Har laga bok om 222 fossar i Valdres

Etna som går gjennom Etnedal er freda og slapp å bli lagt i røyr. Det vart drive tømmerfløting i elva heilt fram til i 1968, ei verksemd som prega bygda. På vintrane sidan midt på 1950-talet vart det på vintrane drive kanaliseringsarbeid her for å forenkle tømmerfløtinga. Det står mellom anna att mange flotte murar etter dette arbeidet. Forfattaren Tordd Lybeck har hatt oppveksten sin i Etnedal og det har gjeve inspirasjon mellom anna til å skrive.

Torodd Lybeck (65) er mannen bak den nye fosseboka: «222 fossar i Valdres».


Tekst og foto: Torbjørn Moen


Vi er på tur til Møllersvefossen i Etnedal, også kalla Helvetesfossen. Den ligg omkring 800 meter ned for Bruflat og er ein del av mektige Etna.

Dette er kjent landskap for Torodd Lybeck (65), mannen bak boka «222 fossar i Valdres», som nyleg er komen ut på Kvitvella Forlag.

Vassdraget har lange tradisjonar for tømmerdrift, og er det noko som har prega oppveksten til Lybeck, er det nettopp det. I ei årrekkje vart det drive kanaliseringsarbeid i Etna frå Lundebrua ned til Høljarast og vidare på Nordre Land-sida av kommunegrensa. Dette arbeidet starta opp midt på 1950-talet og pågjekk mange år framover. Slikt var spanande greier for ein gutepjokk å følge med på.

Tømmerdrift og kanalisering

– Ja, det gjorde inntrykk å sjå bulldosaren som nettopp var komen med hydraulisk skjer, lastebilane og mannskapa som var i sving, fortel Torodd. Oppveksten hadde den seinare læraren to kilometer ned for Lundebrua, men Lundebrua måtte han passere kvar gong han skulle på vitjing til bestefaren Sigurd Lybeck, kjend som forfattar og opphavsmann til mellom anna serien om Bustenskjold.

Lundebrua i Etnedal er også mektig. – Ein sluttar aldri å la seg imponere over kor dyktige brubyggjarane var, seier Torodd Lybeck. Her på svaberga han leika på som gutunge når han vart stor nok til det og fekk lov.

Å besøkje området rundt Lundebrua er framleis mentalhygiene for den nyleg pensjonerte læraren. Å gå på svaberga og spankulere på endemurane for brua gjev sterke inntrykk, uansett.

Mektige Helvetesfossen

– Eg er sterkt fasinert av murar og mureteknikken, sjå berre på understellet til Bruflatbrue, seier Torodd, som heller ikkje er framand for at murar, mureteknikkar og alt som høyrer med, kan vera tema for ei seinare bok.

Ja, kven veit. Han har alt vore borti emnet ettersom han var redaktør for boka som Historielaget i Etnedal og det lokale naturvernlaget gjekk saman om, og som skulle dokumentere fløytingshistoria i Etnedal og Etna.

– Helvetesfossen må opplevast, den er ikkje for sveklingar, berre sjå, seier Torodd Lybeck, som tok med underteikna dit for fyrste gong.

Denne boka kom ut i 1988. Her blir gamle tømmerfløytarar intervjua og alle stader langs elva med ei historie vart registrerte. Her har også Helvetesfossen fått plass. Torodd trur at dette oppnamnet kan ha kome av at det her var eit svært krevjande juv å passere for fløytarane. Det er kanskje også grunnen til at det er laga ein kraftig sikringsmur, venteleg med handkraft, i vika der fossane stupar ned.

Pensjonistprosjekt

Torodd Lybeck fortel også at han var veldig inspirert av ei bok som kom ut på 1980-talet, «De tusen fossers land», der også to fossar frå Valdres var med.

