Dialektbruk – på veg ut eller inn?

UT ELLER INN: Om dialektord som «svøltin», «unaug» og «føslo» vil bli nytta også i framtida eller er på veg ut av vokabularet til valdrisane, får framtida syne. – Ei dialekt er seigliva. Det tek tid før endring skjer, men det er opp til dei unge om dei ser på det som viktig nok å halde på dialekta, meiner dialektforskar Unn Røyneland ved UiO.

[Opprinnelig publisert i 2014]

– Ein må kunne godta ein noko endra versjon og ikkje vere for puristisk om ei dialekt skal haldast i hevd, seier dialektforskar Unn Røyneland.


Tekst og foto: Ingri Valen Egeland


– Det er motsette tendensar knytt til utviklinga av norske dialekter. Fleire av dei har fått auka status, samstundes som det skjer ei gradvis endring som fylgje av meir mobilitet og kontakt mellom dei ulike dialektene, seier Røyneland. Ho er tilsett som professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo og arbeider innanfor områda sosiolingvistikk og dialektologi.

– Ikkje minst er valdresdialekta eit døme på dette. For nokre år sidan vart ho kåra til den finaste dialekta her i landet. Likevel ser ein at mange av dei unge i regionen heller talar standard austnorsk framfor eiga dialekt, fortsett ho.

Urimelege krav?
– Mange har nok ein tendens til å romantisere. Dei ser på den måten dei eldste dialektbrukarane blant oss pratar på som den mest ekte, seier professoren.

– Med den tankerekkja må ein jo då også spørje seg om til dømes valdresmålet slik det blir tala i dag, er godt nok. Når kan noko ikkje lenger reknast for å vere det same? Dette er noko kvar generasjon opplever og må ta stilling til. Eg trur det er viktig at ein må kunne godta ein noko endra versjon og ikkje vere for puristisk, fortsett ho. I ein publikasjon frå 2009, «Dialektparadiset Norge – en sannhet med modifikasjoner», omtalar Røyneland emnet saman med medforfattar Brit Mæhlum.

– Norge utmerkjer seg jamført med andre land i Europa fordi vi her nyttar dialekt i mykje større grad, både heime og på jobb. Sjølv om vi har eit stort dialektmangfald, regjerer det nok ei form for språkleg purisme der toleransen for knoting og utvatning ikkje alltid er like stor, seier professoren.

– Med tanke på at det i vår tid er mange som flyttar rundt og blir påverka av ulike dialekter, kan krava verke urimelege, meiner ho. Røyneland fryktar at dette igjen kan gjere at folk vegrar seg for å tale dialekt.

– Kanskje tenkjer nokon då at om dei ikkje talar dialekta bra nok uansett, kan dei like gjerne prate standard austnorsk i staden. Det er synd om folk skal kjenne det slik.

SKIFTANDE TEMPERATUR: – Det er motsette tendensar knytt til utviklinga av
norske dialekter. Ikkje minst er valdresdialekta eit døme på dette, seier dialektforskar
Unn Røyneland.

Løner seg med dialektbruk
I doktoravhandlinga si frå 2005 tok dialektforskaren for seg dialektnivellering, ungdom og identitet med utgangspunkt i ein komparativ studie av språkleg variasjon og endring i to tilgrensande dialektområde, Røros og Tynset.

– Det eg mellom anna fann, var at dei på Tynset er mykje nærare ei utjamning av dialekta si enn det dei er på Røros. At turistøkonomien etter kvart har vorte særs viktig på sistnemnde stad, har truleg hatt sitt å seie.

– Det løner seg ganske enkelt meir for folk på stader som sel autentisitet å halde på dialekta. Å kunne syne fram det særeigne, også når det kjem til det språklege, har ein eigen verdi i sal av det som er tydeleg knytt til det lokale, forklarar professoren. Dette er også noko ein veit å utnytte i samband med marknadsføring, meiner ho.

– Eg har sjølv køyrt forbi svære reklameskilt på dialekt på veg mot hytta, seier Røyneland. Sunnmøringen har hytte i Grønsenn i Vestre Slidre. Hytta har vore i ektemannen Bjørn Ramberg sin familie i fleire generasjonar.

– Det er ingen tvil om at det er verknadsfullt å synleggjere særeigne dialektord og -uttrykk skriftleg i landskapet på den måten. Det vekkjer åtgaum og gjer folk nyfikne. Dialekt sel i ei tid der folk i stadig større grad søkjer attende til det ekte og autentiske, anten det gjeld opplevingar, lokalprodusert mat eller musikk, fortsett dialektforskaren og den lokale hytteeigaren.

– Eg trur hyttefolket synest det er stas med dialektbruk. Eg har høyrt fleire seie at dei synest det er trist at mange unge ikkje pratar dialekt, seier ho vidare.

– Enno tid
Dialektforskaren trur valdresmålet si framtid avheng av dei unge.

– Det er opp til dei om dei ser på det som viktig nok å halde på dialekta, seier Røyneland. Sjølv om mange unge i regionen talar standard austnorsk framfor dialekt, meiner ho framtida likevel ikkje treng sjå dyster ut.

– Ei dialekt er seigliva. Det tek tid før endring skjer. Det finst døme på dialekter ein har trudd skulle bukke under, men som snarare har fått nytt liv, fortel professoren. At ungdom tar i bruk dialekt på sine arenaar, som sosiale medium, trur ho dessutan verkar positivt.

– Ein ser dessutan at stadig fleire motkrefter mot standardisering er på banen. Folk ynskjer å ta vare på dialekta og vise kvar dei kjem ifrå gjennom ho, fortsett ho vidare. Dialektforskaren fortel at det er ei sterk kopling mellom språk og identitet.

– Kva slags språk ein nyttar, både munnleg og skriftleg, fortel mykje om den ein er. Å prate dialekt uttrykkjer individualitet, samstundes som det skapar samhøyrigheit og markerer tilhøyrigheit, meiner Røyneland.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


five − one =