Har den fineste «folkevogna» som er laga

STOLT EIGAR: Arild Ranum er stolt over sin VW SP2 som er ein av to i Norge. Bakparten har nok for kjennarar litt Porsche-preg over seg.

– Teknisk interessert har eg nok vore all min dag. Bilinteressa må kanskje søskenbarna Arne (Røllång) og Hans Asbjørn (Brandsdal) få noko av æra for, fortel Arild Ranum.


Tekst og foto: Torbjørn Moen


– I alle fall hadde det seg slik at far kjøpte eit gjøkur som eg som femåring prøvde meg på. Eg klarte å demontere det i alle sine bitar, men far fekk det ikkje i hop att. Humoren ligg bak når vi møter den løgne ulnesingen Arild Ranum (66). Like mykje som bilentusiast, med Volkswagen som favoritt, er han datamann.

Tidlegare enn mange utdanna han seg i datafaget, han var ferdig utdanna i 1974. Framleis held han det gåande i Ranum EDB AS med seg sjølv og to tilsette som er lånte ut til Vegdirektoratet. Men sjølv vil han vera mest pensjonist no, drive med det som ligg han nærast, ikkje minst dyrke gode hobbyar.

Mange veteraner i stallen
Arild viser rundt i låven der køyretøya har luftig plass.

– Eg slutta i jobben for to og eit halvt år sidan. Meininga var mellom anna at eg skulle bruke meir tid på desse, seier han og peikar rundt seg. Dei står der på rekkje og rad, eit par 2CV-ar, Citroën altså, ei Boble kabriolet tofarga og ein VW Beach Buggy. Ja, samlinga inneheld også ein Bukh-traktor.

Årsaka til denne reportasjen har fått den beste plasseringa på garden, i eit isolert rom i underetasjen. Det er ein VW SP2, som kanskje dei langt færraste i heile teke har høyrt om. Då bilen kom til gards, nekta ein verkeleg kjennar i nabolaget for at dette kunne vera ein ekte Volkswagen. Men her var det fleire som måtte gje slepp.

SPORTSBIL FRÅ BRASIL: Det er flotte og sportslege linjer på SP2. Her fotografert på jordet ned for Ranumgarden i Ulnes

Ei brasiliansk folkevogn
SP2 er ein Volkswagen produsert i Brasil. Det var i perioden 1970–1976. Nokre av dei vart eksporterte til andre land. Det vart óg laga ei utgåve Sp1, og av den vart det produsert berre 162 stykk. Av SP2 vart det derimot laga 10.031, to av dei er i Norge … og det er den eine av desse, produsert ganske på slutten av 1976 før produksjonen vart slutt, som nok litt tilfeldig hamna i Ulnes.

Det var nok velkjent at Ranum var Volkswagen-frelst. Han er litt arveleg belasta ettersom faren kjørde folkevognbuss. Denne bytta Arild motor på då han bvar 16 år. Brørne Olav og Arild fekk som unge, i 20-årsalderen, ei boble av faren som dei hadde i lag og som Olav har teke vare på. Det høyrer med til historia at dei tre brørne Ranum; Arild, Olav og Harald lir av same VWsjuka, men det er vel eldstemann som har trekt det lengst.

Berre to i Norge
Men attende til det tilfeldige samantreffet då bilmannen framfor nokon Volkswagen-kjennar i Valdres, Jan Fred Solhaug i Ranheimsbygda, dukka opp hos Arild for nokre år sidan med bilete av ein SP2 han hadde kome over. Og sjølvsagt var han i stuss over kva slags bil dette var. Då byrja ballen å rulle, og det fort. Arild fann ut at det fanst to slike i Norge, båe to hjå same mannen på Bergenskanten. Ganske snart hadde Arild ærend til vest og dukka opp hos mannen som ville kvitte seg med båe bilane. Den eine av dei var ikkje heilt slik Arild såg for seg, men det vart handel med den andre som var i fortreffeleg stand. Det bar heim til Valdres med den etter at den vart omregistrert på Voss på heimvegen.

Sportsbil med to seter
Bilen var importert frå Brasil til Tyskland og karen i Bergen kjøpte den av ein tyskar. Den andre SP2 var det ein annan vestlending som hadde importert fleire år tidlegare. ¨

– Litt originalt og morosamt å eige ein slik. Eg får mange kommentarar på bilen. Felles for dei er at dei fleste blir meir enn forundra når det går opp for dei at dette er ein Volkswagen. Ein gong i fjor stod eg parkert på Holmensenteret i Asker ved sidan av ein Rolls Royce, og då var det bilen min alle flokka seg rundt, ikkje Rollsen. Artig, fortel Arild.

Bilen har utprega sportsleg preg; tosetar, med skinninteriør, sportsratt, firesylindra «pannekakemotor» med to forgassarar. Bakparten liknar utvilsamt på ein Porsche. Fronten kanskje litt meir diskret, men frontlyktene finn vi kanskje att seinare når VW laga VW 412.

– Den er god å køyre, ligg godt på vegen. Den likar seg nok best på asfalten. Mange seier at dette er den finaste folkevogna som er laga, seier Arild, som har køyrt fleire byturar med bilen. Dei har utvilsamt funne tonen, her Ranum og frk. SP2. Den må vera ei dame. Den er feminin i formene.

STASELEGE FELGAR: Bilen er utstyra med gamle
originale alufelger som er med på å gje bilen ekstra
preg.

Drive eige datafirma
Entusiasten og den langt over snittet aktive Arild krev også nokre ord. Etter militæret byrja han på distriktshøgskulen i Agder, no Høgskulen, på datafag. Det opna for jobb i eit datafirma i Oslo som heitte Ida, og som mellom anna styrte datasystemet til forretningsbankane. Det vart også eit halvår i Tyskland der han styrte med datasystemet for det tyske trygdesystemet. Men etter det byrja han i dataselskapet Bull. Der var han i 10 år, og på den tida skulle Vegdirektoratet leggje motorvognregisteret online. Då vart den gode Ranum leigd ut dit.

Mange jern i elden
– Då dette vart sett i drift, var det den største databasen i Norge, fortel Arild. Men han hadde også fleire andre viktige kundar og oppgåver, mellom anna online-systemet til Posten. Etter ti år i Bull byrja han for seg sjølv, og dei neste 25 åra har han drive eige datafirma og jobba for Vegdirektoratet. Han har også utvikla prikksystemet for politiet og hatt mange andre spanande jobbar før han vende nasen heimover. Mykje av tida har han budd i Asker, men heimegarden i Ulnes og stølen på Gauklia har heile vegen vore viktige haldepunkt for valdrisen, som også kosar seg i eigen bustad på Gran Canaria. Kanskje så mykje som fire må- nader i året oppheld han seg der, men alltid online, som han seier. Viktige bitar i livet til den heimvende ulnesingen er utan tvil fjellet og skiløypene på Stølsvidda, men også veteranbilar. For noko som pregar den gode Ranum er brennande engasjement og stadig mange jern i elden.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


11 − four =