Har fleire hytter enn folk

Stor utbygging: Nord-Aurdal er den sjette største hyttekommunen i landet. Dei fleste hyttene siste to-tre åra har kome på Sanderstølen.

Tekst: Bjørn Karsrud


VALDRES: Veksten i hyttebygginga vil ingen ende ta.

Det er i alle fall tilfelle dersom ein legg tala frå Statistisisk sentralbyrå til grunn. Ved utgangen av 2016 var det registrert 17.928 hytter og fritidsbustader i Valdres, ein auke på 251 frå året før. For fyrste gong er det no fleire hytter enn fastbuande innbyggarar her i dalføret.

230 hytter i året
Frå 1998 og fram til i dag har talet på hytter auka frå 13.553 til 17.928. Det er ein auke på 4.375. Det gir ein gjennomsnittleg vekst på 230 nye hytter i året.

Gudbrandsdalen er likevel den største hytteregionen i Oppland. Frå 1998 til 2017 har antal hytter i Gudbrandsdalen auka frå 14.755 til 21.806. Det er ein auke på heile 7.051 hytter, noko som tilsvarar ein hyttevekst på 371 hytter i året. Men så er dette også fordelt på 12 kommunar som har ei fastbuande befolkning på i overkant av 71.000.

Folketalet går ned
Kastar ein blikket over fylkesgrensa til Hallingdal, så ser ein også stor auke der. Hallingdal har færre hytter enn Valdres, men veksten per år er større. I 1998 var det 12.981 hytter i dei seks hallingdalskommunane. I 2017 hadde antal hytter stige til 17.693. Det gir ein gjennomsnittleg årsauke på 248 hytter.

Hytteutviklinga blir sett på som ein viktig motor i utviklinga av valdressamfunnet, men det er likevel ikkje til hinder for at folketalet stadig går ned. Mens antal hytter har auka med 230 i året, har folketalet gått ned med 30, frå 18.390 i 1998 til 17.825 i 1997.

Hytter avgjerande
Men utan hyttesatsinga ville Valdres ikkje klart å halde seg på dagens nivå.

– Vi skal ikkje slå oss til ro med utviklinga i Valdres så lenge folketalet går ned, men det er samtidig klart at hyttebygginga er heilt avgjerande for utviklinga av næringslivet i Valdres, seier dagleg leiar i Visit Valdres, Erik Engelien. Eit bevis på dette er ikkje minst utviklinga innan varehandelen.

– Ferske tal viser at Valdres auka detaljvarehandelen med 4,9 prosent i året som gjekk. Det er over gjennomsnittet i Oppland og over landsgjennomsnittet. Og Nord-Aurdal har ei omsetning per innbyggarar som ligg 42.000 kroner over nummer to på lista i Oppland, som er Lillehammer, fortel Engelien, som også viser til at hyttetrafikken gir ringverknader til andre bransjar i Valdres, som for eksempel bilbransjen.

Men skapar hytteturismen nok attraktive arbeidsplassar?

– Det er eit godt spørsmål om vi har bransjar som ungdommen vil utdanne seg til. Når det gjeld hyttesektoren, veit i alle fall at hyttene framover vil få behov for arbeidskraft som kan utføre vedlikehald, seier Engelien.

– Det er no viktig å få ei totaloversikt over kor mange hytteområde som er godkjende og kor mange hytter som er under utbygging i hele Valdres. Vi må finne ut kva som er potensialet og sikre vår marknadsandel i denne marknaden, seier Engelien. Saman med representantar for hyttebransjen deltek Visit Valdres denne veka på hyttemessa i Oslo.

Re­gion­vis ut­vik­ling
Vald­res: Den stør­ste veks­ten i antal hyt­ter og fri­tids­bu­sta­der sis­te året har vore i Nord-Aurdal. Nord-Aurdal er også den sjet­te stør­ste hyt­te­kom­mu­nen i lan­det.

Rings­aker top­par sta­tis­tik­ken med 6981 hyt­ter. Try­sil er nr. to med 6530 og Hol nr. tre med 5445.

Her er ei over­sikt over antal hyt­ter i Vald­res i 2016 og 2017:

  • Sør-Aurdal 3385 3404
  • Et­ne­dal 2299 2346
  • Nord-Aurdal 4356 4438
  • Vest­re Slid­re 2531 2586
  • Øyst­re Slid­re 3433 3449
  • Vang 1673 1705

Gud­brands­da­len er den stør­ste hyt­te­re­gi­o­nen i Opp­land fyl­ke med til sa­man 21.806 hyt­ter og fri­tids­bu­sta­der.

27 kom­mu­nar i lan­det har flei­re hyt­ter enn fast­bu­an­de, og av dei ligg fem i Vald­res. I Vald­res er Nord-Aurdal unn­ta­ket.

Ei re­gion­vis for­de­ling av antal hyt­ter i nær­om­rå­da til Vald­res ser slik ut:

  • Gud­brands­da­len 21806
  • Gjø­vik, To­ten, Land 6159
  • Ha­de­land 2990
  • Vald­res 17928
  • Hal­ling­dal 17693



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


four × two =