Når nettene blir lange og musehistoriene dukkar opp att

Forteljarliv: - Ho brukte si eiga stemme, som når ho sat på sengekanten min. Det vart veldig annleis enn det som var vanleg i slike samanhengar, fortel sonen Svein, om mora Oddbjørg Bjerke sine opplesingar i “Barnetimen for de minste”. Forfattaren Oddbjørg Bjerke (1930-2004) voks opp i Etnedal og flytte seinare til Vestringsbygda, der ho dreiv bureisingsbruket Åsli saman med Rikard Bjerke.

Myser er ikkje skumle. Dei er morosame og snille, meinte Oddbjørg Bjerke.


Tekst og foto: Marianne Granheim Trøyflat


Det er med stor iver, og framleis litt undring, at han tek fram att historia både om museguten Zakkarias og kvinna bak. To vågale og livsglade skapningar som Svein Bjerke og mange andre har hatt stor glede av.

Eit forsøk på redsle
Svein var sjølv opphavet til historiene om Zakkarias. Som liten gut, la han godt merke til kor redde vaksne folk kunne bli av å sjå bitte små mus, og tenkte dermed at dette måtte vera svært farlege vesen.

– Det var vanskeleg for meg å skjønne kva dei eigentleg var så redde for. Men når dei som var så store, vart så redde, måtte det jo vera rett reaksjon. Eg prøvde seinare å bli så redd eg kunne om eg såg ei mus, fortel han.

Musegut under golvet
At den vesle guten byrja bli så nervøs, gjorde at mora såg behovet for å bringe Zakkarias på banen.

Zakkarias vart presentert som ein musegut som budde under golvet i det raude huset oppi skogen. Han hadde blå olabukse med raud bot i baken, og eit lite hol der halen kunne stikke ut.

Zakkarias gjorde det meste av det andre små gutar gjorde, og det vart ei rekkje forteljingar ut av det. Han fekk småsøsken, han gjekk på ski, datt på ski, slo seg, reiste seg att og reiste på bytur. Svein let seg rive med.

– Eg lurde støtt på kva Zakkarias skulle finne på denne gongen. Og etter kvart rota han seg borti situasjonar som likna veldig på det eg hadde vore ute for. Ting som kanskje var litt vanskelege, og gjerne enda litt skumlare enn det eg hadde opplevd. Eg vart så forbausa kvar gong, over at han greidde å redde seg ut att av det, minnest Svein.

OPPVEKST: Oddbjørg Bjerke voks opp på småbruket Rustebakko i Etnedal. Det var tunge tak, men det er ei hjartevarm historie som kjem fram når Bjerke fortel frå denne oppveksten i samlinga «Eg vaks opp i Valdres».

Det balla på seg
Svein hugsar godt kor oppslukt også mora hans vart av historiene.

– Det var litt tilfeldig i byrjinga. Men etter kvart vart det slik at han Zakkarias byrja å leva sitt eige liv. Det balla på seg. Enkelte gonger kunne ho bli sitjande i det uendelege å skrive, fortel han.

Fleire enn Svein fekk glede av historiene. Oddbjørg reiste rundt og fortalde om Zakkarias i barnehagar og på skular i Valdres. Landskjend skulle Zakkarias bli da han kom inn i «Barnetimen for de minste» i NRK på 80-talet.

Radio-forviklingar
Oddbjørg Bjerke hadde inga typisk radioreporter-stemme, fortel sonen. For det første las ho på valdresmål. Teknikarane var litt usikre på korleis dei skulle handtere dette. Stemma hennar hadde ikkje nok diskant. For det andre var det vanskeleg å måle kor lang tid det tok med historiene. Når ho kom tilbake etter prøveinnspeling, hadde gjerne historia vorte lengre.

– Dei klaga så fælt på henne. Ein bokstav var ein bokstav for dei, ein firkant. Men for ho mor var det aldri slik at ei historie om Zakkarias var ein firkant. Det var eit eventyr. Ho sa det, og meinte det heilt ærleg. Det er ikkje min feil kva han Zakkarias finn på frå gong til gong, humrar sonen.

Samtalar med ungdom
Svein framhevar Oddbjørg Bjerke sitt store engasjement for barn og unge. Dei som hadde vokse seg frå krumspringa til Zakkarias, vart i staden invitert til smørbrød og samtalegrupper. Der skulle ungdomen få lov til å prate om ting dei syntest var vanskeleg.

– Ho vart med på å prate om det, uansett kva tema dei la fram. Ho hadde ingen kompetanse på feltet, men prøvde vel berre å gjera det om til ein vanleg samtale, der det ikkje var så vanskeleg å prate om ting, oppsummerer Svein. Det kunne dreie seg om alt frå at dei var mørkredde eller hadde sett noko skummelt på tv, til at dei hadde det vanskeleg heime.

BOKFORM: Oddbjørg Bjerke var svært oppteken av at barn måtte få leike, og ikkje gå rundt å vera redde. Det var også opphavet for historiene om museguten Zakkarias. Her Svein Bjerke og Margunn Søyland Nesbakken da boka vart lansert på Kvitvella forlag i 2005. (ARKIVFOTO)

Fleire sider av livet
Oddbjørg Bjerke skreiv også dikt, kva handla dei om?

– Det var ein heilt annan sjanger, ting ho skreiv for sin eigen del. Ho hadde vel også sine tunge stunder, og meinte det hjelpte å skrive dikt. Dei ligg nok her ein plass, seier Svein. Dikta er aldri offentleggjort nokon stad.

Ein kan også lesa Bjerke sine oppvekstskildringar i samlinga «Eg vaks opp i Valdres». Svært tronge kår, som Bjerke mest får ut til å høyrest ut som eit skinande eventyr. Som i dette vesle glimtet:

«Den sundags-morgonen vi kunne ha kvar sitt egg til frokost for fyrste gong etter ein lang vinter, var som ei ekstra høgtid. Aldri kan eg tenkje meg at egg har smaka betre sidan!»

Museholet enno ope
Etter radioinnspelingane, vart historiene om Zakkarias gjevne ut på kassett. Dei selde godt, og Svein Bjerke oppdaga at det var mange som hadde sett like stor pris på historiene som han sjølv.

Og om Svein har slutta å vera redd for mus? Jauda, han meiner det. Museholet som Zakkarias ein gong hadde i det raude huset i Vestringsbygda, står framleis ope. Men Svein vedgår at det også finst grenser for gjestfridom.

– Vi har ein kvit katt. Og da går naturen sin gang




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


fourteen − ten =