Blæs liv att i «Trollelgen»

Stumfilmen «Trollelgen» frå 1927 får nytt liv når Kalle Fürst legg til musikk av Staut og røystene til mang ei stemme frå vår tid.

Å leggje lyd til ein stumfilm i 2017 er eksperimentelt. Kalle Fürst tek likevel sjansen.


Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat


HEDALEN:– Eg tenkte at han er litt lang og stum. Men kanskje det går an å gjera noko med det, seier pensjonert tv- og filmregissør, Kalle Fürst.

Han har samla ein gjeng lokale entusiastar på Nordre Hedalen forsamlingshus. Dei representerer opp til fleire teaterlag i kommunen, og ser ut til å vera svært klare for å bidra til filmproduksjon.

Film frå 1927

Det er altså filmen «Trollelgen» Fürst har gått laus på. Filmen er basert på to av bøkene til Mikkjel Fønhus, «Trollelgen» og «Skoggangsmand». Premieren på stumfilmen var i 1927.

Dermed er det eit underhaldningsprodukt frå ei anna tid. Fürst meiner likevel filmen kan gje oss noko i dag, og at vår tids kulturpersonlegdomar kan bringe inn noko verdfullt.

Tv- og filmregissør Kalle Fürst er pensjonert, men har likevel gjeve seg i kast med ei omarbeidd utgåve av «Trollelgen». Mange har fått lov å gje lyd til det som opphavleg var ein stumfilm, inkludert hunden hans, Jippi.

– Fantastisk flott melodi

For det første har filmregissøren teke kontakt med bandet Staut. Låtskrivaren deira, Ørnulf Dyve, har skrive ein song til filmen. Fürst fortel at han er svært nøgd med det Dyve og Staut har fått til.

– Det er ein fantastisk flott melodi. Dei har vore så fantastiske å jobbe med, så morosame og talentfulle, oppsummerer han.

Stemmer frå Hedalen

Så var det denne forsamlinga som har møtt fram. Kva er det dei skal brukast til? Noko morosamt må det vera, for dei ser noko frydefulle ut i blikket.

– Det er utruleg flott at de har kome hit, seier Fürst.

Når gamle festar skal få ny lyd, må skodespelarevner hentast fram. Filminnspeling
av «Trollelgen» vakte engasjement på Nordre Hedalen forsamlingshus.

Det skal leggjast lyd til den gamle filmen. Scener med skrik, skrål, slåing og hoing er funne fram.

Til stades er også Cato Skimten Storengen. Opphavleg hedøl, i dag profesjonell skodespelar, utdanna ved Teaterhøgskolen.

Dialekt til historiene

Storengen har allereie jobba litt med Fürst. Gjennom stumfilmen er det lagt inn fleire sekvensar med tekst. Desse skal erstattast med stemma til Storengen.

– Eg måtte ha ein med ordentleg valdresdialekt til å fortelja historiene. Det har Cato no gjort, fortel Fürst.

Profesjonelle og amatørar står side om side når «Trollelgen» skal få ny ham. Cato Skimten Storengen (t.h.) har forteljarstemma på filmen.

Det blir filmframsyning. I 2017 er det unekteleg vanskeleg å ikkje le litt av skapningane i «Trollelgen».

Jegeren Gaupa og husmannen Hans liknar mest aukrustfigurar, der dei sit i svart kvitt med stive blikk og overspelande karaktertrekk.

Når Storengen kjem med si lune stemme, og les med all den respekt Fønhus fortener, er det nesten så eit lite kulturkræsj oppstår. Men Fürst og Storengen presiserer at det heile er på teiknebrettet og i øvingsmodus enno. Det skal bli bra til slutt.

Ei sjeldan oppleving

Karane som har møtt fram, blir sett i aksjon. Scenene der det trengst eit vell av kraftige mannsrøyster blir synt på storskjerm. Så er det om å gjera å late som ein er der.

Først er det fest på garden Rustebakke. Mykje høg latter blir spontant produsert rundt bordet. Etterpå er det slåstkamp.

– Hoi, pass, han har kniv!

Fürst frydar seg.

– De er eit teaterlag som kan å improvisere. Det er derfor eg er her hjå dykk, seier han.

Medlemmar av Hedalen ungdomslag, Hølerafossen festlige menneskeforening
og elles andre eldsjeler var møtt fram for å lyd til fest og slagsmål som går føre seg på «Trollelgen.»

Ole Fønhus er ein av dei som har møtt fram. Han kan fortelja at han representerer Hølerafossen festlige menneskeforening, og deltek på dugnaden med stor glede.

– Det er ei ein gong i livet-oppleving å få spela på stumfilm, og samstundes få lov til å prate, meiner han.

For nye generasjonar

Cato Skimten Storengen synest det er nyttig å leggje stemmer til ein stumfilm.

– Det er teknologien som gjorde at det ikkje var lyd før. No blir det med ein gong meir interessant. Det blir enklare å få vist det til nye generasjonar når ein kan slå i bordet med at det er lyd på, meiner Storengen.

Arbeider steg for steg

Kalle Fürst har travel dagar med å få denne produksjonen ferdig. Mange detaljar skal på plass.

– Det er mykje pirkearbeid. Noko av det verste er å leggje på skritt. Det er på same måte som når ein hund bjeffar. Kvart bjeff må leggjast saman med rørslene til hunden, forklarar regissø­ ren.

Han kan ikkje akkurat seia når allmenta skal gå glede av filmen. NRK har iallfall lovd sende filmen i haust. Trass i at dei eigentleg ikkje sender stumfilmar lenger.

Glad Staut vart med

Fürst har lang fartstid bak seg som regissør. Han har stått bak klassikarar som Borgen skole, Brødrene Dal og Pelle Parafins bøljeband.

No går han i ei litt anna lei. Det er fleire grunnar til det. Walter Fürst, han som stod bak den originale filmen om Trollelgen, var filleonkelen han. I tillegg har regissøren ei tilknyting til Valdres, gjennom hytte på Kruk. –

Eg vart invitert til Fønhusdagane i fjor. Da fekk eg ideen om å gjera noko. Eg er veldig glad eg fekk med Staut. Det har gjeve eit moderne preg, meiner Kalle Fürst.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


3 − 3 =