Førjulsstemning – Tida for gode inntrykk og opplevingar

Valdresflye: 7. november, 18 kuldegrader, vindstille og 75 centimeter snø.

Denne tida er gode inntrykk og opplevingar, små eller store, minst like viktige som sjølve skigåinga. Låg sol, himmel i alle slag fargar, sus av ski i snø, eit dyrespor – eller eit kort møte med rype, hare, elg eller rein. Høy­rest det freistande ut?


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


Vi er ikkje av dei som ser lengtande på skia alt sist i september, men når snø­en fyrst kjem opnar det att for annleis og gode stunder ute i naturen.

Fargespel
I Valdres er vi heldige som ofte får tid­leg vinter med snø og skiføre.

Valdresflye er nesten «bankers» når det gjeld tidleg snø, og sidan Statens vegvesen bortimot garanterer open veg heilt fram til 15. desember, blir ein eller fleire av dei fyrste skiturane lagt hit. Nokre år så tidleg som midt i ok­tober. Her oppe i 1400 meters høgde er det lite som forstyrrar når du kjem deg litt vekk frå vegen. Du ser mykje himmel, og når fargespelet breier seg, ikkje minst ved soloppgang eller sol­nedgang, finn du få plassar som er be­tre å vere enn akkurat her. Dersom du ikkje alt har skjønt dette, så prøv!

Inn mot Skaget
For oss byr Yddinområdet innafor Heggenes på endå meir kortreiste ski­turar i snaufjell. Løypenettet her blir ikkje kjørt opp før i jula, men for den som likar å lage eigne spor er det len­ge før herleg utgangspunkt frå gratis parkeringsplass tre kilometer innafor tidlegare Yddin Fjellstogo.

Herifrå går ubrøytte stølsvegar innover mot Kristianstølen, Kjølastø­len, Vesleskag og Bergset. Her møter du sjeldan folk, naturopplevinga er til gjengjeld oftast endå større.

Kjølafjellet: Heile flokken pŒ 1500 rein passerte medan eg stod gøymt bak ein stor stein.

Til Skardåsen
Også frå Valdres skisenter i Skrautvål har vi fleire gonger hatt fine skiturar lenge før jul. Løypa til topps på Skard­åsen ofte tidleg klar, flott preparert. Her får du dei mektige Mellane tett på, og det er herleg utsyn mot fjellom­råde i alle retningar elles.

Tidleg på Vaset
På Vaset i Vestre Slidre er det ofte tidleg snø, til glede for hyttefolk og andre. Her er det i fleire år jobba med løypetrasear som kan brukast tidleg, nokre også ved hjelp av kunstsnø.

Mykje å velje blant
Andre minnerike opplevingar er desemberskitur i snøtung «eventyr­skog» på Aurdalsåsen, og på ganske snøfattige stølsvegar i Tisleidalen.

Slik kunne eg halde på, det er berre fantasien som set grenser for kvar du kan gå på ski i november og desember.

Gå rolegare – pust djupare
Men hovudbodskapen i denne artik­kelen er ikkje fyrst og fremst om kvar du kan gå tidleg på ski, meir om kva slike turar kan gje av ekstra «bonus».

Difor: Om dagane er korte, om du er sliten og dørterskelen er ekstra høg, kom deg likevel ut. Gjerne på ski, men ikkje nødvendigvis. Men søk deg vekk frå folk, hus, bilar og gatelys. Nyt det lyset som naturen sjølv byr på. Legg merke til dei skiftingane du kanskje ikkje oppdagar i ein hektisk kvardag. Sit eller stå stille og berre nyt dei få minutta ein soloppgang eller solned­gang tek. Gå rolegare, pust djupare, prat mindre, bruk augo meir – også på dei små detaljane i naturen. Undre deg. Stopp opp ved eit dyrespor. Kva for ein skapning har fare her?

Slik finn du kanskje att noko i deg sjølv som har blitt nesten borte i stres­set fram mot jul – og du kan gå høgtida rikare og rolegare i møte.

Ei forgylt stund: Solnedgang over Valdresflye tidleg i desember.



Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


five × five =