Heim til Valdres for å drive familiebedrifta

To selskap: Mange Sælid-karar å halde styr på: Her frå venstre takstbrørne Martin Ingar (f.v.) og Gudbrand Sælid, Per Martin Sælid som driv sjølvstendig som murar, den nye leiaren for Sælid Bygg AS, Per Øyvind Sælid, og Kristian Ruud Fjeld som skal gå inn i takstverksemda og som også skal drive med byggjekontroll.

Tredje generasjon Snikkar-Sælid i Røn akslar leiartrøya i det tradisjonsrike byggjefirmaet.


Tekst og foto: Torbjørn Moen


24 år gamle Per Øyvind Sælid tok for eit år sidan over som dagleg leiar i byggjefirmaet Sælid Bygg AS etter faren Gudbrand, som heretter skal ofre seg fullt og heilt for jobben med eigedomstaksering i det Sælid-eigde selskapet Takstkontoret Valdres AS som han eig saman med broren og takstveteranen Martin Ingar. Det nye no er at det skal satsast i større målestokk også på takstfirmaet. Frå sommaren vil Takstkontoret Valdres AS bli styrka med svigersonen til Gudbrand, etnedølen Kristian Ruud Fjeld (26). Han jobbar i dag som byggjeplassleiar i Backe-gruppen på Gjøvik og skal i løpet av vinteren også fullføre takstmannskolen. Frå sommaren vil han vera takstfullmektig under Gudbrand inntil han er fullt perfeksjonert.

Nytt bein å stå på
– Ved å trekkje med oss Kristian i selskapa våre, vil vi få enda eit bein å stå på. Vi vil då kunne taka på oss sjølvstendige oppdrag innan byggjekontroll, fortel Gudbrand. Sælid-selskapa har framleis tilhald i bygget som vart reist ved Fosheim Sag og Høvleri på 1980-talet. I tillegg til funksjonelle kontor har dei ein stor hall til rådvelde for lagring og «inneproduksjon».

Taksering: Valdres Takstkontor blir no styrka. og vil for framtida bestå av tre karar: Veteranen Martin Ingar og Gudbrand Sælid samt Kristian Ruud Fjeld som også vil drive med byggjekontroll.

– Her er også vekstmulegheiter, slår Martin Ingar frampå. I andre enden av bygget har Røn VVS verkstaden sin, medan heile andre høgda i det store bygget står tomt etter at Falken Trevare for nokre år sidan flytte til eige husvære.

Murarsonen Per Martin
Enda ei brikke må takast med før enn omtala av Sælid-konsepta er fullendte. Det er Per Einar Sælid (39), son til Martin Ingar, som driv som sjølvstendig murar, men han er fast innleigd hjå Sælid Bygg på muring og flislegging.

– Tankegangen er at murarkompetanse er etterspurt, jobbane kjem frå alle kantar i og utanfor oppdraga Sælid har. Det er difor meir praktisk at denne delen står på eigne bein, seier Per Einar, som fortel at tilgangen på oppdrag er gledeleg god for tida. Det går i muring av peisar, peis er nemleg framleis «in» – om i nye utgåver i forhold til dei med mosegrodde steinar som vi alle skulle ha ein periode.

Murarfirma: Per Einar Sælid driv som murar i eigen regi, Per Einar Sælid Mur og Flis AS er namnet på firmaet.

– Ja, det går i alle slags oppdrag, men tendensen er nok at det blir stadig meir flis, fortel Per Einar. Han er busett på familiegarden i Rogndokken, og trivst godt med den nye organiseringa av familieselskapa.

Sælid Bygg AS stifta i 2005
Sælid namnet borgar for tradisjon og var i årevis eit stort og anerkjent snikkarfirma i Valdres starta av byggmeister og gründer Per Sælid. Midt på 1950-talet starta han som byggmeister, og firmaet utvikla seg år for år inntil sjukdom sette ein stoppar i 1976. Då hadde veteranen Per omkring 20 folk i arbeid. Mellom andre var det Sælid som bygde det store hyttefeltet på Eidsbugarden, som har fått namnet Andstor-feltet.