– Men fort såg eg at det å laga ei fossebok vart for krevjande til å kombinere med lærarjobben, (14 av åra også som inspektør ved Fagernes skole, red.merk.) og hobbyane som eg alltid har sett høgt. Dette måtte bli ein pensjonistjobb, og då Torodd vart AFPpensjonist 62 år gamal, skaut bokprosjektet fart. Eit skår i gleda var at fire månader etter at han vart pensjonist, vart han råka av eit epilepsianfall, seinare fleire. Det tok førarkortet frå den aktive karen. Fyrst to år seinare, denne våren, faktisk, er Torodd attende som bilførar.

Mange trødde til

– Ja, det vart ein rar og utfordrande situasjon, plutseleg var eg avhengig av andre, fortel han ettertenksamt. Det fortel kanskje sitt at på lanseringsfesten for boka denne våren var over 20 personar inviterte med som alle hadde vore avgjerande for at bokprosjektet lét seg gjennomføre. Dei hadde anten vore sjåførar, turfølgjarar eller kjentfolk.

Tre somrar var han ute i felten og samla stoff, alle fossane er besøkte på nært hald og alle er fotograferte. Det er mange, mange fleire fossar og stryk i Valdres, mange av dei er nemnde med namn, men han har måtte gjera eit utval som er presentert med bilete og fakta.

Torodd Lybeck har fotografert og skrive boka «222 fossar i Valdres». (Foto: Trygve Lien)

– Eg har vore mest oppteken av å presentere fossar som har ei historie å fortelja. Tolebrøtafossen på nedsida av Fønhusbrua, som eigentleg berre er eit stryk, er med av den grunn. I eit stryk ovanfor brua måtte seks fløytarar bøte med livet tidleg på 1840-talet. Denne fossen går også att i diktinga til Mikkjel Fønhus som budde like ved, fortel Lybeck.

Skriveglad lærar

Sjølv om oppveksten, og ei ibuande interesse for natur og friluftsliv har vore viktige faktorar for at han gjekk i gang med dette bokprosjektet, trekkjer han også fram eit anna omstende. Attåt alt anna har han heile vegen vore glad i å bruke pennen. Han skriv jamleg kronikkar til lokalavisa, og har gjort det i fleire år. Skrivekløen tok fart for omkring 30 år sidan då han fyrste gongen vart knytt til avisa Valdres som frilansar og vikar. Ein attåtjobb han hadde i mange år. Det førte nok til blod på tann for det engasjerte mennesket Torodd Lybeck.

Friluftsmenneske

Korleis har arbeidet med boka gått?

– Ja, det har vorte mange turar, både til fots og med sykkel. Mange gonger har det arta seg som krevjande ekspedisjonar, og neimen om ein føler seg særleg høg i hatten når ein når fram til stupet på somme av dei. Så det er ikkje alltid like lurt å gå til slike stader åleine, skyt han inn. Han fortel også at han i visse situasjonar har måtte sikre seg med tau for å kunne ta dei mest ideelle bileta.

Og Torodd privat, kven er han?

– Mange forbind meg nok med kondisjonsaktivitet, seier Torodd. Han har 30 Birkebeinerrenn bak seg, så det får halde, og har sykla 20 Birken. Det siste Birkebeinerløpet som var nyleg, måtte han stå over ettersom han skar seg i foten på ein symjetur i Rhinen under ein kortur nyleg.

– Eg held likevel ein knapp på lø- ping i skog og mark. Det stiller mellom anna ikkje krav til utstyr. Ein kameratgjeng av oss er ute minst ein kveld i veka på dette, fortel Torodd, som attåt også er ein ivrig korsongar.

– Den interessa har eg hatt i mange år og er no medlem i Øystre Slidre sanglag.

Fleire fossar og elver er framleis aktuelle for kraftutbygging?

– Vi skjønar vel nesten ikkje kor verdfulle desse er for oss, seier han, og legg ikkje skjul på at det var eit stort nederlag for nokre år sidan å sjå Kvitvella fossen, som han ser bort på frå huset sitt på Fagernes, vart tilnærma turrlagt i store periodar av året.

– Ja, med dette vart også Fagernes ein stor attraksjon fattigare, skyt han til.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


7 − 7 =