På vandretur med elvesus og fossedur

KALVEDALSFØSSEN: Fossen inst i Kalvedalen er ei flott oppleving, både på avstand og nært hald, spesielt når vassføringa er ekstra stor.

Boka av Torodd Lybeck, «222 fossar i Valdres», har bidrege til at planane for lokale sommarturar er blitt revidert.


Tekst: Tor Harald Skogheim | Foto: Privat


Den rykande ferske boka vekte også minne frå tidlegare fosseturar, så her kjem nokre framlegg til fine turmål.

Draumen om Gipa
Vatn, ikkje minst av det rennande slaget, lokkar og dreg mange av oss. Vatn gjev liv til landskapet, fossar og stryk bidreg både visuelt og lydmessig.

Ein av «fosseturane» eg hugsar best var til elva Gipa i kanten på Slettefjell. I oppveksten i Skammestein såg eg elva og fossen som eit kvitt band i skogen langt der borte. Ekstra tydeleg i snøsmeltinga og i nedbørrike tider.

Nærare innpå elva kom eg fyrst under arbeidet med Turguide for Valdres i 1990, på ein tur mot Raudhødn. Då var det var mest lyd, for tett bjørkeskog ga berre små glimt ned mot elva, og sjølve fossen var ikkje å sjå.

70 meter høgt
Men i juli 2001 fekk eg med meg Silje, dotter mi, på oppdagingsferd. Ho vart 18 år den dagen, og ein spanande foss var nesten like bra «presang» som ein ny fjelltopp.

Vi fylgde den alt då tydelege stien mot Raudhødn, men øvst i bjørkeskogen tok vi av mot venstre langs eit dyretråkk. Etter kvart kom vi bort på det flate, opne partiet der elva Gipa kjem rennande frå Gipetjedne som ligg mellom Raudhødn og Slettefjell.

Det vart noko leiting før vi fann ein plass å kome oss tørrskodde over, så rusla vi fram mot kanten der elva kastar seg utfor eit 70 meter høgt stup. Ikkje heilt loddrett, men du verda for ei kjensle å stå heilt frampå kanten og kikke nedover, også mot juvet vidare!

MEKTIG: Inst i den tronge men idylliske Kalvedalen fell fossen om lag 60 meter ned frå brattberget.

Segna om Kalvedalspresten
Kalvedalen er ein trong botn innafor Lykkja og Skredbergo, med høge, loddrette stup på tre kantar. Det knyter seg ei segn til botnen, om Kalvedalspresten, ein fredlaus mann som kom til Lykkja på 1700-talet. Folk tok seg av han, og som takk lærde han nokre ungar å lese og skrive. Når det vart utrygt for han i grenda tydde karen til ei hole inst i Kalvedalen, heiter det.

For nokre år sidan hadde DNT Valdres fottur hit, ein solrik ettermiddag sist i juni. Segna om Kalvedalspresten vart fortalt, deretter rusla vi innover langs elva som markerer grensa mellom Øystre Slidre og Vang.

Sjølve turen inn i botnen er ganske kort, men naturopplevinga desto større. Dramatikken, lyset – og inst inne, Kalvedalsføssen som kastar seg utfor eit nesten 60 meter høgt stup. Mektig! Også elles rundt botnen fell mindre bekker utfor stupa og ned i Kalvedalen – det er ein nesten magisk stemning her inne.

Fotturen kan starte frå brua nokre hundre meter før bommen på Slettefjellvegen. Fyrst på ein liten vegstubb, så vidare langs elva på utydeleg stig innover. Då kan du nesten ikkje gå feil.

Vassføringa i elva varierer ein del grunna reguleringa av Fleinsendin.

Men om du greier å finne hola til Kalvedalspresten er uvisst. Vi var i alle fall ikkje sikre, sjølv om vi leita.

Vinda – snart i røyr?
I 36 år har eg budd nær elva Vinda, som kryssar fylkesveg 51 ved Sebu Bil.

På si ferd frå Søre Vindin og ned mot Volbufjorden dannar elva fleire flotte fossar. Langs delar av elva er det lagt til rette med turstigar som er mykje brukte. I vårløysinga og tider elles med bra vassføring er bruset og synet av elva og fossane ei mektig oppleving.

Men for nokre er frittrennande vatn nærast bortkasta. Utbyggingsplaner gjer at Vinda akkurat no er i ein skjebnetime, det meste av vatnet kan bli teke og ført i tunnel til eit kraftverk ved Heggefjorden – vi skal berge resten av verda med rein energi, må vite!

Men førebels held vi fram med våre «kortreiste» ettermiddags- og kveldsturar, akkompagnert av fossebrus – og med gode inntrykk på netthinna når vi kjem heim att etter halvannan time med påfyll av energi, for sjela!

FLAUMDIGER: Vinda er litt av eit syn, spesielt om våren, når ho kastar seg ut i fossen 100 meter nedanfor brua ved Sebu bilverkstad.

Forslag til rundtur
Parker ved Sebu Bil, ta gangbrua over Vinda og inn skogsbilvegen til venstre. Fylg denne oppover skogen nokre hundre meter, og ta til venstre i eit kryss. Vidare til enden av denne vegen, så eit stykke på sti. På nytt skogsbilveg, no tett på elva, til du er oppe ved Mosbrue. Over denne, litt på asfalt, ned på og gjennom næringsområdet Raudbrøtmoen. Ein brei sti tek så inn i skogen, går over den gamle idrettsplassen (kasse med turbok), og så vidare på sti bort til elva att. «Folkestien» fylgjer no elva, og går blant anna tett forbi dei to Stampefossane før du kjem ned att mot Sebu Bil




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


two + 16 =