– Hytta skal stå i Valdres


Tekst: Bjørn Karsrud | Foto: Privat


VALDRES: Marit Beate Kasin vann ei Saltdalshytte til 550.000 kroner etter sin sterke innsats i Finnmarksløpet.

I fjor vart ho norsk meister og nummer to, berre ein svenske var raskare. I år vart det ei ny andreplass etter eit strålande løp.

Årets løp var det hardaste og mest dramatiske som truleg er arrangert, med orkan og vanskelege køyreforhold.

– Løpet i år har vore spesielt. Det har vore krevjande, med fleire stormar og målgang seinare enn normalt, seier ei hås Marit Beate Kasin på telefon frå Alta søndag føremiddag. Då ho mista spannet inne på fjellet etter passering Sirma skreik ho seg heilt hos då ho ropte etter bikkjene, og det sit i enno.

Vann Saltdalshytta: Marit Beate Kasin vann Saltdalshytta. No leitar ho og sambuar Susana Assuad etter tomt.

– Det har vore ei intens veke, seier Marit. Og det stoppa ikkje opp etter målpassering.

– Etter målpassering har det vore mykje oppmerksomhet. Folk skal prate, det er bankettar, premieutdelingar og intervju.

I Finnmarksløpet er det gode og flotte premiar.

I tillegg til Saltdalshytta vann Marit Beate gåvekort for hundemat og ein pengepremie på 50.000 kroner.

– No lurer folk på kvar hytta skal stå?

– Det er klart at hytta skal stå i Valdres. Det er jo det finaste dalføret i landet, og aller helst i heimkommunen Øystre Slidre, seier Marit Beate Kasin. Det er både ho og sambuar Susana. Assuad einige om.

No er dei begge på leit etter ei god tomt.

– Vi leitar etter ei tomt der det er godt å bu og godt å trene, seier Marit Beate Kasin.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


thirteen + 8 =