Der som ingen skulle tru at nokon kunne bygge badstove

Spektakulær utsikt: Maken til badstovetomt finst vel knapt.

Om du skulle koma deg opp på Leirholshøgde og bort til Leirholsstølen i sommar, vil du la deg forundre over eit merkverdig bygg litt nedanfor stølsvegen. Over elva Drøsja går ei smal trebru som endar i ei høg rektangulær kasse.


Tekst og foto: Nils Rogn


Nysgjerrig som du er, tek deg sikkert ein tur nedåt for å kikke. Då vil du bli møtt av ein fint tilrettelagt rasteplass, og på bygget vil det stå Eldmølla badstøge. Då er me attende til overskrifta – du trur det ikkje heilt, sjølv om du ser det! Så då lyt det ei forklaring til – her kjem den.

Tre bygg med NTNU

Det heile starta tilbake i 2014 då sør-aurdølen Marius Waagaard fekk med seg arkitektstudentane ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim i eit badstoveprosjekt i Vang sentrum.  Alt våren etter kunne badstove og grillplass opnast ved Vangsmjøse nedanfor Vangstunet. I fjor vart prosjekt to realisert, med Leikegøta ved Hensåsen. Sidan alle gode ting er tre – bokstaveleg tala – var årets studentprosjekt på ny ei badstove.

Badstove og rasteplass

Men kvifor ei badstove her oppe, nokså utilgjengeleg for folk flest, spør me initiativtakar Knut Lerhol. –Ideen dukka opp i fjor haust då NTNU sitt prosjekt for denne våren skulle planleggjast. Etter at Marius Waagard tok ein kikk på området vart me båe to temmeleg gira på ei badstove kombinert med rasteplass her – til bruk for dei mange som ferdast her. Plassen baud  på ein spennande byggegrunn med utfordringar for studentane. Eg kontakta Innovangsjon og kommunen, som også såg det spenstige og innovative i dette, fortel Knut.

Fornøgde studentar: Grunneigar Knut Lerhol (ståande til høgre) takkar gjengen frå NTNU for god arbeidsinnsats og eit flott bygg.

NTNU fekk klarsignal til å gå i gang, og studentane laga tre forslag til korleis prosjektet kunne tilpassast den viltre naturen her. Drøsja går i fossestryk ovanfor tomta ,og fortset i eit djupt gjel under der bygget skulle stå. Vinnarforslaget  hadde som utgangspunkt at bygget skulle spela på lag med naturen, og at vatnet  frå Drøsja skulle nyttast i badstova.

Utfordringar

Fredag kunne dei 18 masterstudentane invitere til opning av bygget. Snøfall og kulde, regn og blåst dei 14 dagane byggeperioden hadde teke, gjorde at ikkje alt var heilt fiks ferdig. Om det ikkje vart fyring i badstova, fekk alle dei rundt femti frammøtte høve til å gå inn i bygget, og ikkje minst ta seg over trebrua til andre sida av Drøsja. Det spesielle med denne brua var at den gav vatn inn til badstova. Under gangplankane rann fjellvatnet friskt, og skulle gje kjøleg vatn for varme badstovegjester. Dette var også med på å gje namn til bygget – Eldmølla – assosiasjonar til mølle og varme.

Badstove og rasteplass: Som ei forlenging av bergveggen ris badstova i veret. Under skal det lagast ein kulp å avkjøle seg i. Og ved sida blir det rasteplass å slappe av på.

Det høge bygget har badstovedelen i andre etasje. Her er det plass til tre-fire stykke i slengen, og eit lite glugg øvst på veggen kan gje frisk luft og eit gløtt ut over Vangsmjøse. Etter kvart skulle eit glugg i golvet gje nedgang til ein badekulp i elva.

Internasjonal gruppe

August Schmidt har vore prosjektleiar for bygget. Han kom til Trondheim frå Austerrike for å studere for 20 år sidan, og er no sjølv ein av dei ansvarlege på studiet.

– Me har sett opp mange mindre bygg rundt omkring i landet, dette er mitt fyrste i Valdres, fortel han. Gruppa han har med seg er svært internasjonal med studentar frå Spania, Tyskland, Frankrike, Island, Finland – og ein frå Norge.

Ta bygget i bruk!

– Badstova er mitt ansvar, fortel Knut Lerhol. – Eg skal stå for ved og vedlikehald, og det blir difor lagt opp til eit betalingssystem for bruken.  Som du skjønar står det fortsatt att litt småpirk før badstova kan takast i bruk, men etter 7. juni skal alt vera klart. Ta kontakt og sikre deg plass, oppmodar han.

Orientering: Prosjektleiar og lærar ved NTNU, August Schmidt, fortel dei frammøtte om arbeidet som har blitt utført.

Utover god innsats frå studentane  – arbeidet deira er rekna til tre årsverk – vil han få spesielt få takke Kvismo Sag og Odd Egge for god oppfølging av leveransar, og kommunen for midlar til rasteplassen. Innovangsjon har vore lokalt kontaktpunkt for NTNU, og bidrege med smått og stort for gjennomføringa. Til opninga stilte dei med fjellgrispølser til både studentar og turgåarar.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


eight + thirteen =