Elektrisk påskestemning på Beitostølen

Ny bil: Bodvar Sonstad tok steget fullt ut og gjekk frå hybrid til el. Her framfor sin Nissan leaf 2016-modell som han kjøpte i fjor haust.

– Vi har ikkje tid til å vente på at elbilen blir perfekt. Kjøp elbil no, er oppfordringa til Bodvar Sonstad på Beitostølen.


Tekst og foto: Bjørn Karsrud


Den spreke, pensjonerte legen, som framleis jobbar eit par dagar i veka, er ekte elbilentusiast. Og ikkje nok med det. Han sver også til elsykkel. Men så er han då også leiar for klimagruppa på Beitostølen og med i Besteforeldrenes klimaaksjon.

Sonstad peikar på at mange bruker som motargument at ein del av straumen elbilane i Europa bruker, kjem frå kolkraftverk.

– Men vi kan ikkje vente til den siste kolbiten er brukt opp. Vi har berre ti år på oss, skal vi redde klimaet, seier Sonstad, som i fjor reiste ned til det alternative klimamøtet i Paris – med tog.

Sonstad har ikkje mindre enn tre elsyklar.

– Det må eg ha, om eg skal få med gjester på sykkeltur, seier Sonstad.

Vurderer elbil

Då Valdresmagsinet var innom, hadde han besøk av to klimavenninner som begge er med i klimagruppa på Beitostølen, Ingfrid Rotevatn og Margaret Heldor.

Dei vedgår at dei framleis kjører på diesel og bensin, men vurderer begge sterkt å kjøpe elbil ved neste krossveg. Og elles så kan dei jo fortelja at dei alltid bruker Valdresekspressen når dei skal til Oslo.

– Vi har ein jobb å gjera med få folk til å tenkje klima og miljø, seier Ingrid Rotevatn, som blir supplert av Heldor:

– Problemet er at alt i dag skal gå så forbaskade fort, seier ho. Dei meiner begge at ein bør bruke kollektive transportmiddel som eit alternativ.

Bodvar Sonstad har tre elsyklar. Her har han fått med seg Margaret
Heldor (t.v.) og Ingfrid Rotevatn i klimagruppa på Beitostølen på tur med elsykkel.

– Vi synest for eksempel at hyttefolket i større grad bør bruke bussen når dei skal på hytta på Beitostølen, seier dei to damene.

Bodvar Sonstad kjørte fram til i fjor hybridbil, ein Toyota Auris. På hausten i fjor gjekk han over til Nissan Leaf (elektrisk). Og Sonstad er kjempefornøgd.

Miljøvennleg og billig
– I godt sommarvêr kan du kjøre opp mot 19 mil før du ladar på nytt. Men kjører eg frå Beitostølen, så bruker eg likevel å stoppe på Nes for å lade og ta kafpause. Full hurtiglading tek 45 minutt. Likevel klarer det seg fint med eit kvarter på Nes for å koma seg vidare til Oslo. Men det finst jo ladestasjonar også på Valdresporten, Hallingby, Hønefoss og i Sandvika, seier Sonstad, som er glad for at det no blir bygd ladestasjonar i høgt tempo. Han viser dessutan til at den nye Opel Ampera, som er like om hjørnet, kan kjøre 50 mil, teoretisk, på ei lading.

Sonstad viser også til at elbil er billig. Ladar du i garasjen, kjem du ned i ein pris på to kroner på mila. Ladar du på hurtigladar, må du rekne med sju-åtte kroner. Men i tillegg er årsavgifta berre 500 kroner, du kjører gratis gjennom bommar, du har gratis ferjebillett, du parkerer gratis på kommunale parkeringsplassar, og bilen du kjøper, er friteken for moms.

Prislappen på bilen ligg på rundt 260.000 totalt, kanskje opp mot 100.000 under prisen på ein tilsvarande bensin- eller dieselbil.

– Elles har du ikkje oljeskift, og servicen er enklare enn på ein annan bil, seier Sonstad.

Elbil er likevel ikkje utan problem.

– Eg er opptatt av batteriet, seier Maragaret Heldor, som faktisk har laga både sykkelsong og batterisong til bruk i kliamarbeidet – og som ho framfører på strak arm for avisa.

– Batteria blir jo produsert i SørKorea, Kina og Japan. Vi må få til batteriproduksjon i Norge som blir produsert ved hjelp av fornybar energi, seier Heldor.

– Minuset ved elbilproduksjon er at det går med dobbelt så mykje CO2 ved produksjon av ein elbil som ein fossilbil, men dette vil falle på grunn av raskt aukande innslag av sol og vindkraft, seier Sonstad, som likevel kan opplyse at ein elbil alt no slepper ut 24 prosent mindre CO2 i si levetid enn ein fossilbil. Dessutan blir batteriproduksjonen meir miljøvennleg ettersom marknaden blir større.

– Eit elbilbatteri viser seg å ha like lang levetid som elbilen, og produksjonen av lithium er lite miljøøydeleggande, seier han.

Elsykkel som «andrebil»
Og dersom ein ikkje vil kjøre bil, så er elsykkelen eit godt alternativ.

Bodvar Sonstad har parkert ski og stavar og teke fram elsykkelen.

– Med elsykkel kjem du deg raskt over dørstokken, du kjem deg raskt ut i naturen, sykkelen kan fungere som andre-bil, du kan kjøre til butikken med sykkelvesker, seier Sonstad og tilføyer:

– Det er ein myte at elsykkel er latmannssykkel. Du kan trene like mykje på ein elsykkel ved å skru av motoren, seier Bodvar Sonstad, som ser fram til påskedagar på elsykkel opp mot Bygdin og Valdresflye.




1 Trackback / Pingback

  1. Elektrisk på Beitostølen | besteforeldre mot global oppvarming

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


19 + 17 =