Sonen Martin Ingar dreiv vidare etter at faren måtte trekkje inn årene. Etter kvart spesialiserte Martin Ingar seg på taksering, og med åra har det vorte fulltidsarbeid med å taksere. Så vart det broren Gudbrand som førte byggmeisterarven vidare. I 2005 vart Sælid Bygg AS stifta, og på det meste var dei 12 mann i arbeid, no er dei der dei meiner dei bør vera, totalt åtte hovud med alle.

Ville heim
– Eg legg ikkje skjul på at eg er veldig tent på denne oppgåva. Det er ein spanande jobb å drive eiga bedrift. Eg opplever at mange forbind oss med tradisjon og kvalitet, det skal sjølvsagt vera vårt hovudfokus framover også, seier ein entusiastisk ung dagleg leier, Per Øyvind. Han veit at det ikkje er langt å gå for å søkje råd, faren Gudbrand og onkelen Martin Ingar har kontor vegg i vegg.

Trivst i rolla: – Eg er på eit vis fødd inn i dette, seier Per Øyvind Sælid som sidan i fjor sommar tok over som dagleg leiar i Sælid Bygg AS. Det er også drømmejobben for den unge karen som har gått ei god skule.

–Klart det er ekstra inspirerande at vi har halde det gåande i nærare 60 år, eg er på ein måte fødd inn i dette, legg han til.

– Men var det opplagt at du ville heim til Valdres?

– Etter fagskulen i Telemark fekk eg mellom anna jobbtilbod i eit større entreprenørfirma i Sandefjord, men eg var klar på at eg ville flytte heim. Etter kvart var det nok det å få moglegheita til å drive familiebedrifta vidare som gjorde utslaget, fortel Per Øyvind. Han legg heller ikkje skjul på at ein god oppvekst i Vestre Slidre har gjort valet heilt naturleg.

Tradisjon som forpliktar
Marknaden for Sælid Bygg har tradisjonelt vore mest innan eigen kommune, Vaset er hjartebarnet, veit du, elles har dei stadig oppdrag på Beitostølen og rundt om i Nord-Aurdal. Oppdraga går frå restaurering til nybygg, skadesanering er det ein del av – og sjølvsagt er hyttebygging ein viktig del av det dei held på med. Sjølve er dei svært opptekne av å bruke lokale leverandørar, og samarbeider såleis tett med både Fosheim Sag, Falken Trevare og Røn VVS samt andre lokale aktørar.

Stort oppdrag: I øyeblikket er Sælid Bygg engasjert med å byggje ei stor hytte på Vestre Slidre vestås, eit populært område med flott utsyn mot Øystre Slidre. Hytta ligg på omkring 1030 meter over havet. Per Øyvind er innom og fylgjer opp. Her i samtale med to av sine tilsette. Ørjan Brateng, yngst på laget, og Tor Arne Tjernslien(t.h.) som har vore 11 år i firmaet.

 

Det er inga ulempe for Per Øyvind som dagleg leiar at enda ein jamaldring, svoger Kristian Ruud Fjeld, kjem inn under Sælid-paraplyen som takstmann i Valdres Takstkontor. Dei unge er med å trygge Sælid-arven for framtida.

Taksering i 33 år
Men litt meir om takstarbeidet: Lenge var bustadtaksering her i Valdres synonymt med Sælid-namnet. Martin Ingar var tidleg ute som takstmann. Det er ikkje mange hus eller hytter her i Valdres som han ikkje har vore innom dørene på.

– Eg har drive som takstmann i 33 år og Gudbrand har drive i 19 år. Faget og arbeidsfeltet har på denne tida utvikla seg stort. No går det meste på data, og medan vi er ute på taksering, brukar vi nettbrett til å notere på. Notata blir deretter overført til elektroniske takstskjema.

– Kanskje så mykje som femti prosent av oppdragsmengda er hyttetaksering, men det er også ein god del skadejobbar. Ei utvikling er også at det er større omsetnad på eigedom no. Det kan vera at det er mange generasjonsskifte og det faktum at folk kjøper og sel eigedom oftare no enn før. Marknaden har utvikla seg i rasande fart, slår Martin Ingar fast. Med ei sterkare satsing på takstkontoret og nye oppgåver med byggjekontroll, meiner han at dei er godt rusta for framtida.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


eight − 7 =