Snøen overlevde varmegradene

Langrenn: Fine tilhøve under krinsrennet på Vaset i helga.

Treningssamlingane på Vaset, Beitostølen og alpinsenteret i Aurdal sist helg gjekk fint, og no til helga ser det også bra ut.


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


VALDRES: Det var opptil åtte plussgrader sist helg, men sterk og kjølig vind hindra stor smelting. Stadvis var det likevel noko hardt og avblåse i spora. I alpinbakkane har snøkanonane gått for fullt att denne veka takk vere mange kuldegrader frå søndag kveld.

Skisamling på Vaset
Bjørn Sveine, vert på Gomobu Fjellstue på Vaset, fortel om gode tilhøve i løypene sist helg.

– Vi hadde 150 skiløparar frå Haslum skiklubb her. Dei var i alle fall kjempenøgde, og vi fekk mange lovord, for sjølv om det var blitt litt hardt etter mildvêret vart spora fresa opp så det var veldig bra, seier Sveine. Blant anna i ei rundløype på 15 kilometer.

I alpinbakken på Vaset var det litt hardt, men denne veka blir det produsert snø i heile anlegget, etter nyinvesteringane i sommar.

Uventa bra på Beitostølen
På Beitostølen var det sist helg noko hardt og avblåse i skiløypetraseane, spesielt på nedsida av fylkesvegen. Det klassiske sporet var likevel uventa bra takk vere ørelite nysnø og litt kornsnø som hadde blåse inni og blitt liggjande. Skøytetraseen ved sida av var til dels hard/isete enkelte stader fordi vinden hadde blåse vekk all laus snø.

På oversida av fylkesvegen var snødekket tynt, men det var fint å gå.

– Og no som vinden har stilna er vi gang med å frese opp att løypene, sa løypekjørar Knut Aassveen måndag.

I alpinbakkane på Beitostølen var det overraskande fint. Det gjekk faktisk kjempegreitt å kjøre skrensesvingar ned heile bakken sjølv på vanlege turski. Og med kuldegradane starta snøkanonane att også der.

Bra med kulde: BŒåde her i Valdres alpinsenter i Aurdal og ellers i Valdres har snøkanonane gåŒtt siste veka.
Bra med kulde: BŒåde her i Valdres alpinsenter i Aurdal og ellers i Valdres har snøkanonane gåŒtt siste veka.

Lovar gode tilhøve i Aurdal
Dagleg leiar Harald Kulhuset i Valdres Alpinsenter i Aurdal, fortel om ganske harde tilhøve i hovudanlegget, i alle fall for hobbykjørarar.

– I helga hadde vi to alpine treningsgrupper her, og for dei var tilhøva nesten ideelle, seier han.

Kulhuset legg til at snøproduksjonen går for fullt att, og at det i tillegg blir fresa. Han meiner det blir veldig bra for alle no i helga.

Det er også kjørt ein del skiløyper i området, her også er det noko hardt etter mildvêr og vind.

– Turde ikkje frese sist helg
Magne Grihamar fortel om bra med snø i Tyin/Filefjell-området, og om gode tilbakemeldingar på tilhøva i turløypa langs fylkesveg 252 innover mot Tyinholmen og Eidsbugarden.

– Det er også kjørt ein del andre løyper, men vi turde ikkje frese dei sist helg, for då hadde mykje av snøen blåse bort, seier Grihamar, som legg til at dei inn mot denne helga vurderer frå dag til dag kva som er lurast å gjere.

– Det er varsla litt snø både lørdag og søndag, og kuldegrader også vidare framover, seier han.

Alpinbakkane har god såle takk vere tidleg snø. Det er heilt greie tilhøve i nedre halvdel av hovudtraseen, men meir snø vil gjere det endå betre.

Løyper elles i Valdres
Valdres skisenter i Skrautvål har fine løyper, mot Skardåsen, mot Leirin og til Kruk og litt vidare.

Også i Tisleidalen er det kjørt løyper, det er det også på Fjellstølen og Hellebekk-området i Sør-Aurdal, og litt både ved Gamlestølen og Lenningen i Etnedal.

Oppdatert informasjon om preparerte skiløyper, både i Valdres og elles, finn du på nett, på skisporet.no. Her kan du på kartet leite deg fram til «ditt» område, og sjå når det sist er preparert. Ta også en titt på Valdrestur.com for å finne ski-turbeskrivelser som kan være av interesse – trykk HER

________________

Forhold i løyper og bakkar

  • Det meste av snøen berga seg gjennom mildvêret forrige helg
  • Dei fleste skiområda i Valdres har ein del preparerte løyper, men det er stadvis noko lite snø
  • Lite vind no i veka har gjort det er fresa i ein del av løypene
  • Dei fleste alpinanlegga har ein del nedfartar med bra tilhøve. Også her er det venta betre tilhøve denne helga, etter både fresing og meir snøproduksjon
  • Sjå på skisporet.no for status for preparering av skiløypene

 




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


one × two =