Vangs hytte- og skatteparadis

Hyttesatsing: Grunneigar Atle Hovi, salsansvarleg Tone Greni og vangordførar Vidar Eltun er glade for at hyttesalet har begynt å ta av i Raudalen.

I Rau­da­len kan du skaf­fe deg hyt­te nær Bei­to­stø­len – utan å be­ta­la hyt­te­skatt


Tekst og foto: Bjørn Karsrud


Hit­til har Destinasjonskirurgene selt hyt­ter og tom­ter i 
Rau­da­len for over 25 mil­li­o­nar kroner.

RAUDALEN: – Det er vel­dig po­si­tivt at det­te skjer. Det er vel­dig over­ras­kan­de at det er selt så mange tom­ter, sei­er ord­fø­rar i Vang, Vi­dar El­tun.

Rau­da­len ligg i det aust­re hjør­net av Vang, tett inntil Øyst­re Slid­re-gren­sa og med seks ki­lo­me­ters av­stand til Beitostølen. Eltun ser sto­re moglegheiter for om­rå­det, blant anna gjen­nom eit ut­bet­ra al­pin­an­legg.

Pa­ra­dis for hyt­te­fol­ket
Rau­da­len er eit pa­ra­dis for hyt­te­ei­ga­ra­ne, ik­kje minst for­di dei slepp å be­ta­la hyt­te­skatt, i 
mot­set­ning til dei an­dre hyt­te-
­ei­ga­ra­ne rundt Bei­to­stø­len.

– Men hyt­te­skatt vil vel også koma her?

– Det er in­gen pla­nar frå ord­fø­ra­ren si side om å inn­fø­re hyt­te­skatt i Vang, sjølv om vi for tida kjem i skvis på grunn av fal­lan­de kraft­inn­tek­ter. Vi kjem til å mer­ke godt i kom­mu­ne­kas­sa at straum­pri­sen er låg og at vi får mind­re eigedomskraftinntekter.

El­tun for­tel at kom­mu­nen ar­bei­der ak­tivt for å få bygd flei­re hyt­ter.

20–30 hyt­ter i året
Hyt­te­byg­gin­ga har teke seg opp att. Eg rek­nar med at det blir bygd 20–30 hyt­ter i året i Vang, sei­er El­tun, som vi­ser til at kom­mu­nen i til­legg til Rau­da­len har sto­re om­rå­de på Grindafjell, Fi­le­fjell og Tyin-Eids­bu­gar­den og at det er re­gu­lert for flei­re hund­re.

– Vi er inne i mark­na­den med eit sym­pa­tisk pris­bil­de sam­ti­dig som vi kan mel­de til hyt­te­kun­da­ne våre at hos oss blir dei ikkje be­las­ta med el­ler hyt­te­skatt, som no blir til­fel­let i Øyst­re Slid­re, sei­er sals­an­svar­leg i destinasjonskirurgene, Tone Gre­ni.

Har selt 11 tom­ter og hyt­ter
Rau­da­len Resort, som blir mark­nads­ført un­der Bei­to­stø­len-pa­ra­pl­yen, blir der­med einaste taxfri-om­rå­det rundt Bei­to­stø­len.

– 11 tom­ter og hyt­ter er selde, 19 tom­ter er le­di­ge pr. i dag, og in­te­res­sa i mark­na­den er god. Mens tomteprisane i om­rå­da ovan­for Bei­to­stø­len ligg rundt 1,5 mil­li­o­nar kroner og opp­over, får du ny hyt­te i Rau­da­len for pri­ser frå 2,090 millionar kroner for fiks fer­dig pak­ke. Det vil seia tomt, grunn­ar­beid, grunn­mur og nøk­kel­fer­dig hyt­te med kjøk­ken- og ba­de­roms­inn­rei­ing, sei­er To­ner Gre­ni.

Sju hyt­ter til jul
Det er hit­til flytt inn folk i fire hyt­ter, tre er inn­flyt­tings­kla­re til jul, og så blir ytterlegare fire nye hyt­ter fer­di­ge i lø­pet av vå­ren.




Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din publiseres ikke.


*


ten − 2 =