heller ikkje krev ekstra hjelpemiddel, utanom det ein elles har av krykker eller rullestolar.

Internasjonalt har bordtennis vorte ein stor idrett for funksjonshemma, og Svenn Erik fortel at i Norge spelar funksjonshemma i dei same konkurransane som funksjonsfriske.

– Ei historisk oppleving

Kari smiler lurt, og insisterer på at Svenn Erik skal fortelja om eigne merittar innan bordtennis.

– Eg var den første som spelte mot kinesarar etter kulturrevolusjonen. Før amerikanarane var i Kina, røper Svenn Erik.

Svenn Erik Nordby er generalsekretær i Norges bordtennisforbund og brenn for dette som handikap-idrett. Sjølv kan han skilte med kampar mot kinesarane på 70-talet.

Og kvenn vann? Svenn Erik berre ler. Før han siterer ei avisoverskrift «Norge beseiret på tjueseks minutt». Eit typisk tilfelle der deltaking, og ikkje siger, var det viktigaste, tydelegvis.

– Vi møtte dei i Sverige i november 1970, før amerikanarane var i Kina. Eg var på landslaget, og spelte første kampen. Kinesarane vi møtte, hadde vore verdsmeistrar tre gonger på rad. Det var fleire tusen på tribunen og journalistar overalt. Det var ei historisk oppleving for meg som da nett hadde fylt tjue år, oppsummerer han som seinare vart generalsektær i Norges bordtennisforbund.

Motorisk utviklande

Bordtennis er kanskje ikkje den idretten ein assosierer med dei største fysiske utfordringane. Men både Kari og Svenn Erik blir veldig engasjerte av å fortelja om kva ein kan øve opp. Ein rører meir på seg enn ein skulle tru, også om ein sit i ein rullestol. Da blir bruk av stolen ein del av treninga. Å strekke seg etter ein ball er eit ytre stimuli som set i gang ein fysisk prosess.

–Rørslene kjem av seg sjølv utan at ein trenar. Så blir heile motorikken betra, oppsummerer Svenn Erik.

Generalsekretæren fortel om godt samarbeid rundt rekruttering.

– Vi har hatt kurs mange gonger på Helsesportsenteret. På Barnas ridderrenn har dei ikkje hatt noko tilbod utover renna, så da har eg tilbydd meg å ha kurs i bordtennis. Under Ridderveka har ein lagt opp til ein særforbundsdag, der ein kan prøve ulike idrettar. I år var det mellom anna bordtennis, golf, volleyball og svømming, forklarar han

Avstand på godt og vondt

Det er søndag, og det byrjar å haste med å kome seg heim att. Reisevegen var eit ankepunkt for Svenn Erik då det vart snakk om hyttekjøp på Beitostø­ len. Men så langt har det vore verdt det.

– Eg har alltid tenkt at tre og ein halv time er langt. Eg stilte nesten som krav at vi måtte reise opp torsdagar. Ein må ta ut litt lengre tid for at ein skal kunne vera her. Eg tenkte, kanskje nokre turar i året, men det blir nok meir, slår Svenn Erik fast.

Dei to er samde om at dei har fått ei solid hytte, som er lett å ta seg av, og samstundes heimekoseleg. No er det berre å gle seg til neste skisesong.

– Det er veldig snøsikkert her, seier Kari glad.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


6 + fifteen =