Med 20 tonn på glattisen

Farleg føre: Glatt is er utfordrande ikkje berre for bilane men også for renovatørane, sjølv på stader der det er nesten flatt. Piggdekk og kjetting, og broddar under skoa, høyrer med til grunnutrustinga for VKR i vinter-Valdres.

Vi var med på delar av ei rute i Volbu, med bratte og isete vegar.


Tekst og foto: Tor Harald Skogheim


ØYSTRE SLIDRE: Valdres kommunale renovasjon (VKR) har i alt 12 bilar, fem av dei hentar hushaldningsavfall i heile Valdres.

Onsdag var vi med på ei rute i Volbu, med renovatørane Bjørn Henning Bøe frå Røn og Ole Johnny Svendsen frå Ulnes.

– Ekstra ille på måndag
Dei har kjørt ruta og fem andre i Øystre Slidre i fleire år, og kjenner vegane godt, det er ein fordel. Bøe seier at føret no etter helga har vore av det meir utfordrandre.

– Ekstra ille var det måndag på fleire vegar på Beitostølen, men også andre stader har gjeve problem. Vind har polert hard is og feid mykje strøgrus til side. Også bremsing og skliing gjer sitt til at det stadvis blir liggjande att for lite grus, og nokre stader er det manglande strøing, seier Bøe.

Stopp for møtande bilar
Bilen har piggdekk framme og kjetting på drivhjula, men det vart ein del spinning sjølv om det var bra strødd på vegane vi kjørte.

Største utfordringa var å koma i gang att i bakkar, både ved stopp for søppelstativ og ved møte med andre bilar på smale vegar, som det er fleire av både øvst i Volbu og mange andre stader i Valdres.

Broddar under skoa
Men det er ikkje berre bilane som har utfordringar på glattisen. Svendsen syner fram at han har broddar under skoa, for det kan snøgt bli eit uhell som i verste fall kan ende med brotskade.

Strøing ved sjølve stativet og vekkmåking av snø er difor til god hjelp for renovatørane.

Renovatørane: Bjørn Henning Bøe (t.h.) og Ole Johnny Svendsen, mellom dei ser vi dataskjermen der alle avvik langs ruta blir loggført.
Renovatørane: Bjørn Henning Bøe (t.h.) og Ole Johnny Svendsen, mellom dei ser vi dataskjermen der alle avvik langs ruta blir loggført.

Feilsortering
I bilen er det ein dataskjerm der dei enkelt kan registrere alle mulege avvik. Svendsen nemner laust avfall i stativet, feilsortering eller at det er for glatt til at dei fekk kjørt fram til søppelstativet.

– Mange slurvar med sorteringa, papp er ikkje papir. Det er også ein del stativ der det manglar sekkar, posane er berre stabla inn. Det skal brukast sekk, men dersom det er berre eit par posar tek vi dei likevel med, seier han.

 

Hund hindra henting
Ei heilt anna utfordring møtte renovatørane på eit gardstun, der ein laus hund oppførde seg på ein slik måte at dei valde å ikkje gå ut.

– Vi har fått beskjed om å sjå an slike situasjonar. I sommar vart ein av renovatørane biten av ein hund sør i Valdres, seier Bøe, som registerer avviket på skjermen. Slik kan kunden få grei forklaring på kvifor avfallet ikkje er henta, dersom han ringer til VKR.

Båe jobba før på meieriet i Røn, men trivest godt i jobben i VKR.

– Dagane går snøgt, det er vel eit godt teikn, ler Bøe.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


14 + eight